Kva skjer med mor i veke 33 til 35?
Mot slutten av denne perioden vil kroppen din begynne å førebu seg til fødselen med samantrekkingar i livmora. Desse startar øvst i magen og spreier seg over heile livmora før dei slepper taket. Vanlegvis varer samantrekkingane i omkring eit halvt minutt. Dette blir kalla kynnarar. I begynninga kan du kjenne kynnarane som svake menstruasjonssmerter. Dei kan bli meir ubehagelege etter kvart, men dei er ikkje smertefulle.
Har du fødd før kan du kjenne kynnarane tidlegare i svangerskapet. Då kan dei ofte opplevast som kraftigare og meir intense.
Av og til kan det vere vanskeleg å skilje kynnarar og ordentlege rier. Kynnarane går vanlegvis over etter kort tid og kan endre seg dersom du legg deg ned, byter stilling eller bevegar deg. Dei er ikkje regelmessige og aukar sjeldan i intensitet.
Utvikling hos fosteret
På dette tidspunktet er fosteret ofte rundt 47 cm langt og vegar mellom 2600 - 2700 gram, men både lengde og vekt kan variere frå graviditet til graviditet.
Fosterhjernen er no i stor grad ferdig utvikla, og mot slutten av denne perioden begynner nervecellene å få vern av eit feittlag. Dette bidrar til effektiv kommunikasjon mellom cellene. Vekta til fosteret aukar med meir underhudsfeitt.
Lungene er blant dei siste organa som modnast, og utviklinga held fram heilt fram mot fødselen. Samtidig blir mengda fostervatn gradvis redusert.
Fosteret har no lengre og meir tydelege periodar med både søvn og aktivitet. Dette mønsteret kan du kjenne igjen etter fødselen.
Etter fødselen vil dei fleste nyfødde sove mellom 14 og 17 timar, men alt frå 11 til 19 timar er normalt. Søvnen er oppstykka, og nyfødde skilje ikkje mellom natt og dag. I den første tida etter fødselen er søvn tett knytt til behovet til barnet for mat, kroppskontakt og støtte.