Tidløs med små lilla blomster på kort stilk , voksende i mørk jord

Tidlaus er ei giftig plante, som liknar mykje på krokus. I motsetning til krokus blomstrar derimot tidlaus om hausten. Om våren kan blada forvekslast med ramslauk, noko som kan gi svært alvorleg forgifting.

Symptom ved forgifting med tidløs

Heile planta inneheld giftstoff. Dersom barnet ditt smaker tidløs, kan det : 

  • vondt i magen 
  • kvalme 
  • oppkast 
  • diaré 

Ved større inntak kan andre og meir alvorlege symptom oppstå.

Førstehjelp ved forgifting med tidløs

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen til barnet. 
  • Gi litt drikke. 
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har smakt på tidløs. 
  • Ved større inntak eller alvorlege symptom, ring 113.

Skildring av tidløs

Tidløs er ei hageplante som liknar på krokus. Planta blir 1520 cm høg, og blomane veks på ein forholdsvis kort stilk som går rett over i blomen. 

Blada som kjem om våren, visnar ned att. Blomane kjem som oftast om hausten. Tidløs kan skiljast frå krokus kor mange støvberarar planta har. Krokus har 3 og tidløs har 6 støvberarar. 

Lyse lilla  eller rosa blomsterblader på en forholdsvis kort stilk som går rett over i blomsten.

Kontakt Giftinformasjonen om uhellet er ute

22 59 13 00

Døgnopen telefon.

Ved alvorlige symptom ring:

113

For helsepersonell

Tilrådingar for behandling av akutte forgiftingar, utarbeidde av Giftinformasjonen. 

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Tidløs er svært giftig. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 18. mai 2026 [henta onsdag 20. mai 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/tidlos/

Sist oppdatert 18. mai 2026

Fann du det du lette etter?