Kva består medisinar av?

Medisinar består av verkestoff og hjelpestoff. Hjelpestoff hjelper verkestoffet med å gje den ønskte verknaden i kroppen din.

Hånd som holder mange hvite, reseptbelagte piller

Alle medisinar inneheld eitt eller fleire verkestoff.Det er det stoffet eller den kjemikalien som betrar helsetilstanden din, eller held deg frisk. Verkestoffa kan ha kompliserte namn, og derfor hugsar vi heller kva heile medisinen heiter, enn sjølve verkestoffet. Eitt eksempel er acetylsalisylsyre, som er verkestoffet i medisinane Aspirin, Acetylsalisylsyre Actavis, Acetylsalisylsyre Norfri og Albyl-E.

For at verkestoffet skal gi den effekten du ønskjer, må det komme trygt fram til den rette staden i kroppen din. Nokre verkestoff har lokal effekt direkte i magen eller tarmen, men dei fleste verkestoffa skal først bli tatt opp (absorberast) i blodet ditt før det kan ha effekt. Dette kallar vi systemisk effekt.

Hjelpestoff - det som pakkar inn verkestoffet

I tillegg til verkestoff inneheld medisinane hjelpestoff som hjelper verkestoffet med å gjere den ønskte verknaden i kroppen din. Hjelpestoff pakkar inn, held saman og bidrar til at medisinen blir frakta rundt og teken opp i kroppen.

I eksempelet ovanfor inneheld Aspirin hjelpestoffa cellulose og maisstive. Albyl-E inneheld magnesiumhydroksid, potetstive, gelatin, mikrokrystallinsk cellulose, talkum, metakrylsyreetylakrylatkopolymer (1:1) dispersjon 30 prosent, trietylsitrat og silikonantifoam. Hjelpestoffa i Albyl-E gjer at tabletten ikkje løyser seg opp i magesekken, men i tarmen lenger nede. Dermed reduserer hjelpestoffa biverknader knytte til verkestoffet sin verknad lokalt på magesekken. For nokre pasientar vil Aspirin ha ein fordel ved at verkestoffet acetylsalisylsyre blir raskare tilgjengeleg for kroppen, nettopp fordi tabletten løyser seg opp raskt.

Ideelt sett skal hjelpestoffa ikkje ha ein eigen medisinsk verknad, og heller ikkje nokon biverknader. Dei fleste hjelpestoffa som blir nytta i medisinar, er òg godkjende som tilsetjingsstoff i matvarer, og mange hjelpestoff finst naturleg i mat. Alle medisinar blir godkjende av styresmaktene før dei kjem for sal. I denne godkjenninga vurderer ein mange forhold, mellom anna samansetjinga av medisinen og dei enkelte hjelpestoffa.

Opplysningar om kva for stoff som finst i kvar enkelt medisin kan du lese i pakningsvedlegget («Hva Albyl-E består av»). Det er likevel ikkje mogleg å lese her kvifor dei ulike hjelpestoffa er tekne med.

Det er utarbeidd ei oversikt over vanlege hjelpestoff som kan knytast til allergiar og liknande problem. Typiske døme er laktose (mjølkesukker) og enkelte fargestoff og konserveringsmiddel. Slike hjelpestoff skal nemnast særskilt i pakningsvedlegget og på merkinga (tabletteska, augedropeflaska, og så vidare). Dermed skal det vere enkelt å sjå om medisinen inneheld stoff du skal vere forsiktig med, dersom du har ein allergi.

Mange hjelpestoff har fått tildelt eit E-nummer. Dette nummeret gjer det lettare for deg å sjå kva for stoff som er i medisinen du brukar.