Veggedyr

Veggedyr stikk vanlegvis menneske om natta, og sug blod på stader som ikkje er dekte av klede.

Veggedyr

Stikka kan vere svært irriterande, og dersom du klør mykje på bita, kan dette føre til sekundærinfeksjonar.

Det er store forskjellar på korleis folk reagerer på veggedyrstikk. Nokon får kraftige, kløande merke, andre får ein liten reaksjon, og nokre får ingen reaksjon i det heile.

Det er også individuell forskjell på kor lang tid det tek frå du blir stukken til reaksjonen kjem, og stikkresponsen kan endre seg over tid.

Det er ikkje kjent at veggedyr overfører sjukdomar til menneske.

Veggedyr i sofa

Veggedyr i sofa

Unngå å få med veggedyr heim etter reise

Veggedyr finst gjerne på stader der det er stor gjennomtrekk av menneske. Når du er på reise, er det derfor lurt å ta ein kikk etter veggedyr på rommet der du overnattar. Undersøk senga og andre gjenstandar nær senga, og sjå etter tomme huder, eggeskal og svarte ekskrementflekkar – i tillegg til veggedyra sjølv.

Den vanlegaste måten å få med veggedyr heim på er via bagasjen. For å redusere risikoen for dette, bør du plassere kofferten langt unna senga på overnattingsstaden, og unngå å pakke ut av han. Dersom bagasjeinnhaldet ligg strødd utover rommet, kan veggedyra gøyme seg i dette. Hald kofferten lukka, bortsett frå når du må ta ut klede og gjenstandar.

Har du mistanke om at bagasjen din inneheld veggedyr, bør han varme- eller kuldebehandlast før du tek han inn heime. Veggedyr kan også spreie seg ved transport av brukte møblar, sengetøy og anna innbu, så for å forsikre deg om at dei er veggedyrfrie, bør du inspisere dei grundig før du tek dei inn i bustaden.

Slik nedkjempar du veggedyr

Nedkjemping av veggedyr er vanskeleg, og du bør få hjelp av ein profesjonell skadedyrnedkjempar.

Innhaldet er levert av Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet. Veggedyr. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 18. mars 2020 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/helse-og-miljo/insekter-og-skadedyr/veggedyr/

Sist oppdatert onsdag 18. mars 2020