Fleire kommunale helse- og omsorgstenester brukar Helsenorge. Om du brukar tenester som heimeteneste, fysioterapi, BPA eller psykisk helsehjelp, kan du sjekke om du kan kommunisere med dei på Helsenorge. 

Då kan du

  • sende og få meldingar 
  • sjå avtalane dine
  • avlyse avtalar 
  • få varslar om utførte heimebesøk 

Tilbodet i kommunane varierer. Alle kommunar oppgir kontaktinfo til sine helse- og omsorgstenester på Helsenorge. Stadig fleire kommunar tilbyr òg oversikt over timeavtalar i kommunen, og moglegheit til å sende og få meldingar. 

Du kan logge inn på Helsenorge og gå til Helsekontakter for å sjå kva tenester du kan kontakte i kommunen din. 

Sjå og avbestille avtalar

Du kan sjå avtalar du har med helsetenesta i kommunen på Helsenorge, som til dømes besøk frå heimesjukepleie, time for vaksine eller andre tenester i kommunen.

Logg inn og gå til Timeavtalar for å sjå avtalane. Du kan òg avbestille avtalar eller be om ein ny time. 

Få varsel om utførte heimebesøk 

Du kan velje å få tilsendt varsel når eit heimebesøk er utført. Dette kan òg vere nyttig for pårørande som ønsker å følge med. Les meir om varsel frå Helsenorge.

Ønsker du hjelp frå ein pårørande?

Du kan gi andre fullmakt til å bruke Helsenorge på vegner av deg. Du bestemmer sjølv kva personar du ønsker å gi fullmakt til. Med fullmakt kan din pårørande til dømes bestille timar for deg, sjå når du har avtalar med helsetenesta og få varsel når du har hatt heimebesøk.  

Personane du gir fullmakt til, må vere 18 år eller eldre. Du kan når som helst trekke fullmakta. Les meir om fullmakt.

Sjå video om korleis du kan kommunisere med heimetenesta på Helsenorge 

Kommunale hjemmetjenester på Helsenorge.

Ønsker du å se dette innholdet?

For å spille av denne videoen, trenger vi ditt samtykke.

Innhaldet er levert av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Enkel kontakt med kommunale helse- og omsorgstenester på Helsenorge. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert lørdag 7. februar 2026 [henta lørdag 21. februar 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/hjelpetilbud-i-kommunene/kommunale-tjenester-paa-helsenorge/

Sist oppdatert 7. februar 2026