Kva skjer med mor i veke 9 til 12?
Hormona dine er i endring, og både tankar og kjensler kan svinge veldig. Det er vanleg å vere meir kjenslevar i graviditeten. Du kan kjenne på alt frå stor glede til bekymringar og sorg. Det er ikkje uvanleg å bekymre seg for å abortere, forholdet til partnaren, kroppslege forandringar eller jobb- og livssituasjon.
Slimhinnene er skjørare enn vanleg. Dette kan føre til litt blod frå tannkjøtet når du pussar tenner, naseblod eller små blødingar frå skjeden ved samleie. Dette er ikkje farleg.
Livmora veks stadig, men ligg framleis nede i bekkenet. Graviditeten er derfor ikkje nødvendigvis synleg for andre. Har du vore gravid før kan magen bli synleg tidlegare.
Har du opplevd svangerskapskvalme, vil du kanskje oppleve at denne plaga gradvis går over i denne perioden. Nokre få gravide er framleis kvalme etter 20 vekers graviditet.
Utvikling hos fosteret
Embryoet er vanlegvis rundt 3 cm langt og veg omtrent 4 gram.
I denne perioden blir hovudet gradvis rundare, og hovudet kan vere omtrent like stort som resten av kroppen. Auga, som tidlegare låg på kvar si side av hovudet, begynner å flytte seg mot rett plassering i ansiktet. Anlegg til øyra utviklar seg, og det ytre øret begynner å bli danna. Armar og bein held fram med å vekse, og føtene er omtrent to millimeter lange.