Kostråd om fisk og annan sjømat

Kostråd: Et fisk til middag to til tre gongar i veka. Bruk gjerne fisk som pålegg òg.

Forskjellige typer fisk og fiskeprodukter

Rådet svarar til totalt 300–450 gram rein fisk i veka. Minst 200 gram bør vere feit fisk som laks, aure, makrell eller sild.

Slik følger du kostrådet

Fisk som middag

Ein middagsporsjon blir rekna som 150–200 gram. Fisk i fiskeprodukt som fiskekaker, fiskebollar og fiskegrateng er òg med i tilrådinga. Innhaldet av fisk i fiskeprodukt kan variere mellom 40–80 prosent.

Fisk som pålegg

Sild, makrell i tomat, fiskekaker, fiskepudding og kaviar er høveleg som pålegg. Ein påleggsporsjon med fisk blir rekna som 25 gram. Seks påleggsporsjonar med fisk svarar til omtrent éin middagsporsjon.

Vel gjerne fiskeprodukt som er merkte med nøkkelhol.

Helseeffektar av å ete fisk

Kostrådet om fisk er basert på nasjonal og internasjonal forsking, som konkluderer med at inntak av fisk, fiskeolje og lange fleirumetta omega-3-feittsyrer (EPA, DHA) kan redusere risikoen for død av hjartesjukdom.

Næringsstoff i fisk og sjømat

  • Fisk er ei god kjelde til næringsstoff som protein, vitamin B12, jod og selen.
  • Fisk, spesielt halvfeite fiskar som raudspette, steinbit og kveite, og feite fiskar som laks, makrell, sild, aure, ål, kveite og sardinar, er hovudkjelder til dei marine omega-3-feittsyrene i kosthaldet. Tran er ei anna viktig kjelde.
  • Feit fisk er òg ei kjelde til vitamin D.
  • Mager fisk som torsk, sei, hyse, kolje og tunfisk er ei særleg god kjelde til jod.

Det er derfor tilrådd å inkludere både mager, halvfeit og feit fisk i kosthaldet.

Skaldyr og annan sjømat som reker, krabbe, kreps, blåskjel og kamskjel er ikkje inkluderte i dei tilrådde to–tre porsjonane med fisk. Desse matvarene inneheld lite feitt, er rike på næringsstoff som protein, B-vitamin, kalsium, selen og jod, og kan gjerne vere ein del av eit variert kosthald.

Kostråda blir oppdatert i 2024

Nytt nordisk kunnskapsgrunnlag vart lansert juni 2023. Dei norske kostråda vil bli oppdatert i løpet av 2024. 

Salt og saltpartnerskapet

Saltpartnerskapet er eit samarbeid mellom myndigheitene og dagligvarebransjen for å redusere saltinntaket i befolkninga.

Kostråd for å fremme folkehelsen og forebygge kroniske sykdommer (bygger på systematiske kunnskapsoppsummeringer nasjonalt og internasjonalt, konkluderer med konkrete kostråd, beskriver metoden og det vitenskapelige grunnlaget) 

Anbefaling om kosthold, ernæring og fysisk aktivitet (norsk versjon av Nordic Nutrition Recommendation(pdf))

Den internasjonale forskningen på kosthold og helse er omfattende, og ingen enkeltstudie er nok til å endre anbefalingene.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Kostråd om fisk og annan sjømat. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 7. desember 2021 [henta laurdag 24. februar 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/kosthold-og-ernaring/kostrad/spis-fisk-oftere/

Sist oppdatert tysdag 7. desember 2021