Råd om korona til gravide og ammande

Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla frå gravide og ammande om koronaviruset.

Illustrasjonsbilde av en gravid kvinne

Gravide og korona

Kva veit vi om gravide og koronaviruset?

Førebels er det lite som tyder på at gravide er spesielt utsette for å utvikle alvorleg sjukdom med koronaviruset, sjølv om gravide kan ha auka risiko for alvorlegare sjukdomsforløp av enkelte virusinfeksjonar, som influensa.

I september 2020 vart det publisert ein litteraturgjennomgang av covid-19 og graviditet. Det er vanskeleg å konkludere og samanlikne alle tal, sidan forskjellige land har ulike test- og behandlingsrutinar.

Det er framleis lite som tyder på at gravide er spesielt utsette for å utvikle alvorleg sjukdom og mange vil ikkje få symptom. Dei vanlegaste symptoma hos gravide er hoste og tung pust. Det kan sjå ut som om gravide med symptom har noko større risiko for å trenge behandling på sjukehus, intensivavdeling og i respirator. Det er ikkje dokumentert at covid-19 i svangerskapet aukar risiko for spontanabort, men nokre studiar tyder på at risiko for tidleg fødsel er litt høgare. Det kan også ha si årsak i at nokre land har som rutine å forløyse gravide som har covid-19 med keisarsnitt.

Helsevesenet tek mange forholdsreglar for å redusere smitterisiko og sjukdom slik at dei kan beskytte deg og andre.

Folkehelseinstituttet har også råd til gravide og ammande.

Skal eg ta særskilde forholdsreglar?

Du skal følge dei same råda som resten av befolkninga for å førebygge smitte, som god handhygiene og halde avstand. Les meir om korleis du førebygger smitte.

Dersom nokre av dine næraste har symptom på luftvegsinfeksjon, skal du avgrense samvær.

Som eit føre-var-prinsipp tilrår Statens Arbeidsmiljøinstitutt at arbeid for gravide blir vurdert og tilrettelagt individuelt ved hjelp av såkalla trepartsamtalar mellom gravid, leder og bedriftshelsetjeneste, eller fastlege/jordmor. Dersom du er i risiko for å bli smitta, bør heimekontor bli vurdert.

Les meir om tilrådinga til Statens Arbeidsmiljøinstitutt (stami.no).

Det er tilrådd at alle gravide i 2. og 3. trimester tek sesonginfluensavaksine. Er du i 1. trimester og har risikofaktorar, er også sesonginfluensavaksine tilrådd. Desse tilrådingane gjeld uavhengig av koronavirusinfeksjon.

Kva skal eg gjere dersom eg er gravid og i risikogruppa?

Risikogruppene for alvorleg forløp av covid-19 er dei same for gravide som for andre. Er du gravid og har underliggande sjukdomar som diabetes (her; diabetes oppstått før svangerskapet), hjarte- og karsjukdom og/eller fedme, er risiko for alvorleg forløp av covid-19 høgare. Du bør følge råd for risikogrupper.

Vi tilrår at du drøftar med legen din om det er grunn til å vere ekstra forsiktig og om det er behov for tilrettelegging på arbeidsplassen. Du treng ikkje sjukemelding med mindre det er umogleg å legge til rette arbeidssituasjonen din. Jobbar du som helsepersonell og er gravid, bør du ut frå eit føre var-prinsipp avtale med arbeidsgivaren din at anna helsepersonell så langt det let seg gjere tek prøver av og behandlar personar med sannsynleg, mistenkt eller påvist covid-19.

Vaksine og gravide

Så langt tilseier data om vaksinering av gravide at vaksinene ikkje har uheldig påvirkning på svangerskapsforløpet for verken mor eller fosteret.  Vaksinering blir anbefalt i 2. og 3. trimester med mindre det er risikofaktorar hos mor eller stor smitterisiko som tilseier vaksinasjon i 1. trimester.

18. august 2021: Oppdatert vaksineanbefaling for gravide - FHI

Det er spesielt viktig at gravide som har risiko for å bli alvorleg sjuke på grunn av annan underliggjande sjukdom/ helsetilstand, vaksinerer seg.

Kvinner som planlegg å bli gravide kan vaksinerast. Kvinner som får eller planlegg IVF-behandling kan også få vaksine.

Ammande kan vaksinerast og dei kan fortsette å amme.

Det er ikkje haldepunkt for at koronavaksinene har påverknad på kvinners fruktbarheit. Det har vore rapportert om menstruasjonsforstyrringar etter vaksinering, men foreløpig veit vi ikkje om slike hendingar opptrer oftare etter vaksinering enn normalt.

Les meir om koronavaksine og menstruasjonsforstyrrelser (Legemiddelverket)

Partnar og andre i husstanden din kan redusere risikoen for å smitte deg og det ufødde barnet, ved å la seg vaksinere.

