Helsetenester i heimen

Helsetenester i heimen er heimesjukepleie og andre former for helsehjelp som du tek mot heime. Helsetenester blir gjevne for at du skal oppnå betre meistring og funksjon, mindre smerte og ubehag, fleire leveår og/eller auka livskvalitet.

Mann får hjelp av terapeut

Døme på kommunale helsetenester du kan få heime er:

  • Heimesjukepleie
  • Psykisk helsehjelp
  • Fysioterapi
  • Ergoterapi
  • Habilitering og rehabilitering

Dersom det er føremålstenleg, kan desse kommunale helsetenestene gjevast utanfor heimen.

Heimesjukepleie og ergoterapi er gratis. Informasjon om eigendel for helseteneste finst her: Betaling for helsetenester – Helsenoreg.

Korleis søkje om helsetenester i heimen

Helsetenester i heimen blir tildelt etter behov. Du sjølv, pårørande eller helsepersonell kan formidle behovet ditt for helsehjelp til kommunen.

Du finn meir informasjon om korleis du søkjer på kommunen sine nettsider eller ved å vende deg til kommunen.

Helsepersonell i kommunen vurderer i samarbeid med deg og eventuelt dine pårørande kva slags tenester og tilbod som er aktuelle. Avgjerda om kva for tenester og tilbod som skal gjevast er det kommunen som tek. Avgjerda blir teken på bakgrunn av ei kunnskapsbasert vurdering.

Kommunen skal gje deg skriftleg tilbakemelding på søknad om helsehjelp i heimen. I tilbakemeldinga skal det stå kva tenester du blir tilbydd og kva du skal få hjelp til. Dersom du får avslag på søknaden din, skal også dette grunngjevast i ei skriftleg tilbakemelding til deg. I svarbrevet frå kommunen skal det gjevast informasjon om korleis du kan klage og klagefristen.

Klage

Dersom du meiner at kommunen ikkje gjev deg den hjelpa du har behov for, kan du klage.

Du sender klagen din til kommunen. Kommunen tek mot klagen din og skal vurdere saka på nytt. Dersom kommunen ikkje endrar avgjerda si, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren gjer så endeleg vedtak om kva hjelp du skal få tilbod om frå kommunen.

Det finst pasient- og brukarombod i alle fylke. Du kan sjølv ta kontakt med pasient- og brukarombodet om du har behov for råd, rettleiing og informasjon om rettar som pasient, brukar eller pårørande eller hjelp med å utforme ein klage.

Helse- og omsorgsdepartementet - lov om kommunale helse- og omsorgstjenester

Justis- og beredskapsdepartementet - behandlingsmåten i forvaltningssaker

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Helsetenester i heimen . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 21. desember 2022 [henta måndag 27. mai 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/hjelpetilbud-i-kommunene/helsetjenester-i-hjemmet/

Sist oppdatert onsdag 21. desember 2022