Nakkesleng (whiplash)
Nakkesleng oppstår når hovudet blir kasta brått fram og tilbake, oftast ved trafikkulykker. Mange får smerter, stivleik i nakken og hovudverk dei første dagane, men dei fleste blir gradvis betre i løpet av nokre veker eller månader.
Hva er nakkesleng?
Nakkesleng oppstår når hovudet blir utsett for ei brå og kraftig rørsle, vanlegvis bakover og deretter framover. Dette skjer oftast ved trafikkulykker, men kan òg oppstå ved fall, idrettsskadar eller andre hendingar der nakken blir utsett for store krefter.
Det er vanleg å få smerter eller ubehag i nakken etter ei slik hending. Dei fleste opplever at plagene går over av seg sjølve.
Alvorlege skadar på nakkevirvlar, nervar eller ryggmarg er sjeldne.
Plager som kan oppstå etter nakkesleng
Dei fleste som opplever nakkesleng, får ingen eller berre kortvarige plager.
Vanlege plager kan vere:
- stiv og smertefull nakke
- redusert rørsleevne i nakken
- smerte i skuldrene eller mellom skulderblada
- hovudverk
Enkelte opplever òg:
- svimmelheit
- trøyttleik
- konsentrasjonsvanskar og/eller irritabilitet
- øyresus
- synsforstyrringar
Symptoma kan kome med ein gong etter skaden, men det er òg vanleg at dei først kjem etter ein til to dagar.
Når bør du kontakte lege?
Du bør oppsøke legen din dersom:
- smertene er sterke eller blir verre
- du får prikking, nummenheit eller svakheit i armen
- plagene ikkje blir betre etter ein til to veker
- plagene gjer det vanskeleg å fungere i kvardagen
Kva kan hjelpe?
Rørsle og aktivitet
Det kan vere vondt å bevege nakken, men det er viktig å halde han i aktivitet. Prøv å bevege nakken så normalt som du klarer, innanfor det som er til å tole. Vanleg aktivitet og å gradvis vende tilbake til daglege gjeremål kan bidra til betring.
Ein lege eller fysioterapeut kan gi råd om øvingar som kan hjelpe. For mange kan det vere nyttig å starte med forsiktige øvingar tidleg.
Nakkekrage blir vanlegvis ikkje tilrådd, fordi det kan føre til meir stivheit og lengre plager.
Smertestillande medisinar
Reseptfrie smertestillande medisinar, som paracetamol og ibuprofen kan lindre plagene.
Bruk legemiddel etter anbefaling på pakninga eller frå lege. Kontakt lege dersom du treng smertestillande over lengre tid.
Korleis går det vidare?
Dei fleste blir gradvis betre i løpet av veker eller månader.
Ei mindre gruppe opplever at plagene varer lenger. Forsking viser at langvarige plager ofte har samansette årsaker. Kor lenge symptoma varer, heng ikkje nødvendigvis saman med kor kraftig påkjenninga var, eller om det finst funn på røntgen eller andre biletundersøkingar.
Dersom plagene held fram, finst det hjelp og oppfølging som kan bidra til betre meistring og funksjon i kvardagen. Kontakt lege dersom plagene varer eller påverkar arbeid, fritid eller daglege aktivitetar over tid.