Tidlaus er svært giftig

Tidlaus (Colchicum autumnale) er ein svært giftig plante. Kontakt Giftinformasjonen dersom nokon har smakt på tidlaus. Ved alvorlege symptom, ring 113.

Tidløs med små lilla blomster på kort stilk , voksende i mørk jord

Tidlaus er ein giftig plante, som liknar mykje på krokus. I motsetning til krokus blomstrar derimot tidlaus om hausten. Om våren kan blada forvekslast med ramslauk, noko som kan gi svært alvorleg forgifting.

Symptom ved forgifting med tidlaus

Heile planten inneheld giftstoff. Dersom barnet ditt smaker tidlaus, kan det : 

  • vondt i magen 
  • kvalme 
  • oppkast 
  • diaré 

Ved større inntak kan andre og meir alvorlege symptom oppstå.

Førstehjelp ved forgifting med tidlaus

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen til barnet. 
  • Gi litt drikke. 
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har smakt på tidlaus. 
  • Ved større inntak eller alvorlege symptom, ring 113.

Skildring av tidlaus

Tidlaus er ein hageplante som liknar på krokus. Planten blir 1520 cm høg, og blomstrane veks på ein forholdsvis kort stilk som går rett over i blomsteren. 

Blada som kjem om våren, visnar ned igjen. Blomstrane kjem som oftast om hausten. Tidlaus kan skiljast frå krokus kor mange støvberarar planten har. Krokus har 3 og tidlaus har 6 støvberarar. 

Lyse lilla  eller rosa blomsterblader på en forholdsvis kort stilk som går rett over i blomsten.

Kontakt Giftinformasjonen om uhellet er ute

22 59 13 00

Døgnopen telefon.

Ved alvorlige symptom ring:

113

For helsepersonell

Tilrådingar for behandling av akutte forgiftingar, utarbeidde av Giftinformasjonen. 

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Tidlaus er svært giftig. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 4. januar 2024 [henta laurdag 20. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/tidlos/

Sist oppdatert torsdag 4. januar 2024