Stearin

Stearin frå kubbelys eller telys er ikkje farleg å smake på.

Stearinlys er ikkje farleg å smake på.

Illustrasjon: Andrii Medvediuk / Mostphotos.com

Stearin i stearinlys er ikkje giftig ved ein liten smak, og det blir ikkje tatt opp i kroppen. Dette gjeld òg farga stearinlys. Dersom barnet ditt har ete stearin, treng du ikkje ågjere noko, men tilby gjerne litt drikke slik at restar blir skylte bort frå munnen. 

Ved større inntak kan feittstoffa i stearinen gi lette og forbigåande symptom frå magen, for eksempel diaré.