Er blomkarse giftig?

Blomkarse (Tropaeoluma majus) er ikkje ei giftig plante. Å smake på ein liten bit vil derfor ikkje gje symptom.

Illustrasjonsbilde av blomkarse

Blomkarse til matbruk

Dersom du har spørsmål om bruk av planter som mat, ta kontakt med Norges sopp- og nyttevekstforbund

Skildring av blomkarse

Er mest vanleg som eittårig hageplante. Planta har fem kronblad som er oransje eller gul-raude. Dei grøne blada har ofte ujamn kant. Høgda kan variere frå 30 til 200 cm.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Er blomkarse giftig?. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 12. januar 2023 [henta søndag 28. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/blomkarse/

Sist oppdatert torsdag 12. januar 2023