Kjernejournal

Kjernejournal er ei nasjonal digital løysing som samlar og deler utvalde helseopplysningar for pasientar på tvers i helsevesenet. Tilgang til desse opplysningane er viktig i samband med helsehjelp, særleg dersom du blir akutt sjuk.

Om kjernejournal

Alle fastbuande i Noreg, inkludert barn, har ein kjernejournal, med unntak av dei som har reservert seg mot det. 

Helsepersonell kan sjå opplysningane i kjernejournalen din uavhengig av om dei jobbar på sjukehus, fastlegekontor, legevakt eller i kommunale pleie- og omsorgstenester. Blir du til dømes lagd inn på eit sjukehus der du ikkje har vore før, vil helsepersonell kunne slå opp i kjernejournalen din og finne dei viktigaste helseopplysningane om deg. Dette kan gi deg rett behandling raskare.

Kjernejournal gir helsepersonell tilgang til følgande pasientinformasjon ved yting av helsehjelp:

  • Kritisk informasjon
  • Vaksinar
  • Donorkort 
  • Reseptar og legemiddel
  • Prøvesvar
  • Dokument
  • Besøkshistorikk
  • Behandlingsplan
  • Eigne registreringar

Merk at nokre få legevakter og kommunar ikkje har tatt i bruk kjernejournal enno.

Personvernrettar

Helsedirektoratet er dataansvarleg for kjernejournal. Det betyr at dei er ansvarlege for å behandle informasjon om deg på ein måte som varetar personvernet ditt. Du har rett til innsyn i opplysningane i kjernejournalen din, innsyn i bruken av opplysningane, og moglegheit til å avgrense tilgang til opplysningane. Dette finn du i tenesta Helseopplysningar som blir delte på Helsenorge. Du bør sjekke at opplysningane i kjernejournalen din stemmer, fordi opplysningane blir brukte til å gi deg rett behandling.

Merk at opplysningane i kjernejournalen din berre er tilgjengelege for autorisert helsepersonell i samband med pasientbehandling. Reservasjon mot å ha kjernejournal eller anna avgrensing av helsepersonell sin tilgang til opplysningane dine kan påverke helsehjelpa du får, særleg i ein akuttsituasjon.  

Innsyn og endring i kjernejournal 

På Helsenorge kan du få innsyn i kjernejournalen din, administrere personverninnstillingane dine knytte til kjernejournal og oppdatere opplysningane dine. Dette finn du i tenesta Helseopplysningar som blir delte.

Om du ikkje har høve til å gjere dette digitalt på Helsenorge, kan du bruke skjemaa nedanfor.

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Kvardagar kl. 08:00 - 15:30