Skrivesaker

Tusjar, pennar og skrivesaker er lite farleg ved små uhell. Gje barnet litt drikke, og sjå an heime.

Det er ikkje farleg å smake på tuppen av ein tusj eller penn.

Fingermåling 

Fingermåling til barn er ikkje farleg å smake på. Farge som blir sittande att på fingrar og hud, og som ikkje går bort med vatn, kan slitast bort på naturleg vis og er ikkje farleg. 

Krit 

Fargekrit, skulekrit og krit til barn er ufarlege. Ved store inntak kan lette, forbigåande symptom frå magen oppstå. Gi gjerne litt drikke. 

Vatnfargar til barn 

Vatnfargar til bruk av barn er ufarlege å smake på. 

Blyant 

Blyantar er ufarlege å smake på. Blyantar inneheld ein grafittstift, og inneheld ikkje bly.

Tusj 

Å smake litt på ein tusj er ikkje farleg. Ved andre uhell kontakt Giftinformasjonen. Gi barnet litt drikke før du ringer.

Kulepenn 

Kulepennar inneheld blekk i små mengder. Mengda blekk i éin penn er så liten at det ikkje gir fare for forgifting. 

Markørpenn 

Det er liten fare for forgifting viss eit barn ved eit uhell syg på ein markørpenn. Viss pennen har opna seg, og barnet har drukke innhaldet, bør du kontakte Giftinformasjonen for vurdering. Gi barnet litt drikke før du ringer. 

Sprittusj 

Det er ikkje farleg at eit barn ved eit uhell syg på tuppen av ein sprittusj. Svelging av innhaldet frå ein stor tusj, kan gi symptom. Kontakt Giftinformasjonen for vurdering av situasjonen. Gi barnet litt drikke før du ringer.  

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Skrivesaker. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 27. november 2024 [henta onsdag 11. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/produkter-og-kjemikalier/tusjer-penner-og-skrivemateriell/

Sist oppdatert onsdag 27. november 2024