Reseptfri nasespray bør berre brukast for å lindre plager ved akutte luftvegsinfeksjonar, som forkjøling. Annan bruk skal avtalast med lege. Nasespray reduserer symptoma, men forkortar ikkje sjukdomen.

Les godt på pakninga og ta vare på pakningsvedlegget. Begge inneheld viktig informasjon om korleis medisinen skal brukast.

Desse råda gjeld nasespray som inneheld verkestoffa Xylometazolin, xylometazolin i kombinasjon med ipratropium og oksymetazolin. Du finn desse i blant anna Otrivin, Zycomb og Rhinox.

Slik verkar nasespray

Nasetettleik ved forkjøling kjem av at slimhinnene i nasen hovnar opp. Nasesprayen gjer at blodårane i nasen trekker seg saman slik at hevelsen blir mindre. Ved langvarig bruk kan blodårane bli overstimulerte slik at dei mistar si naturlege evne til å trekke seg saman. Derfor er det viktig at du ikkje brukar nasespray i meir enn 10 dagar samanhengande.

Når bør du kontakte lege?

Rådfør deg med lege eller apotek dersom

  • symptoma dine blir forverra eller ikkje blir betra innan 10 dagar
  • du får plagsame biverknadar eller biverknadar som ikkje er nemnde i pakningsvedlegget
  • du har langvarige plager med tett nase 

Andre sjukdomar enn forkjøling kan òg gi tett nase. Ved langvarig nasetettleik kan du ha behov for grundig legeundersøking for å få rett diagnose og behandling.

Avhengig av nasespray?

Det viktigaste for å førebygge avhengnad er å ikkje bruke fleire dosar nasespray eller nasedropar enn nødvendig, og ikkje lenger enn i 10 dagar.

Dersom du kjenner deg avhengig av nasespray, skal du stoppe behandlinga. Du vil då kunne oppleve at nasetettleiken forverrar seg, for deretter å gradvis forsvinne dei neste vekene. For dei fleste går tilstanden over utan vidare behandling.

For nokon kan bruk av nasespray med kortison dempe symptoma.

Bruk av nasespray når du er gravid eller ammar

Gravide og ammande kan bruke reseptfri nasespray mot nasetettleik ved forkjøling på same måte som andre pasientar.

Langvarig nasetettleik er ei ganske vanleg plage under svangerskap og kjem av hormonforandringar i slimhinnene. Plagene kan lindrast ved å sove med hovudet lett hevde og evt. bruk av saltvassdropar eller spray.

Bruk av nasespray hos barn

Viss barnet er under 2 år bør du bruke saltvassdropar eller saltvasspray framfor nasespray og nasedropar mot tett nase.

Ikkje gi barn under 2 år slimhinneavsvellande nasespray eller nasedropar utan at du har snakka med lege, apotek eller helsesjukepleiar. Små barn er meir følsom for verkestoffa og kan få biverknadar frå hjarte-karsystemet og dessutan uro og søvnproblem.

To verkestoff (oksymetazolin eller xylometazolin) er godkjende i reseptfrie nasedropar og nasespray for vaksne og barn over 2 år. Til barn under 2 år finst det berre eitt godkjent produkt og det bør berre brukast i samråd med helsepersonell: Rhinox (oxymetazolin) 0,1mg/ml – nasespray og nasedropar.

Rett bruk hos barn

  • Ikkje gi fleire dosar i døgnet enn anbefalt.
  • Barn bør ikkje bruke nasespray eller nasedropar i meir enn 5 samanhengande dagar.
  • Snakk med legen dersom behandlinga ikkje verkar eller dersom du trur barnet har fått alvorlege biverknadar.

Ikkje bruk utanlandske produkt til barn

I fleire andre land blir ulike kombinasjonsprodukt selde mot plagar ved forkjølelse. Det dreier seg ofte om pulver som blir rørt ut i varmt vatn. Slike produkt innehalde ofte paracetamol i dosar berekna på vaksne, og andre verkestoff som kan gi alvorlege biverknadar hos barn.

Tett nase hos barn

Tett nase kan påverke svelging, luktesans og nattesøvn. Det finst fleire tiltak for å halde nasen mest mogleg open, som kan forhindre plagane.

Felleskatalogen

Har du mist pakningsvedlegget ditt? På Felleskatalogen finn du oppdaterte, digitale pakningsvedlegg og oversikt over kva medisinar som er til sals i Noreg.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Direktoratet for medisinske produkter (DMP)

Direktoratet for medisinske produkter (DMP). Rett bruk av reseptfri nasespray. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 12. januar 2023 [henta onsdag 25. november 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/medisiner/nesespray/

Sist oppdatert 12. januar 2023

Fann du det du lette etter?