Har du barn fra 0 til 2 år finner du også denne informasjonen på barnets profil når du logger inn på Helsenorge. Her kan du i tillegg registrere barnets høyde og vekt etter kontroller på Helsestasjonen. Les mer om den nye tjenesten Småbarnsliv.
De første tre månedene
0-2 veker
Den første tida handlar først og fremst om å bli kjend med kvarandre, gi nærleik og finne rytmen i det nye livet saman. Barnet ditt treng mykje omsorg, kjærleik og støtte til å få dekt grunnleggande behov som mat, søvn og stell.
Barn utviklar seg i sitt eige tempo. Di viktigaste oppgåve akkurat no er å bli kjend med barnet ditt.
Allereie tidleg vil barnet søke blikket ditt og vise interesse for ansikt. Gjennom lydar, blikk, ansiktsuttrykk og rørsler kommuniserer barnet heilt frå fødselen. Denne kommunikasjonen utviklar seg i samspel med deg og andre nære personar.
Les meir om språkutvikling hos barn.
Nyfødde gir ikkje alltid tydelege signal, så ver merksame på små teikn på kontakt. Når barnet opplever tryggleik, blir det meir ope for samspel og kommunikasjon.
Etter fødsel, er det anbefalt at du som har fødd går til ein etterkontroll. Kontrollen er gratis, og du kan enten gå til jordmor på helsestasjonen eller til fastlegen din. Du må sjølv bestille time til kontrollen.
På kontrollen tar de opp tema som
- helsa di etter fødsel
- korleis du har det fysisk og psykisk
- korleis førebygge komplikasjonar
- prevensjon
Du kan kontakte fastlege eller jordmor tidlegare om du ønsker det, eller om det oppstår komplikasjonar.
Siste del av svangerskapet kan vere ei intens tid, der både kropp og hovud førebur seg på fødselen. Mange kjenner på spenning og forventning. Fødselen er ein stor og naturleg prosess, og det er vanleg å kjenne seg både sliten og stolt etterpå. Ofte treng kroppen tid og kvile for å gradvis hente seg inn igjen. Etter fødsel kan den som har fødd oppleve endringar i kroppen, og begge foreldra kan merke forandringar i kjensler og samliv.
Barnegråt kan vekke sterke kjensler. Om barnet er vanskeleg å trøyste, kan de kjenne på hjelpeløyse, stress, frustrasjon eller sinne. De treng ikkje stå i dette åleine. Snakk med familie, venar eller nokon på helsestasjonen. Å dele tankane deira med lege eller helsesjukepleiar kan gi støtte og hjelp. Mange kommunar og frivillige organisasjonar tilbyr òg hjelp og avlasting.
Om de kjenner på redsel for å skade barnet dykkar, må de søke hjelp med ein gong. Å be om hjelp når noko blir for vanskeleg, er eit teikn på styrke.
Fysisk helse hos deg som har fødd
Mange opplever milde plager etter fødsel, som gradvis går over av seg sjølv. Dei første dagane er det vanleg å få etterrier, særleg ved amming. Dette er teikn på at livmora trekker seg saman slik ho skal.
Etter ein vaginal fødsel er det vanleg å bli hoven nedantil. Dette kan du lindre med kalde omslag, eller ved å sitte på ei mjuk pute.
Av og til kan det vere vanskeleg å halde igjen urin, særleg ved anstrengingar. Viss plagene ikkje gir seg, kan du søke hjelp hos fastlegen din, fysioterapeut, eller helsepersonell med kompetanse på bekkenbotn. Om du lekker avføring, må du ta kontakt med helsepersonell med ein gong.
Det er viktig å trene muskulaturen i bekkenbotnen både undervegs i svangerskapet og etter fødselen.
Les meir om bekkenbotnstrening.
Lett aktivitet kan gi energi og styrke tidleg i barseltida. Lytt til kroppen din, ta det gradvis, og start gjerne med kvardagsrørsler, som trilleturar og små gjeremål.
På denne sida finn du 6 enkle treningsvideoar du kan bruke i kvardagen.
Les meir om barsel og oppfølging etter fødsel.
Psykisk helse
Overgangen til foreldrerolla kan vere stor og kjenslene kan svinge. Gi deg sjølv tid til å bli kjend med barnet. Kjærleiken til barnet og tryggleiken i rolla som forelder veks ofte fram gradvis.
Det er normalt å kjenne sterke kjensler, både under svangerskapet og etter fødselen. Hormonforandringar kan òg gjere deg som har fødd ekstra kjenslevar i starten. Mange opplever barseltårer, der du blir lettare rørt eller græt meir enn vanleg. Dette går som regel over i løpet av den første veka.
Søk hjelp dersom mismot eller humørsvingingar ikkje går over, eller dersom det påverkar kvardagen din. Ta kontakt med helsestasjon, fastlege eller anna helsepersonell. Det er både vanleg og rett å be om hjelp.
Seksuell helse
Ein fødsel treng ikkje å påverke seksuallivet, men for nokon kan aktiviteten og lysta bli endra. På grunn av infeksjonsfare er det klokt å vente med vaginalt samleie til blødinga etter fødselen har stoppa. Nærleik og intimitet kan vere ein god start inntil de er klare til å ta opp igjen samleie.
Nyfødde et gjerne 8-12 gongar i døgnet, og stundom meir. Når barnet viser teikn til svolt, bør du tilby mat. Teikn på svolt hos nyfødde kan at barnet
- bevegar auga under augelokka
- smatter og stikk ut tunga
- beveger armar og bein
- søker etter brystet
- tar hender og fingrar til munnen
Hvordan vet jeg om barnet er sultent?
Ønsker du å se dette innholdet?
For å spille av denne videoen, trenger vi ditt samtykke.Morsmjølk er den beste maten for barnet ditt. Amming er i tillegg praktisk, hygienisk og miljøvenleg, og det kostar ikkje noko. All amming, også delamming, er gunstig for både mor og barn. Viss barnet ikkje får morsmjølk, eller det er behov for tillegg til morsmjølka, må barnet få morsmjølkerstatning. Det viktigaste er at barnet får mat, tryggleik og omsorg enten du ammer, gir morsmjølkerstatning eller ein kombinasjon.
Sjå videoar med råd og rettleiing om mat til nyfødde.
Amming
Den første tida bør barnet ammast ofte, og sjølv få bestemme når det skal ha mat. Nokre barn treng svært mange måltid i starten. Måltida kan fort glid over i kvarandre og bli meir til ammeperiodar enn skilde måltid. Ha gjerne barnet mykje hud-mot-hud med mor (når mor er vaken). Det kan bidra til at amminga får ein betre start.
Er råmelken tilstrekkelig for å mette barnet mitt
Ønsker du å se dette innholdet?
For å spille av denne videoen, trenger vi ditt samtykke.Brystspreng
Nokre dagar etter fødselen opplever mange å få brystspreng. Det er heilt normalt, og kjem av auka blodgjennomstrøyming til brystvevet. Brystet blir smertefullt og spent. Det kan vere vanskeleg for barnet å få godt sugetak. Brystspreng går oftast over etter nokre dagar. Det er inga kjend behandling, men det kan hjelpe at barnet ammar ofte, med eit godt sugetak.
Ammesjekkliste
Synest du det er vanskeleg å vurdere om barnet får nok morsmjølk, kan denne ammesjekklistea (pdf) vere til hjelp.
Det kan ta tid å få til amminga, og det er mange som ikkje har kome godt i gang når dei reiser heim frå sjukehuset. Be om ammerettleiing på sjukehuset eller på helsestasjonen om du synest det er vanskeleg å få til.
Meir informasjon om amming og morsmjølk.
Melkeproduksjon
Mjølkeproduksjonen blir stimulert av suginga til barnet, og av at mjølka blir mjølka ut av brystet. Jo oftare du ammar, desto meir mjølk produserer du.
Nokre nyfødde får ikkje soge direkte av brystet i starten. Då må du handmjølke eller pumpe for å få i gang mjølkeproduksjonen. Pump eller handmjølk i 10-15 minutt per bryst, minst åtte gongar i døgnet, inntil du har fått god mjølkeproduksjon.
Hvor ofte og hvor lenge skal jeg pumpe for å få i gang melkeproduksjonen?
Ønsker du å se dette innholdet?
For å spille av denne videoen, trenger vi ditt samtykke.Brystbetennelse
Nokre ammande kan få brystbetennelse. Betennelsen går som oftast over av seg sjølv, men nokon kan trenge behandling.
Morsmjølkerstatning
Viss barnet ikkje får morsmjølk, eller har behov for tillegg til morsmjølka, må barnet få morsmjølkerstatning. Morsmjølkerstatning inneheld dei næringsstoffa barn treng for å vekse og utvikle seg.
Mengdene på pakningane er rettleiande og ikkje eit mål om å nå høgast mogleg mengde ved kvart måltid.
Nokre barn et færre, men store måltid i løpet av døgnet. Andre et oftare og mindre mengder. Du kan vere trygg på at barnet får i seg nok mat når det verkar nøgd og legg på seg som venta. Helsestasjonen følger veksten og utviklinga til barnet over tid og kan gi rettleiing dersom du er usikker på kor mykje mjølk barnet treng.
Bruk reint utstyr og riktig laga morsmjølkerstatning eller morsmjølk.
Sjå videoar om mating av nyfødde.
Les meir om morsmølkerstatning.
Vitamintilskot
Barn som fullammes treng D-vitamintilskot frå dei er rundt ei veke gamle. Følg mengdetilvisinga på pakninga. Barn som får 7 dl morsmjølkerstatning eller meir per dag, får tilstrekkeleg med D-vitamin i morsmjølkerstatninga.
Om du ammar og har eit vegetarisk eller vegansk kosthald, er det spesielle behov for tilskot.
Når du steller ein nyfødd, gjer du ikkje berre praktiske oppgåver som bleieskift og vask. Det er òg eit viktig høve for å observere huda og allmenntilstanden til barnet. Slik kan du oppdage og førebygge begynnande plager tidleg.
Bleieskift
- Hold beinet til barnet med ei hand, og vask med den andre handa. Vask alltid framanfrå og bakover for god hygiene.
- Fjern først avføring med bleia.
- Ved mykje avføring, kan det vere fint å skylje barnet under rennande vatn. Sjekk alltid temperatur på vatnet, også undervegs for å unngå forbrenning.
- Er det avføring inni kjønnsleppene, vask det forsiktig bort med ein mjuk klut fukta med vatn eller babyolje.
- Ikkje trekk forhuda tilbake hos gutar.
- Tørk godt i alle hudfoldar etter vask og stell.
- Ta til slutt på ny tørr bleie.
