Flytande såpe til hud
Flytande såpe til hud, som dusjsåpe og handsåpe, er lite farleg å få i seg. Produkta inneheld stort sett mildt irriterande stoff som blir kalla tensid.
Dersom nokon har svelgt dusjsåpe eller handsåpe
- Dersom nokon har svelgt dusjsåpe eller handsåpe, skal du gi litt å drikke.
- Ved lette og kortvarige symptom frå mage og tarm etter dusjsåpe eller handsåpe kan du sjå an situasjonen heime.
- Kontakt lege dersom personen får kraftige eller vedvarande luftvegssymptom etter å ha svelgt dusjsåpe eller handsåpe.
Følg med på om personen hostar. Hoste kan tyde på at såpe eller skum har kome over i luftvegane.
Kva symptom kan flytande såpe gi?
Sjølv små mengder flytande såpe kan gi milde symptom frå mage og tarm, som:
- kvalme
- brekningar eller oppkast
- diaré
Symptoma er ofte milde, lite farlege og går over av seg sjølve. Hoste kan tyde på at såpe eller skum har kome over i luftvegane.
Dersom du har fått dusjsåpe eller handsåpe i auget
- Dersom du har fått dusjsåpe eller handsåpe i auget, skal du straks skylje auget med rennande, lunka vatn i nokre minutt.
- Kontakt lege dersom du framleis har ubehag i auget to timar etter at du avslutta skyljinga av den flytande såpa.
Fast såpe
Fast såpe eller såpestykke er lite farleg ved små inntak. Fast såpe inneheld hovudsakleg såpestoff og tensid. Barn som smakar på litt fast såpe, får vanlegvis ingen eller berre lette symptom og kan sjå an situasjonen heime.
Dersom nokon har svelgt fast såpe
- Dersom nokon har svelgt fast såpe, skal du fjerne såperestar frå munnen. Bruk gjerne ein tannbørste for å fjerne restar frå tennene.
- Dersom nokon har svelgt fast såpe, skal du skylje munnen dersom det er mogleg, og gi litt å drikke.
- Dersom eit barn berre har smakt på litt fast såpe og har ingen eller berre lette symptom, kan du sjå an situasjonen heime.
- Kontakt lege dersom personen får kraftige eller vedvarande symptom etter å ha svelgt fast såpe.
Dersom nokon har ete meir enn ein sukkerbit med fast såpe
- Dersom nokon har ete meir fast såpe enn det som svarar til ein sukkerbit, kan dei få kraftigare symptom.
- Følg med på personen dersom nokon har ete meir fast såpe enn det som svarar til ein sukkerbit. Kontakt lege dersom personen får kraftige eller vedvarande symptom.
Kva symptom kan fast såpe gi?
Fast såpe verkar mildt irriterande på slimhinnene. Etter svelging kan fast såpe gi:
- kvalme
- brekningar
- diaré
Eldre personar og personar med demens
Eldre personar og personar med demens kan få kraftigare symptom av fast såpe enn barn. Ei mogleg årsak er at såpa blir liggjande lenger i munnen og i kontakt med slimhinnene.
- Kontakt lege dersom ein eldre person eller ein person med demens får meir enn lette symptom etter å ha hatt fast såpe i munnen eller svelgt såpe.
