Potentilla
Potentilla (Potentilla fruticosa), også kalla buskmure, er ei lite farleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Illustrasjon: Giftinformasjonen
Førstehjelp ved uhell med potentilla
- Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
- Ved større inntak kan du kontakte Giftinformasjonen (22 59 13 00) for rettleiing og vidare oppfølging.
Skildring av potentilla
Potentilla er ein vanleg og lettstelt hagebusk. Blomane varierer i farge og er gjerne gule, kvite eller rosa.

Illustrasjon: Giftinformasjonen

Illustrasjon: Giftinformasjonen