Bakepulver

Bakepulver i rein form er lite farleg å smake på. Inntak av større mengder med pulver kan likevel føre til forgifting.

Blank skål med bakepulver, plassert på ei trefjøl. Søl av kvitt pulver framfor skåla.

Å smake på litt bakepulver er ikkje farleg. Gi gjerne litt drikke etter slike uhell.

Kva er bakepulver?

Bakepulver er ei blanding av natriumhydrogenkarbonat (NaHCO3), sure forbindelsar og stivelse.

Symptom etter uhell med bakepulver

Inntak av bakepulver

For eit barn er inntak av inntil 1 teskei bakepulver ufarleg. Dette gjeld også dei minste barna.

Større mengder bakepulver kan gi:

  • Kvalme, oppkast og generell slappheit.
  • Svært store inntak kan gi alvorleg forgifting. Dette skjer sjeldan.

Bakepulver i auge

  • Forbigåande svie, rennande auge og ubehag.

Bakepulver i luftvegane

  • Hoste, luftvegsplager.

Bakepulver på hud

  • Kortvarig søl på hud er ikkje forventa å gi symptom, eventuell lett irritasjon.
  • Langvarig hudeksponering, til dømes på sår hud eller brannskada hud, aukar faren for opptak. Unngå derfor bruk på skada hud, spesielt hos små barn.

Førstehjelp ved uhell med bakepulver

Inntak av bakepulver

  • Gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom eit barn har fått i seg meir enn 1 teskei bakepulver.
  • Kontakt lege eller Giftinformasjonen ved kraftige eller langvarige symptom.

Bakepulver i auge

  • Skyl med vatn i nokre minutt.
  • Kontakt lege dersom symptoma varer ved.

Bakepulver i luftvegane

  • Kontakt lege dersom symptoma frå luftvegane varar ved, utover lett og forbigåande irritasjonshoste.

Bakepulver på hud

  • Skyl hud med vatn.
  • Ved langvarig hudkontakt hos spedbarn, kontakt lege eller Giftinformasjonen.

Gjentekne høge inntak over tid

  • Kontakt lege ved symptom. Dette gjeld både barn og vaksne.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Bakepulver. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 10. oktober 2024 [henta torsdag 24. oktober 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/mat-og-drikke/bakepulver/

Sist oppdatert torsdag 10. oktober 2024