Roser

Roseslekta (Rosa L.) er ei planteslekt i rosefamilien. Felles for roseslekta er at alle er lite farlege å smake på.

Rosa roseformede blomster.

Symptom ved forgiftning med roseartar

​Roser er ei lite farleg planteslekt, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Førstehjelp ved uhell med roseartar

  • Fjern planterestar frå munnen.
  • Gi gjerne litt drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av roseartar

​Roseslekta kan variere litt i utsjånad, men er ofte buskar med tornar på stamme og greiner. Blomane kan sitte for seg sjølv, eller i små kvastar, og finst i mange fargenyansar.

Nokre roseartar får frukter i form av nyper. Nypene er ofte raude/raudbrune på farge.

Rosa blomst med gule pollenbærere.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Roser. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 18. februar 2022 [henta søndag 28. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/roser/

Sist oppdatert fredag 18. februar 2022