Gå gjennom kva medisinar du brukar
Somme medisinar må du slutte å ta i god tid før du prøver å bli gravid, medan andre medisinar er det viktig at du held fram med gjennom graviditeten. Før du blir gravid er det derfor viktig å gå gjennom kva medisinar du brukar i saman med lege.
Medisinbruk i svangerskapet utgjer ei spesiell utfordring fordi det må takast omsyn til både fosteret og deg. Bruk av medisinar kan vere heilt nødvendig for helsa til både deg og det ufødde barnet, men nokre legemiddel kan òg vere direkte eller indirekte fosterskadelege.
Nettopp derfor er det viktig å planlegge svangerskapet og ha ein gjennomgang av medisinbruk før ein blir gravid. Målet er å gi den gravide god behandling utan at fosteret blir uheldig påverka.
Medisinar og fertilitet
Det er få medisinar brukt ved revmatisk sjukdom som påverkar fertiliteten.
Metotreksat
Om du har brukt metotreksat tidlegare, vil ikkje dette påverke evna di til å få barn. Du bør avlslutte bruken av metotreksat tre månadar før du planlegg å bli gravid. Dette fordi bruk av metotreksat medan du er gravid gjer ein auka risiko for fosterskade og spontanabort.
Medisinar som dempar betennelse
Dersom du har problem med å bli gravid bør du vere varsam med bruk av vanlege betennelsesdempande medisinar (såkalla NSAIDS). Desse medisinane kan påverke eggløysinga hos nokre kvinner. Det kan gjere det vanskelegare å bli gravid. Effekten er ikkje stor, og dei fleste kvinner som brukar slike legemiddel vil ikkje oppleve nokon problem med å bli gravide.
Syklofosfamid
Syklofosfamid (Sendoxan®) er eit kraftig immundempande medikament som av og til blir brukt ved alvorleg revmatisk sjukdom. Behandling med syklofosfamid kan føre til nedsett evne til å bli gravid. Risikoen for dette er avhengig av kor gammal du er, og kor store dosar du har fått.
Når du begynner å bruke syklofosfamid bør du alltid diskutere framtidig graviditet med legen.
Påverkar den revmatiske sjukdomen fertiliteten?
Fertilitet, altså evna til å bli gravid, påverkast av svært mange faktorar. Nokre studiar har funne at kvinner med revmatiske artrittsjukdomar brukar litt lengre tid på å bli gravide samanlikna med friske kvinner på same alder. Årsaka til dette er samansett og ikkje fullt ut kjent. Om du har ein veldig aktiv sjukdom, vil det sannsynlegvis påverke evna til å bli gravid.
Det er mykje som kan ha ein innverknad:
- fysiske faktorar
- psykiske faktorar
- hormonelle faktorar
- immunologiske faktorar
- medisinske faktorar
Den vanlegaste årsaka til fertilitetsproblem hos kvinner med revmatisk sjukdom er likevel den same som for friske kvinner, nemleg høg alder.
Om du ønsker å bli gravid, bør du snakke med den revmatolog på eit tidleg tidspunkt. Dersom du opplever problem med å bli gravid skal fastlegen tilvise deg til fertilitetsutgreiing. Vanlegvis blir dette gjort etter eitt år med prøving, men hos kvinner med revmatisk sjukdom kan det vere aktuelt å tilvise allereie etter 6 månadar. Dette gjeld særleg dersom det er andre faktorar i tillegg som kan gjere det vanskelegare å bli gravide. Snakk med behandlaren din om dette.