Potentilla

Potentilla (Potentilla fruticosa), også kalla buskmure, er ei ufarleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Små, grønne blader med enkle gule kronblader.

Førstehjelp ved uhell med potentilla

  • Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen
  • Ved større inntak kan du kontakte Giftinformasjonen for rettleiing og vidare oppfølging

Skildring av potentilla

Potentilla er ein vanleg og lettstelt hagebusk. Blomane varierer i farge og er gjerne gule, kvite eller rosa.

Små, grønne blader med enkle hvite kronblader.

Små, grønne blader med enkle rosa kronblader.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Potentilla. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 11. oktober 2024 [henta fredag 8. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/potentilla/

Sist oppdatert fredag 11. oktober 2024