Seksualtekniske hjelpemiddel (Sexhjelpemiddel)

Eit sexhjelpemiddel eller eit sexleiketøy kan gi eit betre sexliv dersom du har nedsett seksualfunksjon eller funksjonevne som påverkar sexlivet ditt negativt. Penispumpe og spesialvibrator er døme på vanlege hjelpemiddel.

Kva typar seksualhjelpemiddel finst?

Type hjelpemiddel som er nyttig for deg, vil avhenge av kva som er problemet ditt. Nokre hjelpemiddel er designa for penis eller klitoris. Det finst også universelle hjelpemiddel som alle kan ha glede og nytte av. 

Du kan ha god nytte av leiketøy som kan kjøpast i erotiske butikkar og på nett. Det finst også hjelpemiddel som er særleg retta mot deg som har seksuelle problem som skriv seg frå sjukdom eller skade. 

Langvarig sjukdom eller skade kan gje rett til støtte til seksualtekniske hjelpemiddel

Er du er avhengig av å bruke eit sexhjelpemiddel for å ha eit godt sexliv, kan du ha rett på økonomisk støtte frå NAV til å kjøpe såkalla seksualtekniske hjelpemiddel.

Det seksuelle problemet må skrive seg frå sjukdom eller skade som ikkje blir betre ved medisinsk behandling. Problemet må forventast å vare i minst 2 år. 

Medisinsk vurdering avgjer rett til økonomisk støtte

Det er legen som bestemmer om du har rett på støtte. For å få støtte må legen  konkludere med at  

  • medisinsk behandling ikkje vil betre den seksuelle funksjonsevna 
  • hjelpemiddelet er nødvendig og egna  for å løyse det seksuelle problemet ditt.  

Hovudregelen er at støtta ikkje gjeld hjelpemiddel som blir brukt i behandling av sjukdom og skade (behandlingshjelpemiddel). 

Snakk med fastlegen din om du har rett på støtte til eit seksualteknisk hjelpemiddel. 

Hjelpemiddel frå hjelpemiddelbasen

Slik går du fram:

  • Skaff deg oversikt over kva for sexhjelpemiddel  som finst og som kan løyse problemet ditt. 
  • På hjelpemiddelbasen.no finn du oversikt over hjelpemiddel som blir dekte av NAV. Lista er ikkje uttømmande. Du kan ha rett på støtte til andre hjelpemiddel. 
  • Kontakt fastlegen eller annan behandlande lege for å finne ut om du oppfyller kriteria for støtte til slike hjelpemiddel. 
  • Dersom du oppfyller kriteria og du fann eit hjelpemiddel som passar på hjelpemiddelbasen.no, be legen fylle ut dette bestillingsskjemaet. 
  • Hjelpemiddelet blir sendt til deg eller til legen din. Du kan ta det i bruk innan kort tid. 

Andre hjelpemiddel

Dersom du oppfyller kriteria for støtte, men ikkje finn eit hjelpemiddel på hjelpemiddelbasen.no, kan du få støtte til eit anna produkt. Legen må då sende ein søknad til NAV for å støtte til et alternativ. Det er ikkje noko eige skjema for dette. 

Søknaden til NAV må innehalde følgjande:

  • Namnet ditt, adresse og fødselsnummer. 
  • Ei tydeleg grunngjeving for kvifor hjelpemiddelet er nødvendig og føremålstenleg for å løyse problemet ditt. 
  • Artikkelnummer og namn på hjelpemiddelet og kven som er leverandøren. 

Ver merksam på at produktet må vere CE-merkt og bestillast frå eit lovleg etablert føretak.  

Legen sender søknaden støtte til eit alternativ hjelpemiddel til: 

Arbeids- og velferdsdirektoratet 
Verkemiddelseksjonen v/Kontor for Hjelpemiddel og levekår 
Postboks 354 
8601 Mo i Rana 

Dersom NAV godkjenner søknaden , sender legen inn bestillinga til leverandøren. Hjelpemiddelet blir sendt til deg eller til legen din. Du kan ta det i bruk innan kort tid. 

Ved behov for spesialistar

I nokre tilfelle er det nødvendig å oppsøkje spesialistar i gynekologi, urologi og nevrologi for å få tilstrekkeleg rettleiing og hjelp. Fastlegen sender då ei tilvising til spesialisten, og du vil få ei innkalling til time. 

Les meir om støtteordninga for seksualtekniske hjelpemiddel på nav.no. 

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Seksualtekniske hjelpemiddel (Sexhjelpemiddel). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 30. november 2023 [henta tysdag 23. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sex-og-samliv/seksualtekniske-hjelpemidler/

Sist oppdatert torsdag 30. november 2023