Bladplantar med store, skjoldforma blad.

Symptom etter inntak av alocasia-artar 

Dersom barnet ditt har smakt på ei alocasia-plante, kan følgjande symptom oppstå: 

  • brennande kjensle på leppe og tunge 
  • sikling 
  • vondt i magen 
  • kvalme 
  • oppkast 
  • diaré 

Førstehjelp etter inntak av alocasia-artar 

  • Fjern eventuelle planterestar. 
  • Gi litt drikke. 
  • Kalde produkt som isbitar, iskrem, yoghurt og liknande kan verke lindrande. 
  • Ved kraftige eller langvarige symptom, kontakt Giftinformasjonen for vurdering. 

Beskriving av alocasia-arter 

Alocasia-artar er stoveplantar, som til dømes Alocasia sanderiana. Dette er bladplantar med store, trekanta blad, med lange bladstilker som spring ut direkte frå stammen. Blada har sterke, markerte årer. Blomsterstanden består av eit hylster og ein kolbe.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Alocasia-artar . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 15. desember 2025 [henta søndag 4. januar 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/alocasia/

Sist oppdatert måndag 15. desember 2025