Trening for deg som har revmatisk sjukdom og er gravid

Kvinner med revmatisk sjukdom som planlegg svangerskap eller er gravide, bør vere aktive og halde seg i god fysisk form. Fysisk aktivitet under svangerskapet har ein positiv innverknad på helsa di og er bra for barnet i magen.

Same treningsråd som for friske gravide 

Gravide med revmatisme bør følge dei same råda for trening som andre gravide. 

Dersom du opplever sjukdom i svangerskapet som gjer at du ikkje klarar å vere fysisk aktiv på same måte som du har vore tidlegare, kan du få god hjelp og rettleiing frå til dømes fysioterapeut. 

Nokre kvinner med revmatisk sjukdom har òg tilleggsdiagnosar eller svangerskapskomplikasjonar som gjer at fysisk aktivitet bør diskuterast med lege.

Kva effekt har trening? 

  • Fysisk aktivitet under svangerskapet har positiv innverknad på helsa di og er bra for barnet i magen. 
  • Trening under svangerskapet vil vere med på å redusere opplevinga di av smerte. 
  • Regelmessig fysisk aktivitet kan òg gjere det lettare å tole belastninga som svangerskap og fødsel inneber for kroppen. 
  • Å jobbe med avspenning og å lære seg å lytte til sin eigen kropp har vist å ha noko effekt på fatigue (utmatting).  
  • Når du skal føde kan det å vere kjend med eigen kropp og kjenne kroppskontroll vere positivt. 

Gruppetrening tilpassa for gravide

Mange stadar blir det arrangert gruppetreningar som er tilpassa gravide. For mange kjennes det lettare å trene saman med andre. 

Informasjon om kva tilbod som finst i nærområdet vil vere tilgjengeleg hos pasientforeiningar, på legekontor, det lokale treningssenteret ditt eller hos fysioterapitenesta i kommunen.

Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for svangerskap og revmatiske sykdommer (NKSR)

Hjelp til både pasientar og helsepersonell.

Norsk revmatikerforbund

22 54 76 00

Du kan ringe for å snakke med andre med revmatiske sjukdomar. Dei kan gi deg råd og rettleiing.

Podcast: Revmamas

Ein podkast for deg som har ein revmatisk sjukdom og planlegg svangerskap eller er gravid.  

Du finn han der du vanlegvis lyttar til podkast, til dømes Spotify eller Podkaster.

Trygg mammamedisin

Få råd frå fagfolk om trygg medisinbruk ved graviditet og amming. Tenesta er gratis. 

Andreoli L, Bertsias GK, Agmon-Levin N, Brown S, Cervera R, Costedoat-Chalumeau N, et al. EULAR recommendations for women's health and the management of family planning, assisted reproduction, pregnancy and menopause in patients with systemic lupus erythematosus and/or antiphospholipid syndrome. Ann Rheum Dis. 2017;76(3):476-85.  

Broms G, Haerskjold A, Granath F, Kieler H, Pedersen L, Berglind IA. Effect of Maternal Psoriasis on Pregnancy and Birth Outcomes: A Population-based Cohort Study from Denmark and Sweden. Acta Derm Venereol. 2018;98(8):728-34.  

Chen JS, Ford JB, Roberts CL, Simpson JM, March LM. Pregnancy outcomes in women with juvenile idiopathic arthritis: a population-based study. Rheumatology (Oxford). 2013;52(6):1119-25.  

de Jong PH, Dolhain RJ. Fertility, Pregnancy, and Lactation in Rheumatoid Arthritis. Rheum Dis Clin North Am. 2017;43(2):227-37.  

de Man YA, Bakker-Jonges LE, Goorbergh CM, Tillemans SP, Hooijkaas H, Hazes JM, et al. Women with rheumatoid arthritis negative for anti-cyclic citrullinated peptide and rheumatoid factor are more likely to improve during pregnancy, whereas in autoantibody-positive women autoantibody levels are not influenced by pregnancy. Ann Rheum Dis. 2010;69(2):420-3.  

Flint J, Panchal S, Hurrell A, van de Venne M, Gayed M, Schreiber K, et al. BSR and BHPR guideline on prescribing drugs in pregnancy and breastfeeding-Part II: analgesics and other drugs used in rheumatology practice. Rheumatology (Oxford). 2016;55(9):1698-702.  

Flint J, Panchal S, Hurrell A, van de Venne M, Gayed M, Schreiber K, et al. BSR and BHPR guideline on prescribing drugs in pregnancy and breastfeeding-Part I: standard and biologic disease modifying anti-rheumatic drugs and corticosteroids. Rheumatology (Oxford). 2016;55(9):1693-7.  

Gotestam Skorpen C, Hoeltzenbein M, Tincani A, Fischer-Betz R, Elefant E, Chambers C, et al. The EULAR points to consider for use of antirheumatic drugs before pregnancy, and during pregnancy and lactation. Ann Rheum Dis. 2016;75(5):795-810.  

Gotestam Skorpen C, Lydersen S, Gilboe IM, Skomsvoll JF, Salvesen KA, Palm O, et al. Disease Activity During Pregnancy and the First Year Postpartum in Women With Systemic Lupus Erythematosus. Arthritis Care Res (Hoboken). 2017;69(8):1201-8.  

Ursin K, Lydersen S, Skomsvoll JF, Wallenius M. Disease activity of psoriatic arthritis during and after pregnancy: A prospective multicenter study. Arthritis Care Res (Hoboken). 2018.  

Ursin K, Lydersen S, Skomsvoll JF, Wallenius M. Disease activity during and after pregnancy in women with axial spondyloarthritis: a prospective multicentre study. Rheumatology (Oxford). 2018;57(6):1064-71.  

Ursin K, Lydersen S, Skomsvoll JF, Wallenius M. Disease Activity of Juvenile Idiopathic Arthritis during and after Pregnancy: A Prospective Multicenter Study. J Rheumatol. 2018;45(2):257-65.  

Zbinden A, van den Brandt S, Ostensen M, Villiger PM, Forger F. Risk for adverse pregnancy outcome in axial spondyloarthritis and rheumatoid arthritis: disease activity matters. Rheumatology (Oxford). 2018.  

Innhaldet er levert av Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for svangerskap og revmatiske sykdommer (NKSR)

Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for svangerskap og revmatiske sykdommer (NKSR). Trening for deg som har revmatisk sjukdom og er gravid. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 10. oktober 2023 [henta torsdag 22. mai 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/svangerskap-og-revmatiske-sykdommer/fysisk-aktivitet-for-deg-som-har-revmatisk-sykdom-og-er-gravid/

Sist oppdatert tysdag 10. oktober 2023