Du har igjen fått høve til å bruke digitalt helsekort for gravide. Digitalt helsekort er ein del av tenesta Gravid på Helsenorge.

Hugs papirhelsekortet!

Fordi det førebels berre er nokre fastlegar, jordmødrer og sjukehus som brukar digitalt helsekort, kan informasjon mangle i det digitale helsekortet ditt. Derfor må du framleis ta med papirversjonen på svangerskapskontrollar og legetimar, slik at alle som følger deg opp har tilgang til same informasjon. 

Når digitalt helsekort er innført overalt, vil du ikkje lenger trenge papirversjonen.