1. Opne pakka
Opne pakka forsiktig, som vist på bildet.
Her finn du ein rettleiing i korleis du tar på eit kondom. Før du tek den på, må du sjekke datoen på kondompakken. Du skal ikkje bruke kondom som har gått ut på dato.
Illustrasjon: Johnér Bildbyrå AB
Opne pakka forsiktig, som vist på bildet.
Rull kondomet ut cirka ein halv centimeter og klem ut lufta i tuppen av kondomet med to fingrar. Det gjer at det ikkje blir ein luftlomme i kondomet og at sæden samlar seg i tuppen av kondomet.
Rull kondomet nedover penis, når penisen er erigert (stiv).
Kondomet må vere på penis under heile samleiet, for å beskytte mot seksuelt overførbare infeksjonar.
Bruk eit glidemiddel om vaginaen er tørr eller om du har analsex.
Hold rundt kondomet og dra penis ut av vagina/anus medan penis fortsatt er erigert (stiv).
Innhaldet er levert av Folkehelseinstituttet
Sist oppdatert torsdag 17. november 2022