Råd når barnet blør naseblod 

Dei fleste naseblødingar kan behandlast heime med enkel førstehjelp. 

  • Hald deg roleg og ro ned barnet. 
  • La barnet lene seg litt framover. Ikkje legg barnet ned eller la det lenet hovudet bakover, fordi blod kan renne ned i halsen. Det kan lett gje kvalme. 
  • La barnet snyte seg først. 
  • Klem saman den ytste mjuke delen av nasen i 15 minutt. 
  • Kjøl ned med ein kald klut over naseryggen. 
  • Sjekk om blødinga har stoppa. 
  • Om ikkje naseblødinga har stoppa bør du halde fram med å klemme i 15 minutt til. 
  • Ikkje putt noko i nasen til barnet.
  • Kontakt lege viss naseblødinga ikkje stoppar. 

Når bør du oppsøke helsehjelp?

Naseblod hos barn er vanlegvis lett å stoppe. Kontakt lege dersom:  

  • barnet har sterke smerter i nasen 
  • barnet blør mykje etter ein skade/ulykke  
  • du mistenker at nasen kan være brekt 

Du kan òg oppsøke lege viss barnet er plaga med gjentatte naseblødingar. Legen kan undersøke om det er ei spesiell årsak til naseblødinga, og vurdere kva slags behandling barnet eventuelt treng. 

Årsaker til naseblod hos barn 

Dei fremre blodårane i nasen er tynne og skjøre, og kan lett begynne å blø. Naseblod hos barn er vanleg og kjem oftast av ufarlege årsaker.  

Årsaker til naseblod hos barn kan vere: 

  • tørre eller irriterte slimhinner 
  • plukking/pirking i nasen  
  • slag eller fall  
  • framandlekam (fremmedlegeme) i nasen 
  • infeksjon i nasen 
  • bruk av kortisonspray mot allergi  

Dei fleste naseblødingar skjer av seg sjølv, utan ein tydeleg årsak.

Slik kan du førebygge naseblod hos barn 

Nasebløding kan vere ubehageleg, særleg om det skjer ofte.  

Enkelte barn pillar seg i nasen fordi dei har eit sår på naseskiljeveggen. Dette såret bør ein behandle med sårsalve berekna til bruk i nasen. 

Barn som nettopp har blødd naseblod, bør ikkje snyte seg kraftig. 

Akutt medisinsk hjelp

113

Dersom du trur at tilstanden er farleg eller lett kan bli det, skal du straks ringje medisinsk nødtelefon 113.

Legevakt

116 117

Ring legevakta når det hastar å få hjelp, eller dersom fastlegen ikkje er tilgjengeleg.

Døgnope

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Naseblod hos barn. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 7. oktober 2026 [henta laurdag 17. oktober 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/barn/neseblod/

Sist oppdatert 7. oktober 2026

Fann du det du lette etter?