- Vask alltid eigne hender etter bleieskift.
Navlestell
Navlestumpen vil som oftast falle av innan to veker etter fødselen. Det kan sive litt væske frå navlen, og navlen kan lukte litt vondt når han tørkar inn. Pass på at du held navlen rein og tørr, og vask eigne hender før du berører navlen.
For å stelle navlen kan du vaske med ein bomullspinne med reint vatn på. Etterpå tørkar du med ein tørr bomullspinne. Dersom det kjem urin eller avføring på navlestumpen, bør du vaske han med reint vatn, eventuelt litt mild såpe, og tørke godt etterpå. Bleia til barnet bør helst brettast ned, slik at ho ikkje dekker navlen.
Oppsøk helsepersonell dersom du mistenker infeksjon eller unormalt mykje puss frå navlen.
Negler
Nyfødde har mjuke negler som veks raskt. I starten bør du ikkje klippe dei, fordi det er vanskeleg å sjå kvar naglen sit fast i huda. For å unngå at barnet klorar seg, kan du rive varsamt av lause naglefliser, eller file neglene.
Augestell
For å reingjere auga kan du bruke ein mjuk, rein klut eller bomullsdott fukta med lunkent, reint vatn. Tørk forsiktig frå yttersida av auget og inn mot augekroken, eller frå den reinaste sidan mot der det er sekret.
Når barnet blir fødd kan det oppstå små blødingar i det kvite i auga. Dette forsvinn av seg sjølv i løpet av nokre veker. Det er òg vanleg at nyfødde har litt hovne augelokk dei første dagane etter fødsel.
Nyfødde kan ha litt sekret eller «kliss» i augevippene, og lett raudheit eller irritasjon i auga. Dette kjem ofte av tronge eller delvis blokkerte tårekanalar, og er ikkje farlege. Etter søvn kan augelokka klistre seg saman.
Dersom auga ikkje blir betre eller ved forverring, bør du kontakte lege.
Hudpleie hos nyfødde
Sjå over huda til den nyfødde kvar dagen, for å oppdage eventuelle utslett eller irritasjon. Det er vanleg at nyfødde har tørr hud som flassar, eller at dei får varmeutslett. Dette er som regel ufarleg og går over av seg sjølv.
Hudfoldar, som under armane, i nakken, bak øyra og i lysken, kan lett bli for fuktige og irriterte. Viss huda blir raud eller irritert, vil ho som regel bli betre ved å halde henne rein, tørr og godt lufta. La gjerne barnet ligge utan klede og bleie innimellom for å lufte huda, men pass på at barnet ikkje blir kald. I begynninga er det nok å vaske barnet med berre vatn.
Ta kontakt med helsestasjon dersom utslett eller irritasjon i huda ikkje betrar seg.
Tett nase og nysing
Det er vanleg at nyfødde nys for å reinse nasen for slim og fostervatn. Be om råd frå helsepersonell dersom barnet strever med tett nase som forstyrrar etinga.
Hovne bryst, hovn kjønnsorgan og utflod
Nyfødde kan få hovne brystvorter og hovne kjønnsorgan. Hos jentebarn kan det òg kome litt utflod frå skjeden. Dette er kroppslege endringar på grunn av hormonpåverknad frå tida i livmora. Endringane forsvinn vanlegvis gradvis av seg sjølve.
Søvn og vakenheit er etter fødselen styrt av medfødde prosessar i kroppen. Det kan likevel ta fleire månadar før barnet får ein fast døgnrytme og tydeleg kan skilje mellom natt og dag. Vakenperiodane varer vanlegvis 30–60 minutt. Då treng barnet ro, mat og nærleik.
For lange vakenperiodar kan gjere barnet uroleg. Sjå etter teikn på trøyttleik, som gjesping, uro eller at barnet ser vekk. Hud-mot-hud kontakt og nærleik, til dømes ved bæring, gjer det lettare å kjenne igjen signala til barnet.
Søvn hos nyfødde hengar tett saman med behov for mat, nærleik og omsorg. Dei fleste nyfødde som får morsmjølk, et minst 8–12 gongar i døgnet. I starten kan måltida gli over i såkalla “ammeperiodar”. Då et barnet hyppig over fleire timar, før det søv eit lengre strekk. Barn som får morsmjølkerstatning, har ofte færre og meir føreseielege måltid.
Les meir om søvn hos barn 0-2 år.
Hos barne-, ungdoms- og familiedirektoratet kan du òg lese meir om søvn (bufdir.no).
Trygg søvn
Det tryggaste er at nyfødde søv i eiga seng. Barnet skal sove på ryggen. Barn bør sove på same rom som foreldra dei første seks månadane. Unngå å dekke til vogn eller soveplass med teppe eller andre ting som kan gi dårleg lufting.
Samsoving
Vel du å sove i same seng som barnet ditt, kallast dette samsoving. Då er det viktig at du følger råda for å gjere dette på ein tryggast mogleg måte:
- ikkje bruk røyk eller snus
- ikkje ver påverka av alkohol, rusmiddel eller sløvande medisinar
- ha ei brei foreldreseng med fast, flat madrass
- gi barnet ei eiga lita og lett barnedyne
- sørg for at barnet ikkje kan trille ut eller falle ned i ein sprekk
- hald mjuke ting, som puter og kosedyr ute av senga
- ikkje sov med barnet i lenestol eller sofa
Ikkje samsov med barnet ditt, dersom det er fødd for tidleg.
Samsoving kan skje, sjølv om det ikkje er planlagt. Det er derfor viktig at alle foreldre kjenner til desse råda.
For dei minste barna er det særleg viktig med trygt stell, trygg soving og trygg eting.
Dei vanlegaste ulykkene i denne perioden er fall frå høgder eller brannskadar frå til dømes te eller kaffi.
Sikkert stell
Lag ein sikker stelleplass der du har alt av nødvendig utstyr innan rekkevidde. Sjølv nyfødde kan gjere plutselege rørsler, så ha alltid ei hand på barnet under stell. Ta barnet med deg om du må forlate stelleplassen.
Barnehuda er sensitiv, og forbrenningsskadar kan oppstå heilt ned til 40 grader. Du kan førebygge ulykker ved å måle temperaturen i badevatnet. Det bør ikkje vere varmare enn 37 grader.
Generelle råd for nyfødde
enkle tiltak kan ha gode og førebyggande effekt:
- Barnet skal sove på ryggen, for å redusere risikoen for krybbedød.
- Barn frå 0-1 år bør ikkje vere i direkte sollys, og bør vernast med skugge og dekkande klede.
- Barnevogna bør ikkje stå i direkte sollys.
- Bruk barnevogn og godkjent bilsete som er tilpassa storleiken og vekta til barnet.
- Om barn og dyr er saman, må det vere under tilsyn av vaksne.
- Kontrollar smokk og tåteflaske før du gir dei til barnet.
Ikkje riste barnet
Nyfødde er veldig sårbare, spesielt når det gjeld utvikling av hjernen. Du må til dømes aldri riste barnet for å vekke det eller for å få det til å slutte å gråte. Då kan du påføre barnet varig hjerneskade.
Barnegråt kan vekke sterke kjensler i oss. Dersom barnet er vanskeleg å trøyste kan det utløyse stressreaksjonar, frustrasjon og sinne. Du må ikkje gå åleine og slite med korleis du skal handtere dette. Snakk med partnar, lege eller helsestasjon, så får du hjelp. Står du i fare for å skade barnet ditt, be om hjelp med ein gong.
Dei fleste barn er fødde friske og utviklar seg fint, men plagar eller sjukdom kan oppstå. Det viktigaste du kan gjere er å observere barnet ditt og følge med på endring og utvikling.
Dersom barnet ditt har plager du ønsker hjelp til å vurdere, er den lokale helsestasjonen din og fastlegen til barnet tilgjengeleg for råd og rettleiing.
Viss barn under 3 månadars alder får hoste eller feber, skal du alltid kontakte lege.
Alle foreldre får tilbod om helseundersøkingar av sitt nyfødde barn, for å avdekke eventuelle avvik eller medfødde sjukdomar. Dei aller fleste barna som fødast til termin etter eit normalt svangerskap er friske.
Helsestasjon
Alle nyfødde i Noreg blir tilbodne oppfølging av helsestasjonen. Helsestasjonen er eit heilskapleg tilbod som omfattar helseundersøkingar, vaksinasjon, heimebesøk, helseopplysning og rettleiing.
På helsestasjonen kan du som forelder få hjelp og rettleiing frå helsesjukepleiar, jordmor, lege og fysioterapeut.
Les meir om helsestasjon for barn 0-5 år.
Heimebesøk
Dei første dagane etter heimkomst får de tilbod om besøk av jordmor. Barnet blir vege, og jordmor undersøker korleis både mor og det nyfødde barnet har det.
7 til 10 dagar etter fødsel får dykk tilbod om heimebesøk av helsesjukepleiar for råd og rettleiing om barnet og foreldrerolla. Tema som blir tatte opp er stell, søvn, tryggleik og trivselen til foreldra. Barnet blir vege og hovudomkrets blir målt.
Har du behov for rettleiing eller anna støtte før heimebesøka, kan du kontakte helsestasjonen. Kontaktinformasjon til helsestasjonen skal stå på nettsida til kommunen din.
Treng du hjelp eller nokon å snakke med?
Det finst ulike hjelpetelefonar og tenester for deg som treng nokon å snakke med. Her finner du ei oversikt over ulike hjelpetilbod innan temaer som rus, psykisk helse, vald og overgrep.
Blir du trua, utsette for vald, æresrelatert vald eller negativ sosial kontroll må du ta kontakt med politiet. Ring 112 ved behov for akutt hjelp.
Her finn du meir informasjon om vald og overgrep, og kven du kan kontakte for hjelp og støtte.
Døgnopen support for foreldre
Foreldresupport (mentalhelse.no) er ein døgnopen telefon- og chatteteneste for foreldre og andre omsorgspersonar som treng hjelp, rettleiing eller har behov for å lufte tankane sine med nokon.
Medisinsk hjelp
- Ring 113 ved alvorleg sjukdom eller ulykke.
- Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og du ikkje kan vente på hjelp.
- Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du kontakte fastlegen.
- Ring Giftinformasjonen tlf. 22 59 13 00 ved spørsmål om forgiftingar eller fare for forgifting.
2-6 veker
Frå fødselen kommuniserer barnet ditt med lydar, blikk, ansiktsuttrykk og rørsler. Denne utviklinga skjer i samspel med deg og andre, og tryggleik gjer barnet meir ope for kontakt.
