Benjaminfikus

Benjaminfikus (Ficus benjamina) er ei plante i fikenslekta. Planta er lite farleg, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Grønne, ovale blader med hvitt langs kantene.

Førstehjelp ved uhell med benjaminfikus

  • Fjern planterestar frå munnen.
  • Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av benjaminfikus

​Benjaminfikus er opphavleg eit tre som kan bli opptil 30 meter høgt i det normale habitatet sitt, men som her i Noreg er best kjent som ei potteplante.

Benjaminfikus har ofte grøne, blanke blad, men det finst òg andre sjatteringar.

Grønne, blanke blader.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Benjaminfikus. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 14. juni 2022 [henta onsdag 16. oktober 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/ficus-arter/

Sist oppdatert tysdag 14. juni 2022