Ridefysioterapi

Helfo gir bidrag til ridefysioterapi (terapiriding hos fysioterapeut) når visse vilkår er oppfylte.

Jente med hest

​Dette gjeld personar med medfødd eller erverva sjukdom/funksjonshemming som gir rørsle-, balanse- og/eller koordineringsvanskar, eller personar med ei fysisk eller psykisk funksjonshemming som gjer at vanlege aktivitetar ikkje gir ein rimeleg grad av fysisk utfolding.

Vilkår for å få bidrag til dekning av utgifter til ridefysioterapi

Det er ikkje lenger eit krav om tilvising frå lege, manuellterapeut eller kiropraktor for å få bidrag til ridefysioterapi.

Bidraget utgjer fra 1. juli 2024 378 kroner per behandling. Helfo gjev bidrag til maksimalt 30 behandlingar per kalenderår. Individuell undersøking ved oppstart av inngår i dei 30 behandlingane.

Du kan måtte betale ekstra for leige av hest og stall. Dette får du ikkje dekt av Helfo.

Ridefysioterapeuten må ha avtale om direkteoppgjer med Helfo. Med direkteoppgjer blir bidraget utbetalt direkte til ridefysioterapeuten, slik at du ikkje treng å søke Helfo om refusjon.

Du kan få dekka bidrag til reiseutgifter 

Helfo kan gi bidrag til reiseutgifter til og frå ridefysioterapeuten. Du må sende inn søknad om å få dekt reiseutgifter seinast 30. juni året etter at behandlinga blei gjennomført.

Du finn søknadsskjema og meir informasjon om kva utgifter som kan dekkast i samband med reisa på sida «Reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse og nokre rekreasjonsopphald».

Fullmakt ved kontakt med Helfo

Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.

Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.

Ettersending av dokumentasjon

For at Helfo skal behandle søknaden din så raskt som mogleg, må du sende med all dokumentasjon og kvitteringar når du sender søknaden. Dersom du må ettersende dokumentasjon, går du fram på følgjande måte når du har logga deg inn i Altinn:

  • Vel «Tilleggsopplysninger til søknad/fullmakt» frå rullegardinmenyen under «Hva gjelder innsending»/ «Innsendingen gjelder».
  • Under «Tilleggsopplysninger» vel du «Etterspurt dokumentasjon».
  • Det er svært viktig at du fyller inn referansenummeret til din eksisterande sak. Då kan vi behandle saken din raskare. Referansenummeret kan for eksempel sjå slik ut: «22/0000».

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Ridefysioterapi. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 1. juli 2024 [henta tysdag 23. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/refusjon-og-stotteordninger/terapiridning/

Sist oppdatert måndag 1. juli 2024