Nyfødde gir ikkje alltid tydelege signal, så ver merksame på små teikn på kontakt. Barn utviklar seg i sitt eige tempo, og det viktigaste i denne perioden er at du blir godt kjend med barnet ditt.
Les meir om korleis kjærleik gir trygge barn (bufdir.no)
Hos nyfødde barn blir mange rørsler sette i gang av refleksar som skjer automatisk. Refleksane forsvinn etter kvart som barnet i større grad kan styre rørslene sine med viljen.
Barn kan lære fleire språk samtidig, så bruk morsmålet ditt aktivt. Snakk med barnet på det språket du meistrar best. Det gir barnet ei rikare språkleg erfaring, og hjelper det til å knyte ord til kjensler og opplevingar.
Etter fødsel, er det anbefalt at du som har fødd går til ein etterkontroll. Kontrollen er gratis, og du kan enten gå til jordmor på helsestasjonen eller til fastlegen din. Du må sjølv bestille time til kontrollen.
På kontrollen tar de opp tema som
- helsa di etter fødsel
- korleis du har det fysisk og psykisk
- korleis førebygge komplikasjonar
- prevensjon
Du kan kontakte fastlege eller jordmor tidlegare om du ønsker det, eller det oppstår komplikasjonar.
Den nye kvardagen som forelder kan opplevast som både spennande og annleis, særleg når de får deira første barn. Bruk tid på å bli kjend med barnet, og finn ein rytme som fungerer for familien. Det er normalt at det tar litt tid å kome inn i foreldrerolla. Du som har fødd kan merke endringar i kroppen, og begge foreldre kan oppleve nye kjensler og endringar i samlivet.
Ta vare på deg sjølv i denne fasen, og be om støtte når du treng det. Ta imot praktisk hjelp, sett av tid til kvile og aktivitet, og snakk med nokon du stolar på.
Barnegråt kan vekke sterke kjensler, særleg om barnet er vanskeleg å trøyste. Om du er redd for å skade barnet ditt, må du søke hjelp med ein gong. Å be om hjelp er ein styrke.
Søvn
Søvn og døgnrytme endrar seg ofte i starten. Det er normalt at små barn vaknar om natta og treng de. Prøv å kvile når barnet søv. Sjølv korte pausar kan gi meir overskot.
Fysisk aktivitet
Fysisk aktivitet kan gi betre humør, auka overskot, og betre søvn. Det reduserer òg symptom på angst og depresjon, og minkar risikoen for blodpropp.
Dei fleste kan starte varsamt med fysisk aktivitet allereie rett etter dei har fødd. Lytt til kroppen, start roleg og øyk gradvis etter kvart som du kjenner deg sterkare. Rørsler i kvardagen, som trilleturar, trappegåing, husarbeid og leik, er fine og trygge måtar å kome i gang på. I tillegg er det anbefalt å trene bekkenbotnen for å styrke muskulaturen etter svangerskap og fødsel.
Psykisk helse
Det er vanleg å kjenne sterke kjensler som nybakt forelder. Å få eit nyfødd barn markerer ein ny start for familielivet og innleier ein spesiell og meiningsfull fase.
For nokon går ikkje barseltårene over, og mismot eller humørsvingingar kan prege kvardagen. Ta kontakt med helsestasjon, fastlege eller anna helsepersonell om du treng tryggleik og støtte. Dei kan hjelpe deg med å forstå kva som er normale reaksjonar og kva som kan trenge oppfølging.
Det er godt å ha noko å gjere, òg som nybakt forelder. Vel aktivitetar som gir deg ei kjensle av meistring og meining i kvardagen.
Gode råd for god psykisk helse.
Seksuell helse
Det er ikkje sikkert fødselen påverkar seksuallivet, men for nokon kan aktiviteten og lysta endre seg.
På grunn av infeksjonsfare er det klokt å vente med vaginalt samleie til blødninga etter fødselen har stoppa. Dette gjeld òg ved bruk av sexleiketøy vaginalt. Har de vaginalt samleie før det har gått 6 veker etter fødselen, bør de bruke kondom.
For nokon kan samleie etter fødsel gjere vondt. Dette kan kome av rifter frå fødselen, eller at skjeden er tørr på grunn av hormonendringar under amming. Opplever du samleie som smertefullt, kan du be om råd hos jordmora eller fastlegen din.
Nærleik og intimitet kan vere ein god start inntil de er klare til å ta opp igjen samleie.
Når barnet viser teikn til svolt, bør du tilby mat. Teikn på svolt hos nyfødde kan vere at barnet
- bevegar auga under augelokka
- smatter og stikk ut tunga
- beveger armar og bein
- søker etter brystet
- tar hender og fingrar til munnen
Hvordan vet jeg om barnet er sultent?
Ønsker du å se dette innholdet?
For å spille av denne videoen, trenger vi ditt samtykke.Morsmjølk er framleis den beste maten for barnet ditt. Amming er i tillegg praktisk, hygienisk, miljøvenleg, og det kostar ikkje noko.
All amming, også delamming, er gunstig for både mor og barn. Dersom barnet ikkje får morsmjølk, eller det er behov for tillegg til morsmjølka, må barnet få morsmjølkerstatning. Det viktigaste er at barnet får mat, tryggleik og omsorg - enten du ammar, gir morsmjølkerstatning eller ein kombinasjon.
Les meir om mat til den nyfødte.
Amming og mjølkeproduksjon
Eit par veker etter fødsel er mjølkeproduksjonen vanlegvis godt i gang, og barnet har gjerne tatt igjen vekta det miste etter fødsel.
For nokon kan det ta tid å få til amminga. Be om ammerettleiing på helsestasjonen om du synest det er vanskeleg å få til.
Dei fleste barn regulerer sjølv kor ofte og kor mykje dei vil ete. Det er framleis viktig at barnet får kome til brystet når det viser teikn til svolt.
Det er normalt at barn et mykje og ofte nokre dagar. Andre dagar et dei litt mindre. Så lenge barnet veks og trivst, bør barnet få regulere matinntaket sjølv. Dersom du synest det er vanskeleg å vurdere om barnet får nok morsmjølk, kan denne ammesjekklista (helsedirektoratet.no) vere til hjelp.
Dagar med mange måltid kallast ofte økedøgn. Barnet verkar då ekstra svolte, eller vaknar kort tid etter førre måltid. Får barnet amme så ofte og mykje det vil, kan du merke at du får meir mjølk. Vanlegvis varer eit økedøgn i 1-2 dagar. Når barnet får bestemme etinga sjølv, vil mjølkemengda tilpasse seg behovet til barnet. Mjølkemengda di vil variere med veksten til barnet og etter kor mykje barnet et frå brystet.
Har barnet mitt økedøgn?
Ønsker du å se dette innholdet?
For å spille av denne videoen, trenger vi ditt samtykke.Du kan be om ekstra vektkontroll på helsestasjonen om du er usikker på om barnet et nok.
Det er mange måtar å halde barnet på når du ammar, og ulike stillingar passar i ulike situasjonar. Prøv deg fram til kva som passar for deg. Eit godt sugetak er viktig for at amminga skal fungere bra, og det hjelper deg med å unngå smerter og sår på brystknoppane.
Les meir om korleis få til eit godt sugetak.
Brystbetennelse
Mange ammande opplever å få ei grad av brystbetennelse. Betennelsen går som oftast over av seg sjølv, men nokon kan trenge behandling med antibiotika.
Morsmjølkerstatning
Viss barnet ikkje får morsmjølk, eller har behov for tillegg til morsmjølka, må barnet få morsmjølkerstatning. Morsmjølkerstatning inneheld dei næringsstoffa barn treng for å vekse og utvikle seg.
Mengdene på pakningane er rettleiande. Følg signala til barnet om barnet er mett, eller ønsker meir mat. Nokre barn et færre, men store måltid i løpet av døgnet. Andre et oftare og mindre mengder. Du kan vere trygg på at barnet får i seg nok mat når det verkar nøgd og legg på seg som venta. Helsestasjonen følger veksten og utviklinga til barnet over tid, og kan gi rettleiing dersom du er usikker på kor mykje mjølk barnet treng.
Bruk reint utstyr og riktig laga morsmjølkerstatning eller morsmjølk.
Sjå videoar om korleis du lagar morsmelk, matar barnet og reingjer utstyret.
Vitamintilskot
Barn som fullammes har behov for D-vitamintilskot frå dei er omkring ei veke gamle. Følg mengdetilvisinga på pakninga. Barn som får 7 dl morsmjølkerstatning eller meir per dag, får tilstrekkeleg med D-vitamin i morsmjølkerstatninga.
Dersom du ammar og har eit vegetarisk eller vegansk kosthald, er det spesielle behov for tilskot.
Når du steller eit nyfødd barn, gjer du ikkje berre praktiske oppgåver som bleieskift og vask. Dette er òg ei viktig moglegheit til å observere huda og allmenntilstanden til barnet. Slik kan du oppdage og førebygge begynnande plager tidleg.
Trøske i munnen
Trøske er ein soppinfeksjon som er ganske vanleg hos spedbarn før balansen mellom dei ulike mikroorganismane i munnhòla er på plass. Det viser seg som eit kvitt, noko forhøgd belegg. Det går vanlegvis over av seg sjølv og gjer som regel ikkje vondt. Om det ikkje forsvinn, ta kontakt med helsestasjon.
Bleieskift
- Hold beinet til barnet med ei hand, og vask med den andre handa. Vask alltid framanfrå og bakover for god hygiene.
- Fjern først avføring med bleia.
- Ved mykje avføring, kan det vere fint å skylje barnet under rennande vatn. Sjekk alltid temperatur på vatnet, også undervegs for å unngå forbrenning.
- Dersom det er avføring inni kjønnsleppene, vask det forsiktig bort med ein mjuk klut fukta med vatn eller babyolje.
- Ikkje trekk forhuda tilbake hos gutar.
- Tørk godt i alle hudfoldar etter vask og stell.
- Ta til slutt på ny tørr bleie.
- Vask alltid eigne hender etter bleieskift.
Under overskrifta tryggleik finn du råd for korleis du tar vare på tryggleiken til barnet på stellebordet.
Navlestell
Navlestumpen vil som oftast ha falle av innan to veker etter fødselen. Ta kontakt med helsestasjonen din dersom du har spørsmål om navlen eller navlestumpen. Ved mistanke om infeksjon skal du kontakte lege.
Lurar du på om barnet ditt har eit navlegranulom? Du kan sjå ein video om navlegranulom (vimeo.com).
Augestell
For å reingjere auga kan du bruke ein mjuk, rein klut eller bomullsdott fukta med lunkent reint vatn. Tørk forsiktig frå yttersida av auget og inn mot augekroken, eller frå den reinaste sidan mot der det er sekret.
