Fuglelopper

Fuglelopper (Ceratophyllus gallinae) er den vanlegaste loppearten som bit menneske. Det er mest vanleg å bli biten om våren, men loppebit om hausten er heller ikkje uvanleg. Det er ikkje farleg å bli biten av fuglelopper.

Fuglelopper biter gjerne i klaser.

Fugleloppa er vengjelaus, flattrykt frå sida, brunsvart av farge og 2-3 mm lang. Legg merke til kammen av omdanna hår i ”nakken” på loppa som ho bruker for å halde seg fast i fjør eller pels hos vertsdyret.

Bit av fuglelopper

Typisk for loppebit:

  • ​Bit frå fuglelopper er vanleg på beina og rundt midja, spesielt i linningar der klede og sokkar strammar.
  • Bitmerka står vanlegvis i grupper eller rekkjer.
  • N​okre får store merke og kraftig kløe over lengre tid, andre merkar lite til bita.​ 

Bit er mest vanleg frå slutten av mars til byrjinga av juni, men mange opplever også bit om hausten frå september til november. Ein finn svært sjeldan loppene på kroppen eller i kleda. 

Det er ikkje farleg å bli biten av fuglelopper, og det er heller ikkje kjent at fuglelopper overfører sjukdom til menneske her i landet. 

Fugleloppa er også den loppa som oftast bit kattar og hundar. 

Behandling av loppebitt

Eventuell kløe kan behandlast med kløestillande middel. Kløen varer sjeldan lenger enn 1–2 veker, men dette varierer frå person til person.

Kvar held fugleloppene til? 

Fuglelopper finst i fuglereir med tørt reirklima som i fuglekassar, i hole trestammar, under takstein og i ventilar i veggen. Dei er vanlege over heile landet i reir til mange ulike fugleartar. Loppene kan også finnast i hønsehus og blir derfor kalla for hønselopper. 

Slik kjenner du att ei fugleloppe

Lopper er små insekt som er sterkt tilpassa eit parasittisk levevis. Hovud, frambryst og andre kroppsledd kan ha kraftige kammar, dvs. rekkjer av omdanna hår, som blir brukte til å halde loppa fast i fjør eller pels hos vertsdyret. Fugleloppa er brunsvart, 2–3 mm lang og sterkt samantrykt frå sidene. Antennene er korte og kan leggjast inn i fordjupingar på hovudet. Lopper har ikkje vengjer. Bakre beinpar er kraftige hoppebein som gjer at loppene kan hoppe opptil 30 cm. Munndelane er korte, tynne sugereiskapar. 

Larvane er gulkvite av farge, opptil 5 mm lange, utan bein og med ein brun hovudkapsel. Larvane har rekkjer med spreidde lange hår langs kroppen. 

Livssyklusen til fugleloppa

Fugleloppa formeirer seg om våren og legg egg i fuglereir. Frå egga blir det klekt larvar. Larvane syg ikkje blod, men livnærer seg på organisk materiale som finst i reiret, bl.a. ekskrementa med ufordøydd blod frå dei vaksne loppene. Larvane forpuppar seg i ein kokong som er spunnen fast i reirmaterialet, og utviklar seg til vaksne lopper i løpet av sommaren eller hausten. Dei vaksne loppene overvintrar inne i kokongen. 

Neste vår, frå mars til juni, kryp loppene ut av kokongen og mot inngangen til reiret. Der står dei klare til å hoppe over på ein ny fugl. 

Fuglelopper er avhengige av å suge blod av ein vertsfugl for å kunne formeire seg. Loppene kan ikkje formeire seg på menneskeblod eller blod frå hund og katt. 

Korleis kjem loppene på menneske, kattar og hundar? 

Loppene som står ved inngangen til reiret, klare til å hoppe over på ein ny fugl, hoppar også mot andre som forstyrrar reirplassen, som menneske, kattar og hundar. Lopper som bommar på fuglen eller dyret vil hamne på bakken under reiret, der dei held fram å vente på eit vertsdyr. Desse loppene kan angripe på beina til menneske, og dei kan feste seg til kattar og hundar og følgje med inn i huset. I bustaden kravlar loppene av dyret og kan angripe menneske. 

Lopper kan også på eiga hand kome inn i hus gjennom ventilar og vindauge frå nærliggjande reir. Dette skjer særleg dersom det ikkje kjem ein ny fugl til reiret, for då vil loppene spreie seg i omgjevnadene. Loppene kan vandre opp og ned trestammar og husveggar. Fuglelopper er spesielt vanlege på hytter på seinvinter og vår, gjerne i påska, når hyttene blir varma opp etter ein kald vinter. I tillegg reagerer loppene på ristingar i bustaden og blir aktive. 

Tiltak for å bli kvitt fuglelopper

Det er mange situasjonar som kan føre til at ein person får fuglelopper på seg, men ein ting er alltid sikkert: Loppene kjem frå eit fuglereir. For å bli kvitt loppene, eller forhindre at dei kjem inn i bustaden frå nærliggjande reir, må ein spore opp og fjerne fuglereir. 

For å redusere risikoen for bit ved fjerning av reir kan ein ta nokre forholdsreglar:

  • Fjern årets nye fuglereir 2–3 veker etter at ungane er flogne, for då er det minst lopper.
  • Fjern reir om vinteren før loppene kjem ut av kokongen og blir aktive.
  • Bruk regntøy og hanskar slik at loppene prellar av og ikkje kryp inn under kleda.
  • Vurder å inaktivere loppene ved å sprøyte insektmiddel eller kuldespray på reirstaden før fjerninga. Hugs at insektmiddel kan ha negative helseeffektar.
  • Ta reiret direkte i ein plastpose. Posen med reir må destruerast slik at loppene blir drepne. 

For å fjerne lopper som alt er inne i huset, er støvsuging av teppe, sengetøy, ventilar osv. effektivt. Lopper i klede og sengetøy kan også fjernast ved å riste tøyet. Sprøyting mot lopper innandørs har ikkje noko føre seg og er dessutan helseskadeleg. Fugleloppa toler ikkje oppvarma innandørsklima i meir enn 1–2 veker. Ho tørkar inn og døyr utan å kunne formeire seg i bustadhus. I uoppvarma hytter derimot overlever ho lenger. 

Dersom ein går ut frå at loppene kjem inn med kjæledyr, kan ein greie gjennom pelsen på desse før ein tek dei med inn. 

Enkelte personar opplever å bli bitne av fuglelopper på hytta om våren kvart einaste år. I slike situasjonar kan insektnett brukast når ein skal sove. 

Andre loppeartar som bit menneske

Til saman 17 loppeartar er registrerte som blodsugarar på menneske i Noreg. Menneskeloppa (Pulex irritans) er rekna som utrydda frå Noreg, men er vanleg sørover i Europa. Ekornloppa (Monopsyllus sciurorum), rotteloppa (Nosopsyllus fasciatus), grevlingloppa (Paraceras melis) og piggsvinloppa (Archaeopsylla erinacei) er alle rapporterte å suge blod frå menneske. 

Katteloppa (Ctenocephalides felis) er svært vanleg på menneske i Europa nord til Danmark, men er forholdsvis sjeldan i Noreg. Auka trafikk med hundar og kattar over landegrensene kan medføre hyppigare infestasjonar med denne arten her til lands (sjå eigen artikkel om kattelopper). 

Meir hos Folkehelseinstituttet

Innhaldet er levert av Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet. Fuglelopper. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 7. juni 2023 [henta laurdag 20. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/helse-og-miljo/insekter-og-skadedyr/fuglelopper/

Sist oppdatert onsdag 7. juni 2023