Du må ha tilvising

Når du blir sjuk, går du som regel først til fastlegen. Om du har ein fysisk eller psykisk tilstand som krev meir spesialisert helsehjelp enn det den kommunale helse- og omsorgstenesta kan tilby, vil fastlegen tilvise deg vidare til spesialisthelsetenesta.

Du treng ikkje tilvising i akutte situasjonar der du treng akutt hjelp.

Du kan velje kvar du skal behandlast

Tilvisinga må sendast til ein behandlingsstad som har rett til å vurdere om du treng helsehjelp i spesialisthelsetenesta. Helsehjelp kan vere utgreiing og/ eller behandling av skade, tilstand eller sjukdom, eller anna hjelp du får frå helsepersonell som varetar helsa di.

Kva behandlingsstadar som har denne retten finn du i tenesta Vel behandlingsstad.

Som pasient i spesialisthelsetenesta har du rett til å velje kvar du skal behandlast. Du kan velje mellom alle offentlege og fleire private behandlingsstadar i Noreg. Du kan òg velje å nytte deg av ein avtalespesialist.

Behandlingsstaden som får tilvisinga di, skal innan 10 arbeidsdagar vurdere om du har rett til helsehjelp hos spesialist. Ved mistanke om alvorleg sjukdom, skal vurderinga skje raskare.

Når kan du ikkje velje kvar du skal behandlast?

Du kan ikkje byte behandlingsstad for å få ei meir spesialisert behandling enn den du har fått tilbod om.

Helsetilstanden din kan òg ha noko å seie for kva behandlingsstad du kan velje. Nokon behandlingsteder kan til dømes ikkje ta imot pasientar som blir behandla for fleire diagnosar.

Om du er under tvungen observasjon eller tvunge psykisk helsevern og valet av behandlingsstad blir uforsvarleg eller svekker føremålet med behandlinga, er det ikkje sikkert at du kan velje kvar du skal behandlast. Dette gjeld òg om du er ufrivillig lagd inn på institusjon på grunn av rusmiddelbruk eller er under legemiddelassistert rehabilitering (LAR).

Korleis blir rett vurdert til helsehjelp?

Om du har rett til nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta eller ikkje, er ei medisinfagleg vurdering. Det er behandlingsstaden som får tilvisinga, som vurderer dette. Den konkrete avgjersla blir tatt av helsepersonell, vanlegvis ein legespesialist.

Avgjersla blir tatt basert på

  • ei konkret, individuell vurdering av helsetilstanden din, basert på opplysningane i tilvisinga
  • nasjonale rettleiarar og oppfordringar utarbeidde av Helsedirektoratet

Vurderinga kan få eitt av to utfall:

  1. Du har rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta
    Du får tilbod om helsehjelp på sjukehus eller hos spesialist. Du skal samtidig få ein bindande frist for når helsehjelpa seinast skal starte.
  2. Du har ikkje rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta
    Vurderingen konkluderer med at du ikkje har behov for helsehjelp spesialisthelsetenesta. Det kan i nokre tilfelle finnast tilbod om helsehjelp i kommunehelsetenesta. Du kan undersøke moglegheita med fastlegen din eller ved å gå inn på nettsida til kommunen.

Rett til svar innan 10 dager

Behandlingsstaden som får tilvisinga di, skal innan 10 arbeidsdagar vurdere om du har rett til helsehjelp hos spesialist. Ved mistanke om alvorleg sjukdom, skal vurderinga skje raskare.

I svaret du får på tilvisinga di skal det informerast om:

  • du har rett til helsehjelp frå spesialisthelsetenesta eller ikkje
    ein bindande frist for oppstart av helsehjelpa, det vil seie kor lenge du maksimalt
  • må vente på oppstart av utgreiing eller behandling
    tidspunkt og stad for første timeavtale

Om første timeavtale ikkje er sett opp når svaret blir sendt ut, skal du få informasjon om når behandlingsstaden planlegg å kalle deg inn. Svaret blir òg sendt til den som tilviste deg.

Kva gjer du om du ikkje får svar innan fristen?

Om du ikkje får svar innan fristen, kan du:

  • kontakte behandlingsstaden som har fått tilvisinga di
  • kontakte fastlegen din eller den som har tilvist deg

Om det ikkje hjelper, kan du kontakte pasient- og brukarombodet for råd, eller sende ei klage.

Kva gjer du om du får avslag?

Om du får avslag på tilvisinga, kan du spørje fastlegen din om det er grunnlag for å be om ei fornya vurdering ved ein annan behandlingsstad.

Les meir om å få ei ny vurdering av helsetilstanden din.

Vilkår for å ha rett til helsehjelp

Det er fleire vilkår som må vere oppfylte for at du skal ha rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta:

  • Det er forventa at du kan ha nytte av helsehjelpa.
  • Ressursbruken står i eit rimeleg forhold til den forventa nytta av helsehjelpa.
  • Helsehjelpa inngår i dei tenestene spesialisthelsetenesta har ansvar for å yte og finansiere.

Klage på avslaget

Om du ikkje er einig i avslaget på tilvisinga, kan du klage på avslaget. Du har òg høve til å klage dersom du er pårørande.

Les meir om kva vedtak du kan klage på, og korleis du går fram for å klage.

Rett til behandling i utlandet

Er du pasient med rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetjenesten, kan du ha rett til å få behandling i utlandet hvis det mangler tilbud om helsehjelp i Norge eller det finnes dokumentert mer virkningsfull helsehjelp i utlandet enn det som tilbys av det offentlige i Norge.

Kva betyr spesialisthelsetenesta?

Spesialisthelsetenesta skal diagnostisere, behandle og følge opp pasientar med akutte, alvorlege og kroniske sjukdomar og helseplager og er eit samleomgrep for:

  • sjukehus
  • distriktspsykiatriske senter
  • opptrenings- og rehabiliteringsinstitusjonar
  • institusjonar for tverrfagleg spesialisert rusbehandling
  • prehospitale tenester
  • privatpraktiserande spesialistar
  • laboratorie- og røntgenverksemd

Kva som inngår i spesialisthelsetenesta kan endre seg over tid, både på grunn av den medisinske utviklinga og endring i organiseringa av helsetenestene.

Velg behandlingssted: Fra henvisning til behandling

Har du fått henvisning til behandling eller utredning i spesialisthelsetjenesten? Da har du rett til å velge behandlingssted. Les mer om hvordan du går frem.

Dine rettigheter ved fristbrudd

Har du fått en frist for helsehjelp og ikke mottatt helsehjelpen innen denne fristen? Da kan Helfo finne et tilbud til deg ved et annet behandlingssted hvis du ønsker det.

Pasient- og brukarombodet

Pasient- og brukarombodet hjelper deg med spørsmål om helsetenester, og gir råd og rettleiing om rettane dine.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Rett til nødvendig hjelp frå spesialisthelsetenesta. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 20. september 2023 [henta torsdag 26. februar 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/rettigheter/sykehus-og-spesialist/rett-til-nodvendig-hjelp/

Sist oppdatert 20. september 2023