Det er vanleg med litt sekret eller «kliss» i augevippene, og lett raudheit eller irritasjon i auga. Dette er ikkje farleg, og kjem ofte av tronge eller delvis blokkerte tårekanalar. Etter søvn kan augelokka klistre seg saman.
Dersom auga ikkje blir betre eller ved forverring, bør du kontakte lege.
Negler
Nyfødde har mjuke negler som veks raskt. I starten bør du ikkje klippe dei, fordi det er vanskeleg å sjå kvar naglen sit fast i huda. For å unngå at barnet klorar seg, kan du rive varsamt av lause naglefliser eller file neglene.
Nyfødde søv vanlegvis 14-17 timar i døgnet, men alt mellom 11 og 19 timar er rekna som normalt. Søvnen er oppdelt, og barnet skil enno ikkje mellom natt og dag. I denne perioden henger søvnen tett saman med behov for mat, kroppskontakt, støtte og omsorg.
Nyfødde som blir amma et vanlegvis 8-12 gongar i døgnet. I starten kan måltida kome tett, i såkalla ammeperiodar, etterfølgde av lengre søvnstrekk. Barn som får morsmjølkerstatning, har ofte færre og meir føreseielege måltid. Vakenperiodane varer som regel berre 30-60 minutt, og i denne tida treng barnet nærleik, mat og ro. For lange vakenperiodar kan gjere barnet uroleg.
Det kan vere nyttig å begynne å skilje mellom aktivitetar for dag og natt, for å støtte utviklinga av døgnrytmen. Nyfødde vaknar ofte om natta, og dette kan vere krevjande. Det er anbefalt å kvile når barnet søv. Undersøk gjerne om det er mogleg å få hjelp på dagtid, etter urolege netter.
Les meir om søvn hos barn 0-2 år.
Trygg søvn
Det tryggaste er at nyfødde søv i eiga seng. Barn skal sove på ryggen. Barn bør sove på same rom som foreldra dei første seks månadane. Unngå å dekke til vogn eller soveplass med teppe eller andre ting som kan gi dårleg lufting.
Om du vel å sove i same seng som barnet ditt (samsoving), er det viktig at du følger råda for å gjere dette på ein tryggast mogleg måte:
- Ikkje bruk røyk eller snus
- Ikkje ver påverka av alkohol, rusmiddel eller sløvande medisinar
- Ha ei brei foreldreseng med fast, flat madrass
- Gi barnet ei eiga lita og lett barnedyne
- Sørg for at barnet ikkje kan trille ut eller falle ned i ein sprekk
- Hald mjuke ting, som puter og kosedyr, ute av senga
- Ikkje sov med barnet i lenestol eller sofa
Ikkje samsov med barnet ditt, viss barnet er fødd for tidleg.
Samsoving kan skje, sjølv om det ikkje er planlagt. Det er derfor viktig at alle foreldre kjenner til desse råda.
For dei minste barna er det spesielt viktig at stell, søvn og måltid går føre seg på ein trygg måte.
I denne perioden er dei vanlegaste ulykkene at barn fell ned frå høgder, eller får brannskadar, til dømes frå varm te eller kaffi.
Sikkert stell
Lag ein sikker stelleplass, der du har alt av nødvendig utstyr innan rekkevidde. Sjølv nyfødde kan gjere plutselege rørsler, så ha alltid ei hand på barnet under stell. Ta barnet med deg om du må forlate stelleplassen.
Barnehuda er sensitiv, og forbrenningsskadar kan oppstå heilt ned til 40 grader. Du kan førebygge ulykker ved å måle temperaturen i badevatnet. Det bør ikkje vere varmare enn 37 grader.
Generelle råd
Enkle tiltak for god og førebyggande effekt:
- Barnet skal sove på ryggen for å redusere risikoen for krybbedød.
- Barn frå 0-1 år bør ikkje vere i direkte sollys, og bør vernast med skugge og dekkande klede.
- Barnevogna bør ikkje stå i direkte sollys.
- Bruk barnevogn og godkjent bilsete som er tilpassa storleiken og vekta til barnet.
- Om barn og dyr er saman, må det vere under tilsyn av vaksne.
- Kontrollar smokk og tåteflaske før du gir dei til barnet.
Ikkje rist barnet
Nyfødde er veldig sårbare, spesielt når det gjeld utvikling av hjernen. Du må til dømes aldri riste barnet for å vekke det eller for å få det til å slutte å gråte. Då kan du påføre barnet varig hjerneskade.
Barnegråt kan vekke sterke kjensler i oss. Dersom barnet er vanskeleg å trøyste kan det utløyse stressreaksjonar, frustrasjon og sinne. Du må ikkje gå åleine og slite med korleis du skal handtere dette. Snakk med partnar, lege eller helsestasjon, så får du hjelp. Står du i fare for å skade barnet ditt, be om hjelp med ein gong.
Dei fleste barn er fødde friske og utviklar seg fint, men plagar eller sjukdom kan oppstå. Det viktigaste du kan gjere er å observere barnet ditt og følge med på endring og utvikling.
Helsestasjonen din og fastlegen til barnet er tilgjengeleg for råd og rettleiing, dersom barnet har plager du ønsker hjelp til å vurdere.
Viss barn under 3 månadars alder får hoste eller feber, skal du alltid kontakte lege.
Helsestasjonen
Alle nyfødde i Noreg blir tilbodne oppfølging av helsestasjonen. Helsestasjonen er eit heilskapleg tilbod som omfattar helseundersøkingar, vaksinasjon, heimebesøk, helseopplysning og rettleiing.
På helsestasjonen kan du som forelder få hjelp og rettleiing frå helsesjukepleiar, jordmor, lege og fysioterapeut.
Les meir om helsestasjon for barn 0-5 år.
Helsestasjonen er opptatt av korleis du og barnet ditt har det. Om du har spørsmål eller noko du ønsker å fortelje, kan du ta dette opp i konsultasjonane. Skriv gjerne ned kva du lurar på.
Barnevaksinasjonsprogrammet
Alle barn som bur eller oppheld seg mellombels i Noreg, får tilbod om vaksinar gjennom vaksinasjonsprogrammet for barn. Vaksinane vernar mot 12 ulike sjukdomar, som alle kan vere livstruande eller føre til alvorlege skadar.
Vaksinasjon er frivillig. Vaksinane i barnevaksinasjonsprogrammet er gratis.
Snakk med helsestasjonen om barnevaksinane om de skal reise til utlandet før barnet er eitt år.
4 vekers konsultasjon (individuelt eller i gruppe)
Når barnet ditt er 4 veker gammalt, får de tilbod om ein gruppekonsultasjon på helsestasjonen. Dette er ein samtale med helsesjukepleiar, der foreldre med babyar på same alder deltar. Om du ikkje ønsker ein gruppekonsultasjon, eller dette ikkje er eit tilbod på helsestasjonen din, kan du få ein individuell samtale.
6 vekers konsultasjon
Når barnet er 6 veker, får de tilbod om ein individuell konsultasjon på helsestasjonen. Her møter de både helsesjukepleiar og lege. Barnet får tilbod om vaksine mot rotavirus. Vaksinen blir gitt i munnen og smakar søtt.
Treng du hjelp eller nokon å snakke med?
Det finst ulike hjelpetelefonar og tenester for deg som treng nokon å snakke med. Her finner du ei oversikt over ulike hjelpetilbod innan temaer som rus, psykisk helse, vald og overgrep.
Blir du trua, utsette for vald, æresrelatert vald eller negativ sosial kontroll må du ta kontakt med politiet. Ring 112 ved behov for akutt hjelp.
Her finn du meir informasjon om vald og overgrep, og kven du kan kontakte for hjelp og støtte.
Døgnopen support for foreldre
Foreldresupport (mentalhelse.no) er ein døgnopen telefon- og chatteteneste for foreldre og andre omsorgspersonar som treng hjelp, rettleiing eller har behov for å lufte tankane sine med nokon.
Medisinsk hjelp
- Ring 113 ved alvorleg sjukdom eller ulykke.
- Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og du ikkje kan vente på hjelp.
- Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du kontakte fastlegen.
- Ring Giftinformasjonen tlf. 22 59 13 00 ved spørsmål om forgiftingar eller fare for forgifting.
6 veker-3 månadar
Barn i denne alderen utviklar seg raskt, både fysisk, mentalt og motorisk, og perioden er viktig for å lære grunnleggande rørsler. Barn som ikkje flyttar seg sjølve endå, bør få ligge jamleg på magen under tilsyn av ein vaksen. Barnet kan til dømes ligge på golvet og løfte hovudet. Det styrker musklane og gir eit godt grunnlag for vidare utvikling.
No begynner barnet ditt å kommunisere med små pludrelydar, som «æ» og «a». Det søker blikkontakt, kjennar igjen lydar og brukar både lydar og ansiktsuttrykk for å vise kva det vil. Du kan støtte språkutviklinga ved å vere nær og merksam. Lytt til barnet, svar på lydane, etterlikn uttrykka og gi barnet tid til å svare. Sett ord på det de gjer og opplever saman, og bruk kvardagen til leik og glede med språk.
Les meir om språkutvikling hos barn.
Når du viser kjærleik, gir støtte og er til stades, kjenner barnet seg trygg og verdifull. Dette gir eit godt grunnlag for vidare utvikling. Tryggleik, tilknyting og tilhøyrsel høyrer saman. Barnet ditt treng dette for å ha det bra, lære og utvikle seg, både åleine og saman med andre. Det påverkar òg korleis barnet etter kvart møter andre og skapar sine eigne relasjonar.
Les meir om korleis kjærleik gir trygge barn (bufdir.no).
Bruk av skjerm
Barn utviklar seg best i sosialt samspel med trygge omsorgspersonar. Som rollemodell påverkar du skjermvanane til barnet gjennom din eigen bruk. Når du brukar skjerm kan du bli mindre tilgjengeleg for barnet, og svekke kvaliteten i samspelet mellom dykk.
Når vaksne er saman med barn under 2 år er det anbefalt å
- avgrense eigen skjermbruk og sørge for å ha skjermfrie periodar
- unngå å bruke skjerm for å trøyste eller avleie barnet frå negative kjensler
- unngå at det blir brukt skjerm under måltid, amming og flaskemating
- unngå å ha på skjerm i bakgrunnen
Å ta vare på eiga helse som foreldre er ei viktig investering i familielivet. Når de varetar dykk sjølve og kvarandre, legg de eit godt grunnlag for tryggleik, overskot og gode relasjonar i kvardagen med barnet. Små grep for eigenomsorg og støtte undervegs kan styrke både dykk som foreldre og familien samla sett.
