Framsida
Når du loggar inn på tenesta Småbarnsliv, får du opp namnet på barnet ditt og perioden barnet ditt er i. Perioden er alderstrinnet til barnet ditt.
Du kan enkelt gå tilbake til tidlegare periodar eller periodar framover ved å klippe på knappane "førre periode" og "neste periode".
Under kvar periode finn du informasjon, tilpassa alderen til barnet. Tenesta har informasjon om barn mellom 0 og 2 år. Informasjonen er laget og kvalitetssikra i samarbeid med Helsedirektoratet.
Her finn du all informasjonen du får i tenesta Småbarnsliv.
Under informasjonen kan du legge til eigne hugselappar. Der kan du notere ting du ønsker å hugse.
I tenesta finn du òg ein inngang til sjølvhjelpsverktøyet Mamma mia. Ein app som fremjar helse og trivsel for mor, barn og partnar under graviditeten og etter fødselen.
Slik ser framsida på tenesta Småbarnsliv ut:

Registrere høgda og vekta til barnet
I tenesta kan du òg registrere høgda og vekta til barnet sjølv, til dømes etter kontroll på helsestasjonen. Helsepersonell gjer ei heilskapsvurdering av måleresultata over tid, i samanheng med blant anna andre målingar, allmenntilstanden og sjukehistoria til barnet.
Det er normalt at barn veks i ulikt tempo, men veksten bør vanlegvis følge ei stabil kurve. Om du er bekymra bør du prate med helsestasjonen om dette.
Slik ser høgdekurva ut i tenesta Småbarnsliv:

Slik ser vektkurva ut i tenesta Småbarnsliv:
