Kva skjer med mor i veke 27 og 28?
I desse vekene er det vanleg å få strekkmerke, pigmentsflekkar og ei mørk pigmentsstripe midt på magen. Dette vil sannsynlegvis forsvinne eller bleikne etter fødselen. Brystknoppane og området rundt kan òg bli mørkare. Fleire kan oppleve forandringar i huda, som raude prikkar i ansiktet, på overarmane og på overkroppen.
Dette kjem av endringar i blodkara, og vil forsvinne etter svangerskapet.
Mange opplever eit auka behov for søvn frå no og ut resten av svangerskapet. Det er vanleg å vakne fleire gongar om natta, og mange har behov for korte kviler på dagen.
Auka fosterrørsler og endringar i kroppen på grunn av graviditeten kan påverke søvnkvaliteten din. Det er viktig at du kviler når du kan.
Utvikling hos fosteret
Fosteret er no ca 36 cm langt og vegar rundt 1000 gram, men både lengde og vekt kan variere frå graviditet til graviditet.
Rundt denne tida kan fosteret begynne å opne auga for første gong. Synet utviklar seg gradvis både gjennom resten av svangerskapet og etter fødselen.
I denne perioden vil ein del fostre legge seg med hovudet ned i bekkenet. Dette ser ut til å vere vanlegast hos førstegongsfødande. Viss fosteret ikkje har lagt seg med hovudet ned endå, er det framleis ei moglegheit for at fosteret kan snu seg seinare i svangerskapet.