Kva er praktisk bistand? 

Praktisk bistand er hjelp til personleg stell og enkle oppgåver i heimen. Praktisk bistand kan også omfatte opplæring, slik at du kan få hjelp til å meistre gjeremål i kvardagen sjølv.  Hjelpa kan bli gitt både i og utanfor heimen din. 

Bistand og opplæring i personleg stell og eigenomsorg er gratis. For anna praktisk bistand og  opplæring kan kommunen ta ein eigenandel. 

Kven kan få praktisk bistand?

Du har rett til praktisk bistand dersom du er avhengig av hjelp til eigenomsorg eller til å klare gjeremål i kvardagen. Når du søker om tenesta, vil kommunen vurdere kva du kan gjere sjølv, og kva du treng hjelp til. 

Korleis søker du om praktisk bistand?

Dersom du har behov for praktisk bistand, kan du søke kommunen om dette. Du finn søknadsskjema for helse- og omsorgstenester på kommunens nettsider. Du bør vere tydeleg og detaljert når du beskriv kva du treng hjelp til. Du bør òg beskrive årsaka til hjelpebehovet. 

Kommunen skal gje deg skriftleg tilbakemelding på søknad om helsehjelp i heimen. I tilbakemeldinga skal det stå kva tenester du blir tilbydd, og kva du skal få hjelp til. Dersom du får avslag på søknaden din, skal også dette grunngjevast i ei skriftleg tilbakemelding til deg. 

Korleis klage til kommunen? 

Dersom du meiner at kommunen ikkje gjev deg den hjelpa du har behov for, kan du klage. 

Klaga sender du til kommunen som vurderer saka på nytt. Dersom kommunen ikkje endrar avgjerda si, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren. Det er Statsforvaltaren som tek den endelege avgjerda om kva hjelp du skal få frå kommunen. 

Innbyggere holder telefon

Pasient- og brukarombodet

Pasient- og brukarombodet arbeider for å ivareta pasientens og brukarens behov, interesser og rettssikkerheit. I tillegg skal dei bidra til å betre kvaliteten i tenestene.

iillustrasjonefoto

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Føremålet med BPA er å gje personar med stort hjelpebehov større fridom til å styre tenestene og kvardagen sjølv.

Illustrasjon: Shalamov/Mostphotos

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Praktisk bistand og opplæring. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 18. desember 2025 [henta fredag 2. januar 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/hjelpetilbud-i-kommunene/personlig-assistanse-praktisk-bistand-og-opplering/

Sist oppdatert torsdag 18. desember 2025