Symptom ved forgiftning med freesia
Planta er lite farleg, og vi forventar ikkje symptom ved ein liten smak.
Førstehjelp ved uhell med freesia
- Fjern eventuelle planterestar fra munn
- Gi litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen
Skildring av freesia
Freesia er ei slekt med 20 artar opprinneleg frå Sør-Afrika. I Noreg dyrkast den stort sett berre i drivhus og drivbenkar.
Freesia er ein populær snittblom med lang stilk og lange, smale blad. Blomane er velluktande, 3–4 cm store og avsmala til eit trangt rør nedtil. Blomane dyrkast ofte som hybridar med varierande fargar.

Illustrasjon: Iordache Magdalena / Mostphotos