Puss i auget hos barn

Auga til barnet er vanlegvis klare og blanke, men litt sekret (slim) og tåreflod i auga er normalt. Det kan vere mange ulike årsaker til at små barn får puss i auget.

Auget held seg reint når vi blunkar. Det får tårevæska til å flytte seg frå den ytre til den indre augekroken. Ved irritasjon eller infeksjon vil dei kvite blodlekamane i kroppen samle seg på éin stad i auget. Sekret med kvite blodlekamar, eventuelt også bakteriar eller virus, kallar vi puss. Pusset kan ha gulgrøn farge og klistre igjen auga. Det er berre ved bakteriell infeksjon at antibiotika hjelper.

Årsaker og tiltak

Litt pussaktig sekret (slim) i auga er vanleg, særleg hos spedbarn. Ein kan fjerne puss med ein rein klut fukta med vatn. Tørk frå ytre til indre augekrok for å hindre spreiing av pusset. Å dryppe med sterilt, fysiologisk saltvatn i auga verkar reinsande og gjer det lettare å fjerne storkna puss.

Det kan vere mange ulike årsaker til at barn får puss i auget.

​Forkjøling

Det er vanleg å ha litt puss i auga ved forkjøling. Dette kjem vanlegvis av virus og skal derfor ikkje behandlast med antibiotika. Pusset kan fjernast som beskrive over.

Augekatarr

Augekatarr er ein infeksjon som er forårsaka av bakteriar eller virus. Ved augekatarr vil det vere puss i eitt eller begge auge, og det kvite i auga blir raudare og blankare enn vanleg. Augelokka kan hovne opp. Plagene oppstår vanlegvis på det eine auget og spreier seg så til det andre.

Augekatarr er svært smittsamt og blir overført direkte via berøring eller indirekte via for eksempel handklede. Det er derfor viktig å vere ekstra nøye med å vaske hendene, og den som har augekatarr, bør ha sitt eige handklede.

Dei fleste tilfella av augekatarr går over av seg sjølve utan behandling, og lette tilfelle kan du gjerne sjå an nokre dagar utan spesifikk behandling. Pusset kan fjernast som beskrive over.

Dersom det kvite i auget blir raudt og barnet samtidig verkar plaga, skal ein kontakte lege. Dersom legen finn grunn til det, blir det sett i gang behandling med bakteriedrepande augedropar eller augesalve. Då skal ein behandle begge auga.

Dersom ein set i gang behandling, kan barn med augekatarr gå i barnehage dagen etter ein har starta opp med behandling. Barn som har mild augekatarr som ikkje krev behandling, kan gå i barnehagen som vanleg.

Trong eller tett tårekanal

Ved trong eller tett tårekanal greier ikkje auget å reinse seg like effektivt som normalt. Medfødd tett tårekanal førekjem hos 1 av 20 spedbarn og finst vanlegvis berre på eitt av auga til barnet. Til forskjell frå vanleg, smittsam augekatarr, blir det kvite på auget ikkje raudt ved medfødd tett tårekanal.

Ved trong tårekanal kan ein prøve å massere området nedanfor indre augekrok forsiktig med ein finger, og sjå om det hjelper. Tårekanalen opnar seg vanlegvis i løpet av det første leveåret. Ved hyppige, einsidige augekatarrtilstandar hos små barn bør ein kontakte lege.

Framandlekamar/skade på hornhinna

Framandlekamar eller risp på hornhinna med ein fingernagl, kvist eller liknande kan føre til puss i auget. I tillegg blir auget ofte raudt og smertefullt. Ein bør kontakte lege for å få fjerna framandlekamar i auget.

Irritasjon eller allergi

Irriterande stoff som såpe og sjampo i auga kan gi intens svie. Dette går fort over ved å skylje auga med vatn.

Allergiske reaksjonar frå auga på pollen eller dyrehår opptrer gjerne først når barnet er blitt nokre år. Ved slike reaksjonar opptrer vanlegvis symptom som kløe på begge auga.

Når bør eg kontakte lege?

​Kontakt lege:

  • ved augekatarr i barnet sine første leveveker
  • dersom det kvite på auget blir raudt og barnet samtidig verkar plaga
  • når det er puss i auget i fleire dagar utan teikn til betring
  • ved mistanke om skade på auget

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/Foreldrebrosjyrer, Farmasøytisk institutt, UiO

Helsebiblioteket/Foreldrebrosjyrer, Farmasøytisk institutt, UiO. Puss i auget hos barn. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 25. januar 2022 [henta torsdag 30. mai 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/barn/puss-i-oyet-hos-barn/

Sist oppdatert tysdag 25. januar 2022