Å vere mor eller far
Fokuser på det du får til
Omsorga for barn kan til tider vere utfordrande, spesielt om du har mykje plager frå den revmatiske sjukdomen din. Dette kan til dømes vere leddsmerter, stivleik eller nedsett allmenntilstand. Nokon kan oppleve det frustrerande med ei svingande dagsform og trøyttleik.
Ein del trer òg inn i ei forverring av sjukdomen det første halvåret etter fødselen. Då er det viktig å hugse at for dei aller fleste er dette ei mellombels forverring som vil gå over i løpet av det første året.
Ved å fokusere på dei moglegheitene du har, i staden for på det som ikkje er mogleg, kan kvardagen bli lettare. Om du på grunn av smerter ikkje klarar å bevege deg like hurtig, eller vere med på like mykje fysisk aktivitet som andre, er det mange andre ting du kan gjere saman med barna dine som veg opp for dette. Til dømes bygge lego, teikne, puslespel, lese bøker, spele spel eller bake og lage mat.
Barna får meistringskjensle
Kronisk sjukdom hos ein av foreldra vil påverke barna, men dersom de som foreldre taklar utfordringane på ein føremålstenleg måte, kan dette styrke barnet sine eigne ressursar. Ei fin utfordring for barna kan være å få moglegheita til å hjelpe til heime, med eigen påkledning og andre gjeremål.
Mange foreldre med revmatisk sjukdom er likevel bekymra for om dei pålegg barna for mykje ansvar. Undersøkingar viser derimot at barn, der ein av foreldra er revmatisk sjuk, blir ansvarsfulle, sjølvstendige og at dei blir vande til å ta omsyn til andre. Barna venner seg tidleg til kva dei må gjere sjølv, og det gir dei ei god meistringskjensle.
Trass i dei utfordringane som kan møte foreldre med ein revmatisk sjukdom, er tilbakemeldingane frå dei aller fleste at det å bli foreldre er det flottaste som har hendt dei, og at dei ikkje har ønskt å vere det forutan.
Praktiske råd til foreldre med revmatisk sykdom
Har du leddgikt eller annen revmatisk sykdom og fått barn, bør du bruke hjelpemidler som gjør hverdagen enklere. Her finner du praktiske råd.
Samliv
I ein travel kvardag med omsorg for barn, husarbeid, fritidsaktivitetar og kanskje yrkesliv, kan det i periodar vere lett å gløyme at de var eit kjærastpar før de blei foreldre.
For mange er auka sjukdomsaktivitet ei ekstra belastning på forholdet. Kroniske smerter, vonde ledd og ei stadig kjensle av å vere trøytt kan verke nedbrytande på krefter og humør. I periodar der berøring og famntak medfører smerte, kan seksuallivet vanskeleg opplevast som positivt. Få nybakte foreldre, med eller utan ein revmatisk sjukdom, føler at det seksuelle samlivet fungerer spontant og lystfullt.
Gode råd for å ivareta seksuallivet
Å vise at ein bryr seg om kvarandre kan uttrykkast på fleire måtar. Det å vere saman seksuelt treng ikkje alltid å ende opp med sex. Ømme kjærteikn, lett massasje, kyss og klem kan stundom vere nok. Det viktigaste er at de prøver å finne tid til å prioritere kvarandre.
Nokon råd er å
- ta ein smertestillande tablett ein liten time før du skal ha sex
- ta eit varmt bad som mjukar opp ledd og lindrar smerter, åleine eller saman med partnaren din
- vurdere å ha sex på dagtid når de er meir opplagde
- planlegge når de skal ha sex, det kan gjere det lette å finne tid til det
Det er viktig å hugse på at seksualiteten òg blir påverka av andre ting, som stress og ulike livsfasar som til dømes småbarnstid eller overgangsalder. Enten du er frisk eller kronisk sjuk, er det derfor heilt naturleg med variasjonar i seksuell lyst, oppleving av kor attraktiv du kjenner deg og kor tilfreds du er med seksuallivet.
Å vere partnar til ein med revmatisk sjukdom
Når ein i familien har ein kronisk sjukdom, påverkar det heile familien. Partnaren til ein med revmatisk sjukdom kjenner ikkje symptoma på kroppen, men vil bli ramma kjenslemessig med blant anna bekymringar og uvisse.
Ofte blir det rolleendringar i samlivet som kan vere utfordrande å takle. Mange av dei draumane og planane de har hatt for samlivet må kanskje endrast på.
Ofte kan det å oppleve at den du er glad i er sjuk, vere like smertefullt som å ha sjukdomen sjølv. Mange føler at det ikkje er like lett å ivareta eigne behov når ein må ta omsyn til ein partnar som er kronisk sjuk.
God kommunikasjon er viktig
Som partnar er det ofte vanskeleg å vite korleis du skal hjelpe og når du skal bidra. Her er kommunikasjon eit viktig stikkord. Det er viktig å skape eit rom der begge partar kan kome til orde, slik at dykk i fellesskap kan finne ut kva forventningar de har til kvarandre og til parforholdet.
Som partnar kan det vere vanskeleg å forstå korleis sjukdomen kan svinge mellom gode og dårlege periodar på ein uføreseieleg måte, men informasjon og tett dialog kan vere til god hjelp.