Fullvaksinasjon gir lav risiko for å bli sjuk, men du bør følgje nasjonale og lokale smittevernråd etter at du har blitt vaksinert.

Kan viruset smitte frå meg til barnet før eller under fødsel?

Vi veit ikkje sikkert om koronaviruset kan smitte frå mor til barn før eller under fødsel. Nokre enkelt-studiar kan tyde på at det kan ha skjedd.

Etter fødselen veit vi sikkert at mødre kan smitte det nyfødde barnet sitt. Barn som blir født av mødre med covid-19 og som vart smitta etter fødselen, har hatt milde eller ingen symptom. Du kan vere saman med barnet ditt med mindre du eller barnet er alvorleg sjuke, og du følger dei smittevernrådene som helsepersonell gir deg.

Skal eg følge det vanlege svangerskapsprogrammet mitt?

Du skal følge tilbod om svangerskapskonsultasjonar på helsestasjonen med normal aktivitet. Vi tilrår at du kontaktar jordmor eller fastlege når du oppdagar at du er gravid, og at du følger det vanlege basisprogrammet for svangerskapskontrollar. Les meir om svangerskapskontrollar. Følg avtalar du allereie har med jordmor eller lege, og dersom du er bekymra for deg sjølv eller barnet i magen, tilrår vi at du tek kontakt utanom avtalt tid.

Kva kan eg gjere sjølv?

Du kan optimalisere svangerskapet og redusere risiko for uheldige utfall ved å avstå frå alkohol, tobakk og andre rusmiddel. Brukar du legemiddel, bør du rådføre deg med fastlegen din. Det er ein fordel å starte med folat (folsyre) så tidleg som mogleg og aller helst når du planlegg å bli gravid. Det kan også vere behov for andre tilskot av vitamin og mineral, som D-vitamin, jod og omega-3-feittsyrer. Du finn meir informasjon om kosthald for gravide her.

Kva skal eg gjere dersom eg trur eg er smitta eller kjenner meg sjuk?

Har du symptom på luftvegsinfeksjon, mistanke om at du er smitta av koronavirus, eller har vore i nær kontakt med påvist smitta personar, er det viktig at du kontaktar helsetenesta i forkant av avtalte kontrollar for å avklare korleis kontrollane kan gjennomførast. Dei vanlegaste symptoma på covid-19 hos gravide er hoste og tung pust. Det kan sjå ut som om feber og andre moderate symptom ikkje er like vanlege hos gravide som ikkje-gravide.

Er det trygt for gravide å bruke munnbind?

Bruk av munnbind kan opplevast ukomfortabelt, men riktig bruk av munnbind skal ikkje hindre oksygenopptak. Det finst ikkje noko indikasjon på at bruk av munnbind gir ein risiko for gravide eller for fosteret. Når du bruker munnbind, er det viktig at det sitter riktig på, slik at du kan puste normalt.

Fødsel og korona

Kva skjer når eg skal føde?

Dersom du ikkje er sjuk eller smitta, blir fødselen planlagd som normalt.

Dersom du får påvist koronavirus like før eller under fødsel, vil du få eige rom, personalet vil bruke beskyttelsesutstyr og det kan vere aktuelt at også du brukar munnbind. Du kan vere saman med barnet ditt etter fødselen dersom du ikkje er alvorleg sjuk, eller barnet ditt ikkje er svært prematurt eller sjukt. Føde- og nyføddavdelingane i Noreg er førebudde på å handtere både deg og barnet ditt og har utarbeidd gode rutinar for korleis dei best kan hjelpe deg.

Kan eg få besøk av familie og venner på sjukehuset?

Det skal så langt som mogleg leggast til rette for besøk på sjukehus, men så lenge det er ein covid-19-pandemi vil det vere restriksjonar på besøk til mor og barn.

Sjukehuset vurderer dei fødande sine behov for besøk opp mot risiko for smittespreiing, risiko for alvorleg forløp av covid-19 hos den enkelte, lokal smittesituasjon og institusjonen sin kapasitet til å gjennomføre besøk. Alle besøk skal gjennomførast i tråd med nasjonale smitteverntilrådingar.

Personar som har vore utanfor Noreg, kan ikkje besøke sjukehus før det har gått 10 dagar. Dette gjeld også om vedkommande har besøkt gule land. Dersom du som er gravid er i reisekarantene og har akutte behov for helsehjelp, skal du ringe fødeavdelinga med ein gong. Du skal opplyse om at du er i karantene etter utanlandsreise. 

Sjukehuset har ansvar for å redusere risiko for deg, barnet ditt og for andre fødande, nyfødde og for personell som treng å vere på jobb. Gå inn på sjukehuset sine heimesider og les informasjonen der.

Kan eg ha med følge?

Det er viktig at du får ha med partnar eller ein nær pårørande før, under og etter fødselen. Tilsette på sjukehuset gjer alt dei kan for å møte dei behova du har. Samstundes må dei overhalde smittevernreglane, og sikre forsvarleg drift. For nokon kan det vere aktuelt å teste seg i forkant. Ta kontakt med fødestedet ditt for råd og rettleiing. 