Fysisk helse
Regelmessig fysisk aktivitet førebygger plager og er viktig for god helse, livskvalitet og overskot i kvardagen. Sjølv små grep i kvardagen kan ha mykje å seie.
Kroppen er framleis i endring etter fødselen, og det er viktig å lytte til eigne grenser. Prøv å vere i litt rørsle kvar dag. Du treng ikkje trene hardt for å få effekt. Korte økter og roleg aktivitet gir òg helsegevinst. Etter kvart kan du auke til meir samanhengande aktivitet, som til dømes raske trilleturar som gjer deg litt varm og andpusten.
Aktivitetar som passar inn i livet med ein liten baby:
- Gå tur med barnevogn, åleine eller saman med andre.
- Gjer enkle styrke- eller bekkenbunnsøvelser heime.
- Avgrens lengre periodar med stillesitting ved å bevege deg litt innimellom.
Les meir om trening etter fødsel.
Psykisk helse
Det er godt å ha noko å gjere, òg som nybakt forelder. Vel aktivitetar som gir deg ei kjensle av meistring og meining i kvardagen. Å møte menneske og kjenne tilhøyrsel kan òg gi både støtte og energi. Prøv å legge til rette for ein kvardag der du gjer noko som kjennest bra for deg, og der du er saman med andre innimellom - enten det er familie, venar eller andre foreldre.
Tenk gjennom kva som kan gi deg påfyll: Kva likar du å gjere? Kva kan skape små stunder av trivsel i dagen? Kvar kan du møte andre du kjenner deg trygg med?
Les meir om gode råd for bedre psykisk helse.
Søk støtte dersom du kjenner mismot eller bekymringar påverkar helsa eller kvardagen din. Helsestasjon, fastlege eller anna helsepersonell kan gi deg tryggleik og støtte, og hjelpe deg å forstå kva som er normale reaksjonar og kva som kan trenge oppfølging.
Søvn
Søvn er viktig for helsa, men det er normalt at netta blir uføreseielege i småbarnstida. Kroppen toler periodar med avbroten søvn, og mange opplever at det hjelper å kvile når barnet søv. Sjølv små pausar kan gi meir overskot.
Informasjonsvideo om søvn og småbarnstid (bufdir.no).
Seksuell helse
Ein fødsel treng ikkje å påverke seksuallivet, men for nokon kan aktiviteten og lysta endre seg. Det kan kome av hormonendringar eller at du er trøytt fordi døgnrytmen er forstyrra. Det kan òg kome av at merksemda di er retta mot den nyfødde, som du skal ta deg av og som krev mykje nærleik.
Nokon kan òg oppleve eit seksuelt overskot og ha eit godt samliv i denne perioden. For nokon kan blant anna amming gi ei forsterka kjensle av feminitet og seksualitet. Endringar i aktivitet og lyst er normalt. Prøv dykk fram for å finne ut kva som blir rett for dykk.
Det er framleis vanleg at barnet har behov for å ete ofte. Måltida kan gli over i kvarandre og bli meir til ammeperiodar meir enn skilde måltid. Nokre barn kjem ganske raskt inn i ein rytme, medan andre varierer veldig. Begge delar er like normalt. Etter kvart er det vanleg at barnet vil ha færre måltid i døgnet, blant anna fordi det et meir per måltid.
Hvordan vet jeg om barnet er sultent?
Ønsker du å se dette innholdet?
For å spille av denne videoen, trenger vi ditt samtykke.Barnet har framleis behov for mat på natta.
Når barnet får mat, er det eit fint høve til å skape nærleik og kontakt. Legg bort mobilen når barnet et, gi blikkontakt og hald barnet nær deg om du gir flaske. Dette styrker bandet mellom dykk og gir barnet tryggleik.
Morsmjølk er framleis den beste maten for barnet ditt. Amming er i tillegg praktisk, hygienisk og miljøvenleg, og det kostar ikkje noko.
All amming, også delamming, er gunstig for både mor og barn. Viss barnet ikkje får morsmjølk, eller det er behov for tillegg til morsmjølka, må barnet få morsmjølkerstatning. Det viktigaste er at barnet får mat, tryggleik og omsorg - enten du ammar, gir morsmjølkerstatning eller ein kombinasjon.
Her kan du sjå fleire videoar om mat til små barn.
Amming og mjølkeproduksjon
Dei fleste barn regulerer sjølv kor ofte og kor mykje dei vil ete. Det er framleis viktig at barnet får kome til brystet når det viser teikn til svolt.
Det er normalt at barn et mykje og ofte nokre dagar. Andre dagar et dei litt mindre. Så lenge barnet veks og trivst, bør barnet få regulere matinntaket sjølv. Du kan be om ekstra vektkontroll på helsestasjonen om du er usikker på om barnet et nok.
Dagar med mange måltid kallas ofte økedøgn. Barnet verkar då ekstra svolte eller vaknar kort tid etter førre måltid. Får barnet amme så ofte og mykje det vil, kan du merke at du får meir mjølk. Vanlegvis varer eit økedøgn i 1-2 dagar. Når barnet får bestemme, vil mjølkemengda tilpasse seg behovet til barnet. Mjølkemengda di vil variere med veksten til barnet og etter kor mykje barnet et frå brystet. Nokre barn vil òg ete oftare når dei ikkje er i form, fordi brystet gir tryggleik og kos.
Det er mange måtar å halde barnet på når du ammar, og ulike stillingar passar i ulike situasjonar. Prøv deg fram til kva som passar for deg. Eit godt sugetak er viktig for at amminga skal fungere bra, og det hjelper deg med å unngå smerter og sår på brystknoppane.
Det kan ta tid å få til amminga. Be om ammerettleiing på helsestasjonen om du synest det er vanskeleg å få til.
Morsmjølkerstatning
Viss barnet ikkje får morsmjølk, eller har behov for tillegg til morsmjølka, må barnet få morsmjølkerstatning. Morsmjølkerstatning inneheld dei næringsstoffa barn treng for å vekse og utvikle seg.
Mengdene på pakningane er rettleiande. Følg signala til barnet om barnet er mett, eller ønsker meir mat.
Nokre barn et færre, men store måltid i løpet av døgnet. Andre et oftare og mindre mengder. Du kan vere trygg på at barnet får i seg nok mat når det verkar nøgd og legg på seg som venta. Helsestasjonen følger veksten og utviklinga til barnet over tid og kan gi rettleiing dersom du er usikker på kor mykje mjølk barnet treng.
Bruk reint utstyr og riktig laga morsmjølkerstatning eller morsmjølk.
Her kan du sjå videoar om morsmjølk, matar ein nyfødd og reingjer utstyret.
Vitamintilskot
Barn som fullammes har behov for D-vitamintilskot frå dei er omkring ei veke gamle. Følg mengdetilvisinga på pakninga. Barn som får 7 dl morsmjølkerstatning eller meir per dag, får tilstrekkeleg med D-vitamin i morsmjølkerstatninga.
Dersom du ammar og har eit vegetarisk eller vegansk kosthald, er det spesielle behov for tilskot.
Bleieskift og nærleik
Det første leveåret treng barnet hyppige bleieskift. Bruk desse stundene til nærleik og kontakt. Snakk med barnet, syng eller leik. Du kan òg legge fram enkle ting barnet kan sjå på, som ein spegel eller ei uro over stelleplassen. Dette stimulerer både sansar og samspel.
Litt meir aktiv på stellebordet
Barnet blir etter kvart meir bevegeleg og nysgjerrig. Ha derfor alltid ei hand på barnet under stell, og forlat det aldri åleine på stellebordet.
Bleieutslett
Barn kan få sår hud i bleieområdet. Sørg for hyppige bleieskift, lufting og skånsam reingjering. Les meir om bleieutslett.
Under periodane 0-2 veker og 2-6 veker finn du fleire praktiske råd og rettleiing for stell av barnet.
Kor godt barnet søv, avheng blant anna av omgivnadar, barnet si eiga utvikling og helse.
Legging og innsovning
Nokre barn treng like rammer kvar gong dei skal sove. Andre er meir fleksible og kan sove kvar som helst. Nokon søv gjennom både lyder og uro, medan andre vaknar lettare. Barn vaknar ofte når du prøver å legge det frå deg. Det kan vere enklare å legge barnet ned når det er i djup søvn.
Tips til legging:
- Samle armane og støtt kroppen godt.
- La det vere mørkt på rommet om natta.
- Unngå bleieskift, så lenge barnet ikkje har avføring i bleia.
Om du ammar, kan forsvarleg samsoving i nokre tilfelle bidra til meir søvn og kvile for dykk begge.
Les meir om søvn hos barn 0-2 år.
Søvnsyklus
Både barn og vaksne søv i søvnsyklusar som består av aktiv (lett) og stille (djupare) søvn. Hos spedbarn varer ein søvnsyklus 45–60 minutt og er annleis enn hos vaksne. Nyfødde har mykje aktiv søvn, som er viktig for utviklinga av hjernen. I denne fasen bevegar dei seg meir, lagar lydar og vaknar lettare, noko som gjer det enklare for dei å signalisere behov. Søvnsyklusen startar i aktiv søvn, går over i stille søvn og deretter tilbake til aktiv søvn.
Søvnmønsteret til barnet er uføreseieleg dei første leveåra, fordi døgnrytmen utviklar seg gradvis. Rundt 2-3 månadars alder begynner barnet ofte å vere meir vakent på dagtid, og nokon kan sove lengre strekk på starten av natta.
Foreldre som er bekymra for søvnen til barnet eller eigen søvn, bør ta kontakt med helsestasjon eller fastlege.
For dei minste barna er det særleg viktig med trygt stell, trygg soving og trygg eting.
Dei vanlegaste ulykkene i denne perioden er fall frå høgder, små ting som set seg fast i halsen eller brannskadar frå til dømes te eller kaffi.
Sikkert stell
Lag ein sikker stelleplass der du har alt av nødvendig utstyr innan rekkevidde. Sjølv nyfødde kan gjere plutselege rørsler, så ha alltid ei hand på barnet under stell. Ta barnet med deg om du må forlate stelleplassen.
Barnehuda er sensitiv, og forbrenningsskadar kan oppstå heilt ned til 40 grader. Du kan førebygge ulykker ved å måle temperaturen i badevatnet. Det bør ikkje vere varmare enn 37 grader.
Generelle råd
Enkle tiltak kan ha gode og førebyggande effekt:
- Barnet skal sove på ryggen, for å redusere risikoen for krybbedød.
- Barn frå 0-1 år bør ikkje vere i direkte sollys, og bør vernast med skugge og dekkande klede.
