Myggmiddel er stort sett lite farlege å smake på

Myggmiddel generelt er stort sett lite farleg å smake på. Nokre verkestoff i enkelte myggmiddel kan føre til forgifting. Det gjeld for eksempel myggmiddel med eteriske oljar, dietyltoluamid (DEET), pyretrin og pyretroid.

Påtent, grønn myggspiral liggende i et hvitt fat. Grå røyk siver opp fra spiralen.

Inntak av inntil 1 myggspiral til barn er lite farleg, og ein kan sjå dette an heime.

Ved behov, kontakt Giftinformasjonen på telefon 22 59 13 00 for råd om vidare oppfølging. Ved alvorlege symptom, ring 113.​

Myggmiddel med eteriske oljar

​Eteriske oljar som sitronelle-, eukalyptus-, kamfer- og peparmynteolje verkar fråstøytande på mygg og blir derfor nytta mellom anna i myggoljar og mygglys.

Eteriske oljar er giftige. Kor giftige dei eteriske oljane er, varierer etter typen olje.

Symptom

Svelging:

Sjølv ein liten slurk av dei giftigaste eteriske oljane kan føre til forgifting. Alt frå kvalme, oppkast og magesmerter, til bevisstløyse og krampar kan oppstå.

Kamfer- og eukalyptusolje er blant dei mest giftige eteriske oljane, mens sitronelleolje er lite farleg.

Hud og auge:

Irritasjon på auge og hud

Behandling

Svelging:

  • Gi noko å drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) for råd om vidare oppfølging.
  • Ring 113 ved alvorlege/livstruande symptom.

Auge:

  • Skyl i 15 min.
  • Kontakt lege dersom symptoma varer ved.

Myggmiddel med DEET (dietyltoluamid)

​Dietyltoluamid (DEET) blir nytta i mange myggmiddel. Dersom ein brukar myggmidla rett, er det liten fare for forgifting. Overdriven bruk, for eksempel dersom ein smørjer inn heile kroppen eller svelger myggmiddel, kan derimot føre til forgifting.

Symptom

Symptoma ved ei alvorleg forgifting kjem vanlegvis raskt, innan ½ til 1 time.

  • Magesmerter, kvalme og oppkast
  • Lågt blodtrykk og langsam puls
  • Rastløyse, irritabilitet, ustøe
  • I alvorlege tilfelle krampar, koma, (død)

Søl i auga:

  • raudheit
  • svie og smerte
  • rennande auge

Innanding:

  • hoste
  • tungpustenheit

Behandling

Svelging:

Ein smak av eit myggmiddel med <20 % DEET til eit barn gir sjeldan forgifting. Kontakt Giftinformasjonen ved høgare konsentrasjonar eller større mengder.

  • Gi barnet noko å drikke.
  • Ikkje framkall oppkast.
  • Ring 113 ved alvorlege symptom.

Hud – overdriven bruk:

  • Vask huda grundig med såpe og vatn.

Spedbarn er særleg utsette for forgiftingar, og ein bør kontakte lege dersom myggmiddelet er brukt over store hudområde.

​Auge:

  • Skyl godt med lunke vatn i 15 minutt.
  • Kontakt lege dersom symptoma varer ved.

​Innanding:

  • Frisk luft og kvile
  • Kontakt lege ved symptom (f.eks. hoste eller tungpustenheit).

​Kor giftig er DEET?

DEET kan takast opp i kroppen både gjennom huda og ved at ein svelger det. Spedbarn har ei stor kroppsoverflate i høve til vekt og er meir utsette for forgifting ved eksponering på hud enn større barn og vaksne.

Ved rett bruk av myggmiddel er det liten fare for forgifting. Overdriven bruk, for eksempel at ein smørjer inn heile kroppen, eller høgare konsentrasjonar av DEET i produktet, kan derimot gi forgiftingssymptom. Ein skal i minst mogleg grad bruke myggmiddel direkte på huda til barn under 3 år, og elles berre på avgrensa hudområde i korte periodar.

Myggmiddel med pyretrin eller pyretroid

Kor giftige er myggmiddel med pyretrin og pyretroid?

Pyretrin og pyretroid er giftige, men mengda i produkta er ofte så lita at det sjeldan gir alvorleg forgifting. Ta kontakt med Giftinformasjonen for råd dersom nokon har svelgt myggmiddel med pyretroid og pyretrin. Ring 113 ved alvorlege symptom.

Symptom

Symptoma kjem som regel innan 1 time dersom ein svelger myggmiddelet.

  • Magesmerter
  • Oppkast
  • Diaré er vanleg.
  • Ved inntak av større mengder kan bevisstløyse og krampar utvikle seg raskt

Behandling

Dersom eit barn har smakt på ein myggpinne som inneheld pyretrin eller pyretroid, reknar ein ikkje med at det oppstår symptom. Behandling er som regel ikkje nødvendig, men ein kan gi litt drikke.

Er det svelgt større mengder, må ein kontakte Giftinformasjonen for råd om vidare oppfølging, eller kontakte lege. Ring 113 ved alvorlege symptom.

Myggspiralar og myggpinnar

Myggspiralar og myggpinnar er faste produkt som skal tennast på. Røyken som dannar seg, verkar fråstøytande (repellerande) på mygg/insekt.

Inntak av inntil 1 myggspiral til barn er lite farleg, og ein kan sjå dette an heime. Det kan eventuelt gi nokre magesymptom. Gi barnet litt drikke.

Giftinformasjonen er tilgjengelig ved behov

22 59 13 00

Døgnåpen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Myggmiddel er stort sett lite farlege å smake på. [Internett]. Oslo: Direktoratet for e-helse; oppdatert torsdag 15. april 2021 [henta laurdag 2. desember 2023]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/produkter-og-kjemikalier/myggmidler/

Sist oppdatert torsdag 15. april 2021