
Sunn hurtigmat
Mat på farten, hurtigmat eller fast food, behøver ikke gi mye fett, salt og sukker. Det fins mange sunne alternativer i storkiosk, gatekjøkken og butikk.
Illustrasjon: Aina Hole / Helsedirektoratet
Eit høgt inntak av salt i kosten aukar risikoen for høgt blodtrykk. Dette kan igjen føre til hjarte- og karsjukdomar. Sjekk derfor saltinnhaldet når du handlar, bruk reine råvarer og spør etter retter med mindre salt på serveringsstader.
Mesteparten av saltet vi får i oss, er alt tilsett i maten vi kjøper i butikken eller får servert. Industritilarbeidde matvarer bidreg med 70–80 prosent av saltet i kosthaldet vårt. Salt som vi bruker i matlaging og på maten, bidreg med 10–15 prosent.
Her finn du enkle grep for å ete mindre salt og oversikt over dei største saltkjeldene.
Et frukt og grønsaker. Dei inneheld mykje kalium, som kan redusere den skadelege effekten av for mykje salt.
Ferdigpakka matvarer er alltid merka med saltinnhald per 100 gram matvare. Der kan du sjå kor mykje salt maten inneheld. Ingredienslista gjev også ein pekepinn på saltinnhaldet. Dess tidlegare saltet står oppgjeve, dess meir salt er det i maten.
På matportalen.no kan du lese meir om næringsdeklarasjon og næringsinnhald i matvarer.
Det er ikkje berre den typiske ferdigmaten som inneheld mykje salt. Vanleg kvardagsmat kan også bidra med mykje salt. Det kan vere stor variasjon i saltinnhald innan same matvaregruppe. Det løner seg å lese næringsdeklarasjonen og samanlikne for å finne variantane med mindre salt.
Kjøtprodukt og brød- og kornvarer er dei største kjeldene til salt i kosthaldet. Andre saltkjelder er blant anna sausar og krydderblandingar, fiskeprodukt, ost, smør og margarin. Brød- og kornvarer inneheld ikkje så mykje salt per 100 gram, men sidan vi et mykje av det, er det ei av dei store saltkjeldene.
For dei som ofte kjøper hurtigmat eller ofte et på ulike serveringsstader, er det viktig å velje og etterspørje alternativ med mindre salt.
Mat på farten, hurtigmat eller fast food, behøver ikke gi mye fett, salt og sukker. Det fins mange sunne alternativer i storkiosk, gatekjøkken og butikk.
Illustrasjon: Aina Hole / Helsedirektoratet
Som forbrukar har du makt til å påverke produsentane. Det gjer du blant anna ved å velje bort matvarer med mykje salt – både i butikk og ved serveringsstader. Spør etter matvarer og retter med mindre salt.
For å få ned saltinntaket i Noreg er det starta ein felles dugnad gjennom etableringa av Saltpartnerskapet. Det er eit samarbeid mellom matvarebransjen, serveringsbransjen, forskingsmiljø, bransje- og interesseorganisasjonar og helsestyresmaktene.
Arbeidet er godt i gang, og du kan som forbrukar alt nyte godt av samarbeidet ved å kjøpe mat og måltid med mindre salt. Det blir lagt vekt på gradvis å redusere saltinnhaldet i dei mest brukte matvarene.
Velg matvarer med lite salt, og begrens bruken av salt i matlaging og på maten.
Illustrasjon: © Lisa Westgaard/Tinagent