Caladium-artar

Caladium-artar (Caladium spp.) er plantar med irriterande plantesaft. Det er ikkje farleg å ha smakt litt på planten, sjølv om barnet kan oppleve noko ubehag frå munn og mage. Gi drikke og sjå an situasjonen.

Hvite blader med grønne bladårer.

Caladium kan likne Alocasia av utsjånad.

Symptom ved forgifting med caladium

Caladium-artar inneheld uløyselege kalsiumoksalat-krystall. Ved tygging plantedelar frå caladium kan barnet oppleve irritasjon og ubehag leppe, tunge, i munnhòle og i svelg. 

Dersom barnet ditt har smakt ein caladium-plante, kan følgjande symptom oppstå: 

  • vondt i munn, tunge og svelg 
  • auka sikling og spyttproduksjon 
  • kvalme og oppkast
  • diaré 

Førstehjelp ved forgifting med caladium

Ved inntak av plantedelar:

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen. 
  • Gi litt drikke. 
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete mykje plantemateriale. 
  • Kontakt lege for vurdering ved langvarige eller kraftige symptom. 

Ved søl av plantesaft på auget:

  • Skyl auget med lunka, rennande vatn i fleire minutt. 
  • Kontakt lege ved kraftige eller vedvarande symptom.

Skildring av caladium

Caladium-artar er stoveplantar, som til dømes droplerot (Caladium bicolor). Dette er bladplantar som liknaralocasia, men kan vere kvite, grøne, rosa eller sølvfarga. 

Grønne blader med rosa flekkmønster.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Caladium-artar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 14. august 2023 [henta torsdag 13. juni 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/caladium/

Sist oppdatert måndag 14. august 2023