Giftinformasjonen er tilgjengelig ved behov
22 59 13 00Døgnåpen telefon
Fargestiftar, vatnfargar, krit og fingermåling for barn er ufarlege. Farge som ikkje går bort med vatn, kan slitast bort av seg sjølv og er ikkje farleg.
Illustrasjon: Nataliia Zhekova / Mostphotos.com
Fargestiftar til barn er ikkje giftige.
Ved svelging av bitar av fargeblyantar ventar vi ikkje forgiftingar. Dersom bitane er store, kan barnet setje dei fast i halsen. Kontakt eventuelt lege for råd.
Fingermåling til barn er ikkje farleg å smake på. Farge som blir sittande att på fingrar og hud, og som ikkje går bort med vatn, kan slitast bort på naturleg vis og er ikkje farleg.
Fargekrit, skulekrit og krit til barn er ufarlege. Ved store inntak kan lette, forbigåande symptom frå magen oppstå. Gi gjerne litt drikke.
Vatnfargar til bruk av barn er ufarlege å smake på.
Døgnåpen telefon