Krokus

Krokus (Crocus) er lite farlege plantar og vi forventar ikkje symptom ved ein liten smak.

Blomster i lilla, kvitt og gult med linjeforma blader som har ein kvit midtstripe og blomstrar direkte frå knollen med eit langt blomsterrør og seks like blomsterblad.

Førstehjelp ved uhell med krokus

​Gje gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehagelig smak frå munnen.

Skildring av krokus

​Krokus er ei slekt i sverdliljefamilien beståande av mange artar, og er innførte prydplanter. Dei er løkplantar med linjeforma blad med ei kvit midtstripe. Krokus blomstrar direkte frå knollen med eit langt blomsterrør og seks like blomsterblad. Dei fleste artane blømer tidlig om våren.

Krokus kan forvekslast med tidløs, som er ei svært giftig plante. Tidløs blømer som oftast om hausten og kan skiljast frå krokus på antall støvberara. Tidløs har 6 støvberara, til forskjell frå krokus som har 3 støvberara.