Amming og korona

Kva veit vi om amming og koronaviruset?

Sjølv om du er smitta eller sjuk av koronavirus (covid-19-infeksjon), tilrår vi at du ammar barnet ditt eller at det på anna måte får morsmjølk. Det er ikkje påvist smitte via morsmjølk. Det er rapportert om relativt få spedbarn med dokumentert koronasmitte. Dei som har vore smitta, har hatt mild sjukdom.

Kan viruset smitte frå mor til barn ved amming?

Det er per i dag ikkje dokumentert at viruset smittar via morsmjølk. Det vi veit, er at amming beskyttar barnet mot sjukdom i tida etter fødsel og seinare i spedbarnsalderen og barneåra. Morsmjølk gir vern mot infeksjon ved at ho overfører antistoff frå mor til barn. Mjølka inneheld komponentar som er gunstige for utviklinga av barnet sitt immunsystem. Morsmjølk og amming har fleire positive helsefordelar både for barnet og for deg som ammar.

Verdas helseorganisasjon (WHO) tilrår at mødrer med påvist covid-19-infeksjon ammar barna sine sjølv om dei ikkje kan følge dei vanlege smitteførebyggande råda. WHO slår fast at helsefordelane for barnet ved amming er store, samtidig som risikoen for covid-19-infeksjon for spedbarn er liten.

Vaksinering og ammande

Ammande kvinner kan ta vaksinen, på lik linje med andre.

Det er ikkje kjend risiko for overgang i morsmjølk for ikkje-levande vaksinar, som mRNA-vaksinar og virusvektorvaksinar.

Det blir ikkje anbefalt  å avbryte ammingen etter vaksinering. 

Kva råd gjeld for meg som ammar?

Dersom du er frisk uten mistenkt eller påvist covid-19-infeksjon:
  • Følg dei generelle råda om amming/spedbarnsernæring: Barnet bør få mest mogleg morsmjølk det første halve året og deretter morsmjølk saman med fast føde fram til eittårsalderen, eller lenger. Les meir i artiklane Amming og morsmjølkAmming og ernæring det første året og i brosjyren Mat og måltid for spedbarn (helsedirektoratet.no).
  • Ver nøye med handvask ved all nærkontakt med barnet. Vask alltid hendene grundig med såpe og vatn før amming. Bruk handsprit dersom handvask ikkje er mogleg.
Dersom du har mistenkt eller påvist covid-19-infeksjon:
  • Følg dei generelle råda om amming (sjå avsnittet over).
  • Vask hendene grundig ved all nærkontakt med barnet, før amming og før du tek på brysta dine.
  • Du bør vere saman med barnet ditt så sant det er mogleg. Hud-mot-hud-kontakt mellom mor og barn er viktig for barnet si temperaturregulering og andre helseutfall, og fremmar tilknytinga mellom mor og barn.
  • Ta minst mogleg på brysta, på same måte som du ikkje skal ta deg til ansiktet, for å unngå å overføre smitte frå hendene til brystet (og deretter til barnet). Dersom helsepersonell gir deg ammerettleiing, kan du be dei vise eller forklare utan å ta på brysta dine.
  • Unngå å hoste eller nyse rett på barnet. Dersom du hostar eller nys, snu deg bort frå barnet og bruk papirlommetørkle som kan kastast. Vask hendene med ein gong etterpå.
  • Dersom du hostar eller nys på brystet, kan du vaske brysta med såpe og vatn. Ikkje bruk sprit.
  • Reingjer/vask huset regelmessig, inkludert vask/desinfisering av overflater du har vore i kontakt med, som dørhandtak, mobiltelefonar med meir.
  • Dersom du er innlagd på sjukehus (f.eks. etter fødsel), bruk munnbind ved kontakt med barnet og under amming heilt til du er symptomfri.
  • Dersom du/mor er alvorleg sjuk og ikkje kan amme barnet direkte, er det veldig bra om du/mor kan få hjelp til å pumpe ut morsmjølk til barnet og samtidig følger råda for å førebygge smitte. Dersom du er så sjuk at du ikkje kan ha barnet hos deg, er det bra om barnet får nærkontakt med far/medforelder eller ein annan familiemedlem.

Flaskemating/morsmjølkerstatning

Dersom du har mistenkt eller påvist covid-19-infeksjon og matar barnet med flaske (morsmjølk eller morsmjølkerstatning) gjeld dei same råda om smitteførebygging som ved amming. Flasker og utstyr må reingjerast grundig. Du bør vere saman med barnet ditt så sant det er mogleg. Hud-mot-hud-kontakt mellom mor og barn er viktig for barnet si temperaturregulering og andre helseutfall, og fremmar tilknytinga mellom mor og barn. Avgrens talet på personar som matar barnet.