Dette er tilvisingar på Helsenorge
Tilvisingane du finn på Helsenorge inneheld informasjon om:
- status, til dømes om tilvisinga er vurdert eller om du er tildelt time
- kven som har tilvist deg
- kontaktinformasjon til sjukehuset der tilvisinga er send
Du kan ikkje sjå sjølve tilvisinga på Helsenorge. Om du vil lese det som legen eller den som tilviste deg har skrive, må du ta kontakt med den som sende tilvisinga.
For sjukehus i Helse Vest og Helse Nord ser du også kva timeavtalar som er tilknytte kvar enkelt tilvising.
Du kan sjå både opna og avslutta tilvisingar.
Desse tilvisingane er tilgjengelege:
- Helse Sør-Aust: Tilvisingar sende frå og med januar 2021.
- Helse Vest: Tilvisingar sende frå og med januar 2014.
- Helse Nord: Tilvisingar sende så langt tilbake som teknisk mogleg.
Samtykke
Denne tenesta krev samtykke til Full tilgang. Du kan sjå og endre samtykket ditt under personverninnstillingar.
Kven har tilgang til Tilvisingar på Helsenorge?
Du har tilgang til å sjå tilvisingar til sjukehus i Helse Sør-Aust, Helse Vest og Helse Nord på Helsenorge.
Tenesta er tilgjengeleg for alle over 16 år. I Helse Vest og Helse Nord kan foreldre også bruke tenesta på vegner av barn under 12 år.
Helse Midt brukar eit anna system, og du vil derfor ikkje sjå tilvisingar til sjukehus i denne regionen på Helsenorge. Ta kontakt med legekontoret ditt for meir informasjon.
Slik ser du tilvisingane dine
For å sjå tilvisingane, må du logge inn.
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål om tilvisinga di, må du kontakte sjukehuset direkte.
Her finn du ei oppdatert liste over kva sjukehus som brukar denne tenesta, og korleis du kan kontakte dei.