Be fastlegen om ei medisinliste – det kan redde livet ditt

I ein akuttsituasjon kan det vere viktig å ha oversikt over kva medisinar du bruker. Du kan sjølv be om ei oppdatert liste frå fastlege eller finne oversikt over reseptane du bruker nå på Helsenorge.

Pasient, fastlege og medisinliste

Du bør alltid ha medisinlista med deg dersom du brukar mange eller livsviktige medisinar.

Kvar får eg ei medisinliste?

​Per i dag er det ikkje mogeleg å finne fram til di eiga medisinliste på nett. Du må spørje fastlegen om ei slik liste. Fastlegen din har plikt til å gi deg ei oppdatert medisinliste. Be fastlegen forklare deg kvifor og korleis du brukar kvar enkelt medisin. Hugs òg medisinar du berre brukar av og til, vitamin, kosttilskot og naturmedisinar.

Dersom medisinbruken din blir endra, skal du få ei ny liste uansett om du er på legekontor eller sjukehus. Ein gong i året bør du be legen om ein gjennomgang av alle medisinane du brukar.

Ha alltid lista med deg, og vis ho fram når du er hos lege, tannlege og apotek. Ei oppdatert medisinliste bidrar til rett behandling og kan redde livet ditt.

Se legemidla dine på nett 

Når du har fått resept av legen, kan du logge inn på Helsenorge for å få oversikt over legemiddel du har fått på resept. 

Kven treng ei medisinliste?

Ei medisinliste er viktig for deg som brukar livsviktige og/eller mange medisinar og er i kontakt med fleire legar. Det gjeld særleg eldre menneske, då dei går på flest medisinar og er mest sårbare for biverknader.

Lista er særleg viktig viss du skal behandlast på sjukehus. Medisinlista er òg lur å ha tilgang til eller ha med på reise i tilfelle du treng nye medisinar eller må oppsøke lege.

Kvifor treng eg ei oversikt over mine medisinar?

Fastlegen og sjukehuslegar brukar ulike elektroniske journalsystem, og utenlandsk har leger ikke tilgang til norske system. Opplysningar om medisinar må sendast og oppdaterast manuelt. Då kan det skje feil. Sjukehuslegane har derfor ikkje alltid god oversikt over medisinbruken din. Du kan risikere å få ein ny medisin som ikkje går godt saman med dei du allereie brukar. Slik feilmedisinering kan få alvorlege følger.

Sjå plakat om medisinliste

Kva skal medisinlista innehalde?

På lista skal denne informasjonen alltid vere med for kvar medisin:

  • Namn på verkestoff (det aktive stoffet i medisinen)
  • Eventuelt produktnamn (salsnamn)
  • Legemiddelform ( for eksempel tablett, kapsel, inhalator)
  • Styrke (kor mykje verkestoff det er for eksempel i kvar tablett. Ofte oppgitt i milligram = mg)
  • Dosering (for eksempel 1 tablett kvar morgon)
  • Bruksområde (for eksempel blodtrykksmedisin)

Eksempel:

  • Norvasc (amlodipin) tablett 5 mg
  • 1 tablett dagleg. Mot høgt blodtrykk.

Felleskatalogen

Har du mistet pakningsvedlegget ditt? På Felleskatalogen finner du oppdaterte, digitale pakningsvedlegg og oversikt over hvilke medisiner som er til salgs i Norge.

Innhaldet er levert av Direktoratet for medisinske produkter (DMP)

Direktoratet for medisinske produkter (DMP) . Be fastlegen om ei medisinliste – det kan redde livet ditt. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 16. januar 2023 [henta fredag 26. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/medisiner/medisinliste/

Sist oppdatert måndag 16. januar 2023