Tryggleikskrav for nettapotek
Det er strenge tryggleikskrav for nettapotek. Dei same reglane gjeld for nettapotek som for fysiske apotek. Som kunde kan du derfor vere sikker på at resepten din og legemidla du kjøper, blir ekspederte på ein trygg måte.
Du får tilgang til e-reseptane dine ved å identifisere deg med sikker ID (bank-ID eller liknande) i nettapoteket. Reseptane dine er berre tilgjengelege for deg og apoteket. Nettapoteket sørgjer for å sende legemidla trygt fram til deg.
Du må vere 18 år for å bestille legemiddel frå nettapotek. Du kan også bestille apotekvarer til eigne barn under 16 år.
Dersom du treng hjelp eller rettleiing medan du bestiller, vil du finne informasjon om korleis du kan få hjelp i nettapoteket.
Den generelle angreretten som gjeld ved netthandel, gjeld ikkje ved kjøp av legemiddel. Derfor kan du ikkje angre kjøpet.
Legemiddel med spesielle oppbevaringskrav
Nettapotek har ikkje plikt til å sende deg varer med spesielle oppbevaringskrav, til dømes legemiddel som skal oppbevarast kjølig. Slike varer kan du bli nøydd til å hente på eit fysisk apotek eller få dei levert på døra. Du vil få informasjon i nettapoteket om kva for legemiddel dette gjeld.
Feil eller manglar på resepten
Ta kontakt med legen din dersom du ikkje finn resepten din, manglar gyldig resept, oppdagar feil i resepten, eller dersom du oppdagar reseptar på legemiddel du ikkje lenger skal bruke.
Det er berre legen som kan slette og endre reseptar - apoteket har ikkje høve til å gjere det.
Europeisk logo på lovlige nettapotek
Det er eit EU-krav at nettstader og appar som sel legemiddel, skal ha ein synleg logo som bevis for at dei er registrerte hos nasjonale legemiddelorgan.
Norske nettapotek, nettstader og appar som sel legemiddel må derfor vere registrerte hos Legemiddelverket. Den felles europeiske logoen skal vere synleg på nettstaden eller appen.
Logoen skal lenkje til nasjonale legemiddelorgan si liste over aktørar som har løyve til å selje legemiddel over internett.
Føremålet med logoen er at forbrukarane enkelt skal kunne sjå om den enkelte nettstaden eller appen har registrert seg hos legemiddelorgana, og dermed har lov til å selje legemiddel. Det skal sikre at forbrukarane får godkjende og trygge legemiddel.

Slik sjekkar du at ein nettstad har lov til å selje legemiddel:
- Klikk eller trykk på logoen. Du kjem då til ei liste på Legemiddelverket si nettside.
- Nettstaden du har klikka deg vidare frå, skal finnast i lista. Trykk på lenkja nettstaden har i lista.
- Du skal no kome tilbake til nettstaden du ville sjekke. No veit du at nettstaden har lov til å selje legemiddel, og du kan handle trygt.