- Barnevogna bør ikkje stå i direkte sollys.
- Bruk barnevogn og godkjent bilsete som er tilpassa storleiken og vekta til barnet.
- Om barn og dyr er saman, må det vere under tilsyn av vaksne.
- Rydd vekk små ting som barnet kan putte i munnen.
Kontrollar smokk og tåteflasker før du gir dei til barnet.
Ikkje rist barnet
Nyfødde er veldig sårbare, spesielt når det gjeld utvikling av hjernen. Du må til dømes aldri riste barnet for å vekke det eller for å få det til å slutte å gråte. Då kan du påføre barnet varig hjerneskade.
Barnegråt kan vekke sterke kjensler i oss. Dersom barnet er vanskeleg å trøyste kan det utløyse stressreaksjonar, frustrasjon og sinne. Du må ikkje gå åleine og slite med korleis du skal handtere dette. Snakk med partnar, lege eller helsestasjon, så får du hjelp. Står du i fare for å skade barnet ditt, be om hjelp med ein gong.
Dei fleste barn er fødde friske og utviklar seg fint, men plagar eller sjukdom kan oppstå. Det viktigaste du kan gjere er å observere barnet ditt og følge med på endring og utvikling.
Helsestasjonen og fastlegen er tilgjengeleg for råd og rettleiing, dersom barnet har plager du ønsker hjelp til å vurdere.
Viss barn under 3 månadars alder får hoste eller feber, skal du alltid kontakte lege.
Helsestasjonen
Alle barn i Noreg blir tilbodne oppfølging av helsestasjonen. Helsestasjonen er eit heilskapleg tilbod som omfattar helseundersøkingar, vaksinasjon, heimebesøk, helseopplysning og rettleiing.
På helsestasjonen kan du som forelder få hjelp og rettleiing frå helsesjukepleiar, jordmor, lege og fysioterapeut.
Les meir om helsestasjon for barn 0-5 år.
Helsestasjonen er opptatt av korleis du og barnet ditt har det. Om du har spørsmål eller noko du ønsker å fortelje, kan du ta dette opp i konsultasjonane. Skriv gjerne ned kva du lurar på.
Barnevaksinasjonsprogrammet
Alle barn som bur eller oppheld seg mellombels i Noreg, får tilbod om vaksinar gjennom vaksinasjonsprogrammet for barn.
Vaksinane vernar mot 12 ulike sjukdomar, som alle kan vere livstruande eller føre til alvorlege skadar.
Vaksinasjon er frivillig. Vaksinane i barnevaksinasjonsprogrammet er gratis.
Snakk med helsestasjonen om barnevaksinane om de skal reise til utlandet før barnet er eitt år.
3 månadars konsultasjon
Når barnet er 3 månadar, får de tilbod om ein individuell konsultasjon med helsesjukepleiar på helsestasjonen. Hovudomkretsen, vekta og lengda på barnet blir målt. Den generelle utviklinga til barnet blir undersøkt. Det inneber at helsesjukepleiar undersøker kroppen til barnet, høyrsel, syn, blikkontakt, språk og rørsler. Barnet blir observert og undersøkt utan klede.
Barnet får tilbod om tre vaksinar:
- Første dose av vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt, Hib-infeksjon og hepatitt B. Vaksinen blir gitt med sprøyte.
- Første dose av pneumokokkvaksine. Vaksinen blir gitt med sprøyte.
- Andre dose av vaksine mot rotavirus. Vaksinen blir gitt i munnen og smakar søtt.
Treng du hjelp eller nokon å snakke med?
Det finst ulike hjelpetelefonar og tenester for deg som treng nokon å snakke med. Her finner du ei oversikt over ulike hjelpetilbod innan temaer som rus, psykisk helse, vald og overgrep.
Blir du trua, utsette for vald, æresrelatert vald eller negativ sosial kontroll må du ta kontakt med politiet. Ring 112 ved behov for akutt hjelp.
Her finn du meir informasjon om vald og overgrep, og kven du kan kontakte for hjelp og støtte.
Døgnopen support for foreldre
Foreldresupport (mentalhelse.no) er ein døgnopen telefon- og chatteteneste for foreldre og andre omsorgspersonar som treng hjelp, rettleiing eller har behov for å lufte tankane sine med nokon.
Medisinsk hjelp
- Ring 113 ved alvorleg sjukdom eller ulykke.
- Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og du ikkje kan vente på hjelp.
- Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du kontakte fastlegen.
- Ring Giftinformasjonen tlf. 22 59 13 00 ved spørsmål om forgiftingar eller fare for forgifting.
Fra tre til seks måneder
3-6 månadar
No blir babyen din stadig meir vaken, aktiv og merksam på verda rundt seg. Barnet følger med, søker kontakt og lærer gjennom leik, nærleik og samspel. Barnet kan til dømes begynne å smile og le når det høyrer ei kjend stemme eller ser eit kjent ansikt.
Barn utviklar seg i sitt eige tempo. I denne perioden aukar muskelkontrollen, og rørslene blir meir målretta. Barnet lærer å løfte hovudet og overkroppen, og vil etter kvart begynne å rulle frå rygg til mage og omvend. Handkoordinasjonen utviklar seg òg. Barnet begynner bevisst å gripe etter ting, fører dei til munnen og utforskar dei med både hender og munn.
Språket til barnet
Rundt 3-4 månadars alder begynner dei fleste å lage babylydar, som “ba-ba” og “da-da". Babyen prøver òg å snakke tilbake når du snakkar med hen. Barn kan lære fleire språk samtidig, så bruk morsmålet ditt aktivt. Ved å snakke med barnet på det språket du meistrar best, kan du gi barnet ditt ei rikare språkleg erfaring.
Dei første seks månadane er det ingen grunn til å gi barnet annan mat og drikke enn morsmjølk eller morsmjølkerstatning så sant barnet veks som det skal.
Nokre barn kan ha behov for fast føde litt tidlegare. Det er trygt å starte med fast føde ved fire månadar, men ikkje før. Det er først ved 4 månadar at fordøyingssystema og nyrene til barnet er nok utvikla til å tole fast føde.
Til å begynne med bør maten vere finmost, nesten flytande. Start varsamt med ei lita mengde. Ei teskei kan vere nok i begynninga. Auk mengda gradvis, i takt med behovet til barnet og signal.
Frå 3 månadar begynner barnet å produsere søvnhormonet melatonin, som hjelper barnet å sove i lengre strekk om natta. Dei fleste barn på denne alderen søv 12-15 timar gjennom døgnet, men alt frå 10 til 18 timar er normalt. Verkar barnet utkvilt etter natta og ser ut til å ha det bra, har det nok fått tilstrekkeleg søvn.
Barnet skal sove på ryggen.
Døgnrytme og søvnsyklus
Barn på denne alderen aukar gradvis evna til å vere vakne over tid. Dei fleste barn vaknar framleis på natta. Når barnet vaknar på natta, er det lurt å gjere minst mogleg som kan forstyrre døgnrytmen deira.
I periodar kan barnet vere i vekst og utvikling og ha behov for meir støtte for å sovne.
Ved krevjande netter – del på ansvaret om de er to. Be gjerne om hjelp frå andre for å få litt kvile.
Tips til legging og innsovning
Dei fleste barn treng litt hjelp og støtte for å sovne. Å amme eller mate barnet i søvn kan fungere godt, men utforsk gjerne om barnet kan få hjelp til å sovne på andre måtar òg.
Det er lurt å sørge for dagslys og aktivitet på dagtid, og dempa lys og aktivitet om kvelden. Det hjelper barnet med å skilje mellom dag og natt. I denne alderen kan du etablere faste kveldsrutinar, som til dømes eit bad.
Vaknar barnet ditt svært ofte, og har lite samanhengande søvn, kan du sjå om det hjelper å til dømes stryke lett på barnet eller hjelpe det med å samle armane inntil kroppen.
Barnet blir no meir aktivt, og det er lurt å sikre heimen før det begynner å reise seg og bevege seg rundt. Det kan førebygge ulykker som fall eller at barnet får tunge gjenstandar over seg.
Enkle tiltak kan ha god og førebyggande effekt:
- Sikre trapper med grind, og sørg for barnesikring på vindauge.
- Fest møblar til veggen, som til dømes kommodar, bokhyller og skjermar.
- Rydd bort små gjenstandar som barnet kan putte i munnen.
- Ha tilsyn når barnet et og drikk, og kontroller at smokken er heil.
- Ikkje ha barnet på fanget når du drikk noko varmt.
- Sjekk at sprinklane på sprinkelsenga har maks 6 cm avstand, og at sidene er minst 60 cm høge.
- Følg monteringsrettleiing for bilsete, og slå av kollisjonspute framfor viss barnet sit der.
- Unngå at barnet er i direkte sol.
- Ha tilsyn med barnet ved bading eller når barnet er i nærleiken av vatn.
Dei vanlegaste ulykkene i denne perioden er
- fall frå høgder
- små gjenstandar som set seg fast i halsen
- brannskadar frå til dømes te eller kaffi
Her kan du få hjelpVed ei alvorleg ulykke, ring 113. Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.
Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00.
Det er vanleg at barn i denne perioden opplever sjukdom og plager. Immunsystemet deira er framleis under utvikling, og kroppen bygger gradvis opp eit vern mot ulike infeksjonar.
Vanlege plager og sjukdomar for barn i denne perioden er:
- feber
- utslett
- hoste
- tett nase
- vondt i magen
Dei fleste sjukdomar i denne alderen er ufarlege og går over av seg sjølv. Får barnet ditt teikn på sjukdom eller infeksjon, er det viktig at du måler temperaturen og følger med på endringar i allmenntilstanden. Om du er usikker, ikkje nøl med å kontakte helsepersonell for råd og rettleiing.
Les meir om barnesjukdomar og vanlege plager hos barn.
Her kan du få hjelp
Ved alvorleg sjukdom skal du ringe medisinsk nødnummer på 113.
Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Legevakta er døgnopen.
Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du ta kontakt med fastlegen. Helsestasjonen kan hjelpe deg om du treng råd om søvn, mat eller andre tema knytte til spedbarnsfasen.
Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00.
3 månadars konsultasjon
Når barnet er 3 månadar, får de tilbod om ein individuell konsultasjon med helsesjukepleiar på helsestasjonen.
Barnet får tilbod om tre vaksinar:
- Første dose av vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt, Hib-infeksjon og hepatitt B. Vaksinen blir gitt med sprøyte.
- Første dose av pneumokokkvaksinen. Vaksinen blir gitt med sprøyte.
