Husfred

Husfred (Soleirolia soleirolii) er ei plante i neslefamilien. Planta er lite farleg, og vi forventar ikkje symptom etter ein liten smak.

Liten teppedannende plante med ovale, grønne blad

Symptom ved forgifting med husfred

Husfred er ufarleg, og vi forventar ikkje symptom etter ein liten smak.

Førstehjelp ved uhell med husfred

  • Fjern planterestar frå munnen.
  • Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av husfred

Husfred er ei fleirårig urt i neslefamilien. Planta er lita og teppedannande med ovale, 3 til 4 mm lange, grøne blad. Husfred er ei vanlig stoveplante i Noreg, men kjem opprinneleg frå områda rundt Middelhavet.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Husfred. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 29. august 2024 [henta torsdag 24. oktober 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/husfred/

Sist oppdatert torsdag 29. august 2024