Kva skjer med mor?
Livmora pressar på urinblæra di og det er vanleg å tisse oftare. Etter kvart vil livmora søkke ned. Då kan du oppleve at det blir litt lettare å puste.
Sjølv om barnet ikkje er fødd endå, kan det leke råmjølk frå brysta dine. Det kan vere vanskeleg å finne ei behageleg kvilestilling, og mange opplever at søvnen blir forstyrra. Det er normalt med humørsvingingar. Fødselen nærmar seg og det er vanleg å både grue og gle seg.
Utvikling hos fosteret
På dette tidspunktet veg fosteret rundt 2600 til 2750 gram, men dette kan variere frå graviditet til graviditet.
fosterhjernen er no i stor grad ferdig utvikla, og mot slutten av denne perioden begynner nervecellene å få vern av eit feittlag. Dette bidrar til effektiv kommunikasjon mellom cellene. Vekta til fosteret aukar med meir underhudsfeitt.
Lungene er blant dei siste organa som modnast, og utviklinga held fram heilt fram mot fødselen. Samtidig blir mengda fostervatn gradvis redusert.
Fosteret har no lengre og meir tydelege periodar med både søvn og aktivitet. Dette mønsteret kan du kjenne igjen etter fødselen. Etter fødselen vil dei fleste nyfødde sove mellom 14 og 17 timar, men alt frå 11 til 19 timar er normalt. Søvnen er oppstykka, og nyfødde skilje ikkje mellom natt og dag. I den første tida etter fødselen er søvn tett knytt til behovet til barnet for mat, kroppskontakt og støtte