Person med headset

Pasientar i Helse nord som har fått helsetenester av Spesialistlege AS, blir overført tilbake til sjukehuset

Spesialistlege AS har avvikla pasientbehandlinga si innan fristbrotordninga i Nord-Noreg.

Alle pasientar i Helse Nord som har fått helsehjelp frå Spesialistlege AS, blir overført tilbake til Nordlandssykehuset og Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN).

Helse Nord er ansvarleg for at pasientane tilhøyrande regionen får dei spesialisthelsetenestene dei til kvar tid har rett til.

Pasientane det gjeld, må følge informasjonen frå helseføretaka sine om korleis dei vil få helsehjelp vidare.

Sjå meir informasjon på nettsidene til UNN og Nordlandssykehuset.

Kva er fristbrot?

Når du blir tilvist til eit sjukehus eller ein annan del av spesialisthelsetenesta, vurderer dei om du har rett til nødvendig helsehjelp. Kva type helsehjelp og kva del av helsetenesta som skal yte hjelpa, avheng av kva behov du har som pasient.

Dersom det blir vurdert at du har rett til nødvendig helsehjelp, vil du få ein bindande frist for når du seinast skal få helsehjelpa. Fristen seier noko om kor lenge det er medisinsk forsvarleg for deg å vente. Om du ikkje får helsehjelpa innan fristen du har fått, er dette eit fristbrot.

Spesialisthelsetenesta skal varsle om fristbrot

Viss spesialisthelsetenesta ikkje kan gi deg eit tilbod om helsehjelp innan fristen, skal dei varsle Helfo. Om du meiner å ha opplevd eit fristbrot som ikkje har blitt varsla, kan du sjølv ta kontakt med Helfo ved å ringe Fristbruddtelefonen på 23 32 70 03.

Kva skjer når spesialisthelsetenesta har varsla eit fristbrot?

Når spesialisthelsetenesta har varsla Helfo om fristbrot, får du eit brev på Helsenorge med informasjon om fristbrotet. Om du ikkje nyttar Helsenorge, vil du enten få brev tilsendt i Digipost eller heim i postkassa di.

Om du ønsker tilbod ved ein annan behandlingsstad eller meir informasjon, ta kontakt med Helfo ved å ringe Fristbruddtelefonen på 23 32 70 03. Telefontida er måndag til fredag 9.00–14.00.

Om du ikkje ønsker tilbod ved ein annan behandlingsstad, vil du bli ståande på venteliste ved sjukehuset du var tilvist til, og saka blir avslutta i Helfo. Det kan føre til at du får helsehjelp etter oppgitt frist. Ta kontakt med sjukehuset ditt om du har spørsmål om ventetider.

Reise og reiseutgifter

Du får refundert reiseutgifter.

Kva behandlingsstadar har avtale med Helfo?

Kvar du får eit anna behandlingstilbod, avheng av medisinfaglege vurderingar og kva behandlingsstadar Helfo har avtale med. 

Ver klar over følgande:

  • Du kan ikkje velje den nye behandlingsstaden sjølv. Helfo finn det til deg.
  • Den nye behandlingsstaden vil ta kontakt med deg for å avtale tidspunkt for helsehjelp.
  • Takkar du ja til helsehjelpa der, vil du ikkje lenger stå på venteliste hos sjukehuset ditt.
  • Helsehjelpa du får tilbod om, skal svare til den helsehjelpa du skulle ha fått i den offentlege heilsetenesta.
  • I nokre tilfelle klarar ikkje Helfo å finne eit behandlingstilbod. Då vil du behalde plassen på ventelista ved sjukehuset ditt.

Desse behandlingsstadane tilbyr helsetenester innanfor somatikk (kroppslege sjukdomar):

  • Aleris Helse AS
  • Dr. Dropin AS
  • Medicus Trondheim AS
  • Moloklinikken AS
  • Volvat Medisinske Senter AS
  • Øyehelseklinikken AS

Desse behandlingsstadane tilbyr helsetenester innan psykisk helsevern:

  • Speare AS
  • Medi3 AS
  • Norsk Arbeidshelse AS
  • Unicare Coperio AS

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Rettane dine ved fristbrot. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 16. februar 2026 [henta torsdag 26. februar 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/rettigheter/rettar-fristbrot/

Sist oppdatert 16. februar 2026