- Andre dose av vaksine mot rotavirus. Vaksinen blir gitt i munnen og smakar søtt
4 månadars konsultasjonNår barnet er 4 månadar, får de tilbod om ein gruppesamtale med helsesjukepleiar saman med andre foreldre. Om du ikkje ønsker ein gruppekonsultasjon, eller dette ikkje er eit tilbod på helsestasjonen din, kan du få ein individuell samtale.
5 månadars konsultasjon
Når barnet er 5 månadar, får de tilbod om ein individuell konsultasjon med helsesjukepleiar.
Barnet får tilbod om vaksine:
- Andre dose av vaksinen mot difteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt, Hib-infeksjon og hepatitt B.
- Andre dose av pneumokokkvaksinen.
Vaksinane blir gitt med sprøyte i låret.
6 månadars konsultasjon
Når barnet er 6 månadar, får de tilbod om ein individuell konsultasjon med helsesjukepleiar og lege.
Treng du hjelp eller nokon å snakke med?
Det finst ulike hjelpetelefonar og tenester for deg som treng nokon å snakke med. Her finner du ei oversikt over ulike hjelpetilbod innan temaer som rus, psykisk helse, vald og overgrep.
Blir du trua, utsette for vald, æresrelatert vald eller negativ sosial kontroll må du ta kontakt med politiet. Ring 112 ved behov for akutt hjelp.
Her finn du meir informasjon om vald og overgrep, og kven du kan kontakte for hjelp og støtte.
Døgnopen support for foreldre
Foreldresupport (mentalhelse.no) er ein døgnopen telefon- og chatteteneste for foreldre og andre omsorgspersonar som treng hjelp, rettleiing eller har behov for å lufte tankane sine med nokon.
Medisinsk hjelp
- Ring 113 ved alvorleg sjukdom eller ulykke.
- Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og du ikkje kan vente på hjelp.
- Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du kontakte fastlegen.
- Ring Giftinformasjonen tlf. 22 59 13 00 ved spørsmål om forgiftingar eller fare for forgifting.
Fra seks til 12 måneder
6-12 månadar
Dette er ein viktig periode for å utvikle motorikk og grunnleggande rørsler. La barnet utforske og leike ut frå utviklingsnivået sitt. Ved 6 månadar kan mange barn sitte med støtte. Nokon klarar òg å sitte ei kort stund utan hjelp.
Barn som ikkje flyttar seg endå, bør få tid til å vere aktive på magen. Dette må alltid vere under tilsyn av ein vaksen.
Døme på aktivitetar er å
- ligge på magen
- løfte hovudet
- åle og krype
- sitte
- reise seg og å stå
Finmotorikken til barnet blir utvikla i denne perioden. Barnet lærer å gripe ting med tommel og peikefinger, også kalla pinsettgrep. Koordinasjonane blir forbetra og barnet elskar å gripe, sleppe, kaste og plukke opp ting igjen
Språket til barnet
I denne perioden brukar barnet lydar, peiking og rørsler for å uttrykke seg, som til dømes å vinke. Barnet begynner å kjenne igjen namnet sitt og å forstå enkle ord og uttrykk. Ved å snakke saman, synge, lese og sette ord på det de gjer, støttar du både språket og samspelet mellom dykk. Barn viser stor glede av å leike med andre, som til dømes “borte - tittei”.
Slik kan du støtte språkutviklinga til barnet:
- Bruk kvardagslege situasjonar til leik og samtale.
- Les bøker med bilete og peik på bileta medan de snakkar om dei.
- La barnet leike med andre barn for å fremje språklege og sosiale ferdigheiter.
- Sett ord på det du trur barnet uttrykker og kjenner.
- Sett ord på det barnet ser på, og det de gjer saman.
- Gi meining til ord barnet seier. Viss barnet til dømes seier «hund», kan du seie «Ja, det er ein stor hund som bjeffar».
- Bruk gjentakingar, rytme og song for å gjere språket morosamare og lettare å hugse.
I denne perioden startar nokre barn i barnehagen. Dette kan gi urolege periodar og protestar, men barnet tilpassar seg gradvis med støtte frå omsorgspersonane rundt seg
Bruk av skjerm
Barn er i rask utvikling dei første leveåra. Hjernen utviklar seg best i sosialt samspel med trygge vaksne rundt seg. For å fremje god utvikling hos små barn, er det viktig at dei får utforske miljøet sitt på ein trygg måte. Døme er aktivitetar som leik, snakking, lesing og synging. Det er ikkje anbefalt at barn under 2 år brukar skjerm.
Som vaksen bør du:
- Avgrense eigen skjermbruk når du er saman med barn.
- Ikkje nytte skjerm for å trøyste eller avleie barnet frå negative kjensler.
- Unngå å bruke skjerm under måltid.
- Unngå å ha på skjerm i bakgrunnen
Morsmjølk eller morsmjølkerstatning er den viktigaste næringa for barnet heile det første året.
Introduksjon av fast føde
Når barnet ditt er rundt seks månadar, er det på tide å introdusere fast føde.
Barnet kan allereie frå start få mange ulike matvarer. Tilby små porsjonar, tilsvarande ei teskei. Etter kvart kan du auke mengda etter behova og signala til barnet.
Til å begynne med bør maten vere finmost, nesten flytande. Etter kvart kan konsistensen gradvis bli fastare og grovare. La barnet smake mykje ulik mat. Gjer måltida hyggelege og legg til rette for at barnet kan ete sjølv og delta aktivt i måltidet.
For barn som er 6-8 månadar passar det med 2-3 måltid om dagen.
Den første tanna til barnet
Rundt 6–8 månadar får mange barn si første tann. Det er vanleg at det er ei fortann i underkjeven som kjem først.
Teikn på at barnet får tenner kan vere
- sikling
- kløe
- behov for å tygge
Å tygge på ein avkjølt bitering i gummi kan lindre plagene. Det er vanleg at barn blir meir urolege, og nokon kan få litt feber når dei får tenner. Høg feber kjem av andre ting enn tenner.
Tannpuss
Når den første tanna kjem, er det tid for å starte med tannpuss. Puss tennene til barnet ditt morgon og kveld med ein liten, mjuk tannkost. Små barn kan ikkje spytte. Derfor er det viktig å avgrense mengda tannkrem. Bruk ei knapt synleg mengde fluortannkrem (0,1 ml). I begynninga kan barnet ligge når de pussar tenner. Etter kvart kan barnet sitte på fanget ditt, med hovudet i armkroken din.
Gjer tannpussen til ein hyggeleg rutine.
Dei fleste barn i alderen 6 til 12 månadar søv mellom 12 og 15 timar i døgnet, men alt frå 10 til 18 timar er normalt. Behovet for dagssøvn er framleis til stades, men barnet søv gradvis mindre på dagtid.
Døgnrytme og søvnsyklus
Nokre barn begynner å sove meir samanhengande om natta, men mange vaknar framleis. Ved 6 månadars alder vaknar 2 av 3 barn på natta. Ved 9 månadars alder kan omtrent halvparten av alle barn sove samanhengande frå midnatt til klokka 5.
Vaknar barnet ditt mykje på natta, har det kanskje ikkje fått den mengda mjølk det har behov for. Det kan vere fordi det blir lettare distrahert ved måltid på dagtid eller at du har begynt på jobb igjen. Då kan nattamming vere viktig for å halde oppe mjølkeproduksjonen din.
Tips til legging og innsovning
Barn i denne alderen kan få forventningar knytte til det å sovne. Er det vant til å sovne under måltida eller i armane dine, kan det assosiere dette med søvn. Ønsker du å endre dette, kan du prøve å finne andre måtar å støtte barnet på ved legging, som ein fast song.
Tilpass gradvis støtta barnet treng for å sovne. Endringar kan vere krevjande og ta tid.
I denne perioden er barnet meir aktivt og kan begynne å krabbe og reise seg. Sidan barnet ditt stadig er i meir rørsle og er nysgjerrig på omgivnadane, er det viktig å sikre heimen. Slik kan barnet trygt utforske omgivnadane i sitt eige tempo.
Enkle tiltak kan ha god og førebyggande effekt:
- Ha tilsyn med barnet under måltid for å unngå kveling, og kontroller at smokken på tåteflaska er heil.
- Forlat aldri barnet i barnestolen, sjølv om det har sele på, då han kan velte.
- Rydd bort små gjenstandar, giftige inneplantar og farlege gjenstandar som verktøy, medisinar og kjemikaliar.
- Bruk stikkontaktvernarar og komfyrvern.
- Sikre trapper med grind, ha barnesikring på vindauge, og ikkje la barnet vere åleine på balkongen eller verandaen.
- Sjekk at varmeomnar har låg overflatetemperatur.
- Bruk dekkande klede, solhatt, solbriller og solkrem med høg faktor.
- Ha tilsyn med barnet ved bading eller når barnet er i nærleiken av vatn.
Dei vanlegaste ulykkene i denne perioden er- fall frå høgder, som stellebord
- brannskadar frå varm drikke, til dømes kaffi
- små gjenstandar som set seg fast i halsen
- forgiftingar og etseskadar
- kutt- og skrubbsår
Her kan du få hjelpVed ei alvorleg ulykke, ring 113. Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00
Les meir om tryggleik for nyfødde og små barn.
Les om hjarte- og lungeredning på barn under eitt år.
Oversikt over korleis du kan førebygge forgiftning hos barn heime og i omgivnadane.
For mange betyr barnehagestart meir sjukdom. Immunforsvaret til barnet er framleis under utvikling, og det er normalt at dei får fleire infeksjonar i løpet av året. Barn mellom 6 og 12 månadar opplever feber og vanlege sjukdomar som forkjøling, mageplager, utslett og øyrebetennelse.
Får barnet ditt teikn på sjukdom eller infeksjon, er det viktig at du måler temperaturen og følger med på endringar i allmenntilstanden. Om du er usikker, ikkje nøl med å kontakte helsepersonell for råd og rettleiing.
Vanlege plager og sjukdomar for barn i denne perioden er:
- tett nase
- hoste
- feber
- vondt i magen eller diaré
Les meir om barnesjukdomar og vanlege plager hos barn.
Les om når barnet bør vere heime frå barnehagen.
Her kan du få hjelp
Ved alvorleg sjukdom skal du ringe medisinsk nødnummer på 113.
Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Legevakta er døgnopen.
Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du ta kontakt med fastlegen. Helsestasjonen kan hjelpe deg om du treng råd om søvn, mat eller andre tema knytte til spedbarnsfasen.
Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00.
8 månadars konsultasjon
Når barnet ditt er 8 månadar, får de tilbod om individuell konsultasjon eller ein gruppekonsultasjon. Om du ikkje ønsker ein gruppekonsultasjon, eller dette ikkje er eit tilbod på helsestasjonen din, kan du få ein individuell samtale
10 månadars konsultasjon
Når barnet er 10 månadar, får de tilbod om ein individuell konsultasjon, eventuelt ein gruppekonsultasjon
12 månadars konsultasjon
Når barnet er 12 månadar, får de tilbod om ein individuell konsultasjon med helsesjukepleiar og lege. Legen undersøker helsa og utviklinga til barnet.
Barnet får tilbod om to vaksinar:
- Tredje dose av vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste, poliomyelitt, Hib-infeksjon og hepatitt B.
- Tredje dose av pneumokokkvaksinen.
Vaksinane blir gitt med sprøyte i låret
Treng du hjelp eller nokon å snakke med?
Det finst ulike hjelpetelefonar og tenester for deg som treng nokon å snakke med. Her finner du ei oversikt over ulike hjelpetilbod innan temaer som rus, psykisk helse, vald og overgrep.
Blir du trua, utsette for vald, æresrelatert vald eller negativ sosial kontroll må du ta kontakt med politiet. Ring 112 ved behov for akutt hjelp.
Her finn du meir informasjon om vald og overgrep, og kven du kan kontakte for hjelp og støtte.
Døgnopen support for foreldre
Foreldresupport (mentalhelse.no) er ein døgnopen telefon- og chatteteneste for foreldre og andre omsorgspersonar som treng hjelp, rettleiing eller har behov for å lufte tankane sine med nokon.
Medisinsk hjelp
- Ring 113 ved alvorleg sjukdom eller ulykke.
- Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og du ikkje kan vente på hjelp.
- Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du kontakte fastlegen.
- Ring Giftinformasjonen tlf. 22 59 13 00 ved spørsmål om forgiftingar eller fare for forgifting.
Småbarn fra ett til to år
1-2 år
I denne alderen er det vanleg at barn ønsker å gjere ting sjølv. Dei viser tydeleg kva dei vil, eller ikkje vil. Gi støtte og føreseielegheit, samtidig som du gir barnet både rammar og rom til å prøve ut nye ting.
Leik og aktivitet
Barnet ditt er kanskje i full fart med å gå, springe, klatre og hoppe. Gjennom aktiv leik og rørsle utviklar barnet både kroppskontroll, koordinasjon og tryggleik. Varierte aktivitetar ute og inne gir både læring og meistring. La barnet utforske i sitt eige tempo og ta pausar når det treng det.
Barn på 1-2 år bør vere i rørsle minst tre timar til saman kvar dag. Her er nokre forslag til aktivitetar:
- Gå turar i nærmiljøet og i skogen.
- Utforsk ulikt terreng og underlag ved ulike årstider.
- Leik med ball, klatre, hoppe og ake.
- Bad både ute og inne.
- Utforsk snø og is
Språket til barnetI denne alderen er språket i rask utvikling. Barnet begynner å forstå enkle beskjedar og brukar fleire ord og lydar for å uttrykke seg. Sett ord på det de gjer saman, les bøker og lytt til det barnet prøver å seie. Det styrker språket og gir god kontakt.
Bruk av skjerm
Det anbefalt at barn under 2 år ikkje brukar skjerm. Viss barnet likevel brukar skjerm, bør
- skjermbruken berre skje saman med ein vaksen
- innhaldet vere tilpassa utviklingsnivået til barnet, vere pedagogisk og reklamefritt
- skjermbruken bli avslutta minst éin time før leggetid
Frå 1 år kan barnet få same mat som resten av familien.
Små barn har behov for næringsrik mat. Det vil seie at dei treng sunn mat som inneheld vitamin og mineral, framfor mat som inneheld mykje kaloriar.La barnet få smake på mange ulike matvarer, inkludert ulike grønsaker og frukt. Då lærer det å like ulike smakar og kan bli mindre krese seinare. Du bør unngå å gi sukker til barn under to år.
Grovt brød og grove kornvarer, bønner, linser, erter, magert kjøt, kylling og fisk er gode kjelder til jern som det elles kan bli for lite av i barns kosthald. Dei fleste barn treng tilskot av D-vitamin.
Vegetar- og vegankost
Variert og riktig samansett vegetar- og vegankost kan fint dekke behovet for energi. Det kan òg dekke dei fleste næringsstoffa barn frå eitt års alder treng, men det trengst enkelte kosttilskot.
Rundt eitt år søv dei fleste barn mellom 11 og 14 timar i døgnet, men alt frå 10 til 16 timar er normalt. Behovet for søvn om dagen er framleis til stades. Dei fleste går frå å sove to gongar på dagen til å sove éin gong.
Døgnrytme og søvnsyklus
Det er vanleg at barn vaknar minst éin gong i løpet av natta fram til dei er rundt tre år. Om barnet vaknar, hald rommet mørkt og unngå aktivitetar som gjer barnet meir vakent.
Opplevingar i kvardagen, som barnehagestart, sjukdom eller å få tenner, kan påverke søvnen til barnet. Då kan barnet trenge meir støtte ved legging eller oppvakning.
Tips til legging og innsovning
Ha faste kveldsrutinar som de likar. Føreseielegheit og rutinar gir barnet tryggleik og kan gjere det lettare å sovne. Rolege aktivitetar som eit bad, lese bok, fysisk kontakt i form av nærleik eller ein song kan hjelpe. Demp gjerne lyset på kvelden.
I denne perioden kan barn begynne å reise seg, gå og springe. Sidan barnet ditt er meir aktivt, er det viktig å sikre heimen og ha tilsyn med barnet. Alle heimar og nærmiljø er ulike og byr på ulike utfordringar. Derfor er det lurt å vurdere omgivnadane etter utviklinga til barnet. Slik kan barnet trygt utforske omgivnadane i sitt eige tempo.
Enkle tiltak kan ha gode og førebyggande effekt:
- Ha tilsyn med barnet under måltid for å unngå kveling.
- Rydd bort små gjenstandar, giftige inneplantar og farlege gjenstandar som verktøy, medisinar og kjemikaliar.
- Sikre trapper med grind, ha barnesikring på vindauge, og ikkje la barnet vere åleine på balkongen eller verandaen.
- Ver til stades om barnet leikar på leikeplassen, til dømes i klatrestativ.
- Ved sol, bruk dekkande klede, solhatt, solbriller og solkrem med høg faktor.
- Ver merksam på giftige plantar og sopp når de er ute.
- Ha tilsyn om barnet er saman med dyr.
- Ha tilsyn med barnet ved bading eller når barnet er i nærleiken av vatn.
Vanlege ulykker 1–2 år:- fall frå høgder, til dømes trapper
- brannskadar, til dømes frå varm kaffi
- forgiftingar og etseskadar
- små gjenstandar som set seg fast i halsen
- kutt- og skrubbsår
Her kan du få hjelpVed ei alvorleg ulykke, ring 113. Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00.
Les mer om tryggleik for nyfødde og små barn.
Barn i denne alderen er aktive og ofte i kontakt med andre barn, til dømes i barnehagen. Derfor er det òg vanleg at dei oftare blir sjuke, med til dømes forkjøling eller feber. Får barnet ditt teikn på sjukdom eller infeksjon, er det viktig at du måler temperaturen og følger med på endringar i allmenntilstanden. Om du er usikker, ikkje nøl med å kontakte helsepersonell for råd og rettleiing.
Vanlege plager og sjukdomar for barn i denne perioden er
- forkjøling
- feber
- øyrebetennelse
- diaré hos barn
- barnemark
Les meir om barnesjukdomaar og vanlege plager hos barn.
Her kan du lese om når barnet bør vere heime frå barnehagen.
Her kan du få hjelp
Ved alvorleg sjukdom skal du ringe medisinsk nødnummer på 113.
Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. Legevakta er døgnopen.
Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du ta kontakt med fastlegen. Helsestasjonen kan hjelpe deg om du treng råd om søvn, mat eller andre tema knytte til småbarnsfasen.
Ved spørsmål om forgiftingar eller forgiftingsfare, ring Giftinformasjonen på tlf. 22 59 13 00.
15 månadar
Når barnet er 15 månadar, får de tilbod om ein individuell konsultasjon med helsesjukepleiar.
Barnet får tilbod om første dose av vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar, også kjent under namnet MMR-vaksinen.
Vaksinen blir gitt med sprøyte.
17-18 månadars kontroll
Når barnet er 17-18 månadar, får de tilbod om ein gruppekonsultasjon eller ein individuell konsultasjon med helsesjukepleiar.
2-årskontroll
Når barnet er 2 år, får de tilbod om ein individuell konsultasjon med helsesjukepleiar og lege. Legen undersøker helsa og utviklinga til barnet.
Treng du hjelp eller nokon å snakke med?
Det finst ulike hjelpetelefonar og tenester for deg som treng nokon å snakke med. Her finner du ei oversikt over ulike hjelpetilbod innan temaer som rus, psykisk helse, vald og overgrep.
Blir du trua, utsette for vald, æresrelatert vald eller negativ sosial kontroll må du ta kontakt med politiet. Ring 112 ved behov for akutt hjelp.
Her finn du meir informasjon om vald og overgrep, og kven du kan kontakte for hjelp og støtte.
Døgnopen support for foreldre
Foreldresupport (mentalhelse.no) er ein døgnopen telefon- og chatteteneste for foreldre og andre omsorgspersonar som treng hjelp, rettleiing eller har behov for å lufte tankane sine med nokon.
Medisinsk hjelp
- Ring 113 ved alvorleg sjukdom eller ulykke.
- Kontakt legevakta på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg og du ikkje kan vente på hjelp.
- Om du treng hjelp på dagtid og det ikkje hastar, kan du kontakte fastlegen.
- Ring Giftinformasjonen tlf. 22 59 13 00 ved spørsmål om forgiftingar eller fare for forgifting.
Støtte i ulike livssituasjonar
Hos NAV finn du informasjon om pengestøtte og andre ordningar når du ventar barn, er åleine med barn, har mista nokon, tar vare på sjuke eller har ansvar for andres barn. Her finn du oversikt over dei ulike støtteordningane frå Nav og korleis du søker.
Følg utviklinga til barnet
Barn utviklar seg i ulikt tempo. Her får du ei oversikt over vanlege milepælar dei første fem åra, og råd om korleis du kan støtte utviklinga på ein trygg og god måte.
Få trygge råd på Foreldrekvardag
På Foreldrekvardag får du trygge råd om samspelet med barnet ditt.
Hjelp hos familievernet
Familievernkontora tilbyr rådgiving, rettleiing, kurs og samtalegrupper. Du treng inga tilvising. Du kan ta kontakt for ein uforpliktande samtale